Tag

Fagernes videregående skole

Oddleiv Juvkam, Bagnskleivé, fødd 1966

Etter gymnaset jobba eg eitt år, og avtente deretter fyrstegongstenesta. Sidan vart det eitt år på jordbruksskule i Austfold og eitt år på bibelskule i Grimstad, der eg møtte ho som skulle bli kona mi. Saman flytte vi til Gjøvik og tok utdanning; ho som sjukepleiar, og eg som byggingeniør. Då eg var ferdig med utdanninga, var det håplaust å få jobb som ingeniør, og det vart til at eg tok meg jobb som avløysar eitt år. Men så skulle far min operere kneet sitt, og vi pakka sakene våre og flytte til Bagn, der vi tok over garden. No vart eg bonde på heiltid, og det held eg fram med i nesten 20 år. Det var fyrst då eg vart med på ei samdrift i 2012 at eg kunne ta meg arbeid utanom, sidan eg no berre hadde att ungdyr, og dermed eit betrakteleg lettare stell på garden. Og endeleg skulle eg få skikkeleg bruk for utdanninga mi, då eg for seks år sidan byrja i jobben som bygningsingeniør i planavdelinga i Sør-Aurdal kommune. Her har eg ansvar for nybygg og større vedlikehaldsprosjekt i kommunen, der det i det siste er Sør-Aurdalshallen og rehabilibteringa av Bagn kyrkje som har oppteke det meste av tida mi.Ved sida av denne jobben, har eg også ei lita stilling som klokkar i kyrkja. Den tida eg var bonde på heiltid, var eg aktiv medlem av bondelaget i Sør-Aurdal. Då vart eg valt inn som representant i fylkesstyret, der eg var i fire år. Dessutan var eg med i meierisamvirket ei tid, og eg sat også ein periode i kommunestyret for Sp. No driv eg med friviljugt barne- og ungdomsarbeid på bedehuset, for eg brenn for at borna i Bagn skal få ein fin oppvekst. Elles er eg glad i å reise og gå på tur, sumar som vinter. Men når eg kan setje meg ned med ein kaffikopp og har tid til å lese ei bok, ja då er livet som best! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Stian Rosendal, Moaskogen, Fagernes, fødd 1974

Når eg ser tilbake på barndomen, er det turane med familien som sit att som dei finaste minna. Mora mi er frå Sogn, og om sumrane reiste vi dit for å hjelpe til på garden. Vi ferierte også på Sørlandet og i Danmark, og var ofte på stølen vår, Gomostølen, der det vart mange fine ski- og fjellturar. Etter tre år på idrettslina avtente eg fyrstegongsteneste, og hadde vikarjobb i fengselet i Slidre. Men så kom sambuaren min inn på hotellhøgskulen i Stavanger, og eg fekk vikarjobb i Stavanger kretsfengsel, så vi flytte. Vi budde i Stavanger i to og eit halvt år, før ferda gjekk vidare til Oslo. Eg fullførte fengselsskulen, og etter at vi hadde vorte foreldre til ein gut i 2000 og ei jente i 2003, flytte vi til Fagernes. Vel heime fekk eg fast jobb på Slidreøya, fyrst som betjent, og dei siste åra som leiar. Eg hugsar særleg godt dei unge gutane som var inne til soning, der alt hadde svikta rundt dei i oppveksten. Så kjem dei til ein liten plass der dei plutseleg blir sett og høyrt, og får tillit til oss som jobbar der. Det hadde stor tyding for dei, men også for meg, for det er særs gjevande å kunne hjelpe, og utgjere ein skilnad i eit menneske sitt liv. Men då eg hadde passert 40 tenkte eg at om eg skal gjere noko anna, må eg gjere det no. Så eg byrja i Gjensidige Valdres, og trivst veldig godt med det. For også her jobbar eg med folk som eg kan hjelpe, om enn på ein annan måte. Elles er det familien som tek opp det meste av tida, og som er viktigast for meg. Borna sparkar fotball og går på ski, og eg har følgt opp som best eg kan. Og kvar måndag er det middag heime hjå ho mor, der heile familien møtest. Då er det den gode samtalen som gjeld, der vi kan diskutere alt frå det heilt nære, til det som skjer ute i verda. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Gudbrand Silvet Heiene, Slidre, fødd 1968

Eg vaks opp i Hedalen, og måtte flytte på hybel for å gå skule. Og sidan eg var ein ivrig skihoppar, søkte eg meg til skular med hoppbakke i nærleiken. Fyrste stopp var folkehøgskulen i Hurdal, så eit år på maskin og mek. på Raufoss, før eg gjekk tre år på idrettslina på Fagernes. Men eg var også interessert i musikk og song, og medan eg gjekk på idrettslina var eg med og fekk liv att i Arken Ten Sing. Dette gav meirsmak, så eg søkte meg inn på musikklina på bibelskulen i Oslo, og dirigerte også eit par kor medan eg budde i byen. Etter Oslo vart det ein del flytting og fleire studiar innan song, samt arbeid som dirigent både her heime og på Vestlandet, før eg kom attende til Valdres for godt. No er eg busett i Slidre, og har ei halv stilling som rektor på kulturskulen, og ei halv stilling som leiar for kultursektoren i kommunen. Eg syslar også med eit spennande prosjekt for å finne ut korleis vi kan få meir kompetanse på moderne teknologi i Valdres. Kort tid etter at eg kom heim til Valdres starta eg opp koret Kurve, som er eit av hjarteborna mine. Vi skal ha to konsertar no i september, ein på Svalbard og ein i Hedalen. Elles er eg glad i friluftsliv, og eg har tidlegare drive med klatring. Av turane eg hugsar best, var klatreturen opp sydpilaren på Stetind, og då eg hoppa frå det eine til det andre «hornet» på Svolværgeita. Eg har også vore oppteken av den globale situasjonen sidan byrjinga på 1990-talet, og er engsteleg for utviklinga. Eg håpar verkeleg ikkje at det går så langt at vi må slåst for maten. No som ungane våre har byrja på skulen, har eg eit håp om at det skal bli meir tid til sosialt samvære og friluftsliv framover. Og skal eg vere ærleg, drøymer eg om å kome i så god form, at eg kan ta til å hoppe litt på ski att! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2024 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑