Eg har mange interesser, og engasjerer meg i mangt og mykje. Sidan eg ikkje kvir meg for å opne kjeften og seie frå, blir eg ofte valt inn i styre og stell. Til dømes har eg vore involvert i drillgruppa, allidretten, og alpingruppa, og dei siste åra har eg vore oppmann for fotballaget der dottera mi er med. Dei seks åra ungane køyrte snøcross var eg sterkt involvert i det, og då kinoen på Åsvang vart avvikla, fekk eg og ei venninne midlar frå kulturkontoret til oppgradering av utstyret, så bygdekinoen vart redda. Dessutan er eg leiar for bygdelista i Vang, samt styremedlem og sekretær i «Stabburshella». Noko av det eg har engasjert meg sterkast i, var «Dorna-saka». Dorna var fødd og oppvaksen i Vang, men då ho var 11 år gamal, fekk ho beskjed om at familien ikkje fekk opphald. Sidan foreldra hennar kom frå to ulike nasjonar, og ingen av dei fekk lov til å reise til ektefellen sitt land, ville familien bli splitta. Det var ein tidkrevjande prosess, der heile bygda engasjerte seg, og borna skreiv brev til så vel kongen som statsministeren. Heldigvis vann vi fram, og familien fekk opphald. Av andre interesser, kjem jakt høgt på lista. Det er storvilt eg jaktar på, elg og hjort, og eg har mange fine opplevingar å sjå tilbake på. Til dømes når eg går ut tidleg ein morgon, og tåkedisen ligg som eit florlett teppe, og skapar ei trolsk stemning. På veg gjennom skogen høyrer eg fuglane vakne til liv, og ser kanskje eit ekorn på lette føter på veg opp eit tre. Så bryt sola gjennom, disen forsvinn, og den trolske stemninga er med eitt over. Slike naturopplevingar, samt spenninga under sjølve jakta, der eg sit årvaken og ventar på at bikkja får los, ja, det gjev rett og slett sjelefred. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Syria var eit fantastisk land før krigen braut ut i 2011. Her utdanna eg meg innan økonomi ved universitet, og takk vere gode karakterar, fekk eg jobb med ein gong. Men etter tre år i jobben måtte eg slutte grunna krigen. Tilhøva for oss kurdarar var særs vanskelege, mellom anna vart to av brørne mine drepne i løpet av eitt år. Etter å ha flykta frå to ulike stader i Syria, enda vi opp i Istanbul. Det kom mange flyktningar hit, og det var mykje uro. Vi var her i 10 månader, men det kjendest som 10 år. Deretter vart eg og syskena mine busette i Norge og Sverige via FN. Det var ikkje lett å reise frå vener og familie, og kome til ein stad der alt var framand, der eg måtte venje meg til ein ny kultur, og lære eit heilt nytt språk. Men det gjekk seg til, for etnedølane er snille og hjelpsame, og det kjendest som eg var del av ein stor familie. Eg trivst veldig godt, og saknar ikkje Syria, for der vart eg fråteken framtida mi, tryggleiken min, og familien min. Norge er landet mitt no. Dei siste tre månadane har eg hatt språkpraksis i Etnedal kommune, og eg skal vere her tre månader til. Det er mykje lettare å lære språket når ein høyrer korleis det blir brukt, dessutan rettar kollegaene mine på meg viss eg seier noko feil. Elles ser eg norsk tv og høyrer på norsk radio, og eg har ein del norske vener, noko som hjelper meg å lære språket raskare. Eg håpar sjølvsagt eg får meg jobb når praksisperioden er omme, helst i kommunen, sidan eg har vorte teken så godt imot her. Men enn så lenge har eg full fokus på språkpraksisen, der eg vil gjere mitt beste for så vel kommunen som arbeidsmiljøet. For eg ynskjer å gje noko tilbake til staden, og landet, som gav meg tryggleiken tilbake. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2023 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑