Tag

Gamaldans

Anne Heidi Kvam Hillestad, Hensgardane, Hensåsen, Vang, fødd 2000

Eg har vore ein del av folkemusikkmiljøet i Valdres sidan eg var ei småjente. Det heile tok til då eg var seks år, og byrja å danse jazzballett og gamaldans. På ungdomsskulen dansa eg showdans, eg var med på Folkemusikk Ung sine øvingar, og så byrja eg å danse halling. No er eg med og dansar springar på museet annankvar veke, eg har eit vikariat som lærar i showdans på kulturskulen i Vang, i tillegg til at eg dansar mykje heime. Elles byrja eg å spele munnharpe i 2013, og var med på Landskappleiken både i fjor og i år. Utanom Landskappleiken er eg med på kulturkonsertar, og i år fekk eg ein førespurnad om å vere med på sumarsymfonien. Eg øver på munnharpa når høvet byr seg, noko som vil seie om lag ein time kvar dag. Eg går studiespesialisering på Valdres vidaregåande skule, og planen er å gå Musikkteaterhøyskolen etterpå. Det er fordi eg elskar å stå på scenen og formidle ei historie, og kjenne på den sitrande nerven ein får i møte med publikum. No til våren skal eg vere med på ei framsyning under Ung i Valdres, der eg har fått ei rolle i musikalen Ungkarsfesten, og det gler eg meg til! Då Sol av isfolket hadde framsyning på museet i 2010 og 2011, var eg så heldig å få spele «Sol» som lita, noko som var ei utruleg sterk og intensiv oppleving. Det var med profesjonelle skodespelarar, mellom andre Heidi Ruud Ellingsen, som spelte «Sol» som vaksen. Vi fekk god kontakt, og har framleis litt kontakt i dag, og ho vart – og er enno, det store førebiletet mitt som skodespelar. Det var under Sol av isfolket det heile losna, og det var då eg fann ut at det var skodespelar eg skulle bli. Den store draumen er difor å bli ein så attraktiv skodespelar, at eg kan ha det som leveveg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Arna Bjørneskaret, Briskebyen, Bagn, fødd 1948

Dei siste åra har eg vore aktivitetsleiar på dagsenteret for eldre i Hedalen og Bagn, noko eg synest er veldig kjekt. Dessutan er eg leiar for seniordansen på Bagn, og eg er med på seniordansen ved Vikatunet på Fagernes. Høgdepunktet for oss seniordansarar er nok landsstemnet, som blir arrangert annakvart år i Håkonshallen på Lillehammer. Då er vi til saman 12.000 deltakarar, og i tillegg til dansen har vi hyggeleg samvære på kvelden, med god mat og drikke. Eg likar å halde meg aktiv, og har mange hobbyar. Ved sida av at eg strikkar til alle tantebarna mine, driv eg med mellom anna never- og tægerarbeid, hatteforming, baking og gamaldans. Eg gjekk òg ein del i fjellet tidlegare, men etter at eg fekk problem med ryggen og hoftene, har det vorte mykje mindre av det. Når det gjeld tægerarbeidet, er det ein tidkrevjande prosess. Det er likevel verd det, for korgene blir fine. Tæger er dei tynne greinene som ein finn på røtene til eit bjørketre, og for å få tak i dei, må ein grave dei opp av bakken. Det er om å gjere at tægene er så lange som råd, så ein må vere varsam når ein grev dei opp, så ein ikkje slit dei av. Når ein har fått tægene opp av jorda, blir dei fyrst reinska for jord og bork, og deretter lagt til tørk. Så blir dei bløytt opp, før ein endeleg kan ta til med sjølve bindinga. Så det går mange timar på å lage sjølv ei lita korg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)  

© 2024 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑