Eg har fem års utdanning frå det som då heitte Norges landbrukshøgskole på Ås i Akershus, og har tidlegare jobba som mellom anna biolog, naturoppsyn og miljøvernleiar på Svalbard, i Pakistan og i Romsdalen. Men då den eldste sonen vår snart skulle byrje på skulen, ynskte vi å finne oss eit gardsbruk, og drive for oss sjølve. Systera til mannen min, som bur i nærleiken, tipsa oss om eit ledig bruk, og slik enda vi opp i Valdres. Då vi kom hit, skaffa vi oss hest og høner, og vi tok til med å fôre opp bukkekje. Vi ysta til eige bruk i eit sæl på stølen, og syntest osten vår vart god. Derfor kjøpte vi ei brakke som vi gjorde om til eit mobilt ysteri, der vi laga ost også for sal. No har vi 32 mjølkegeiter og tre mohairgeiter, og produserer om lag 700 kg ost frå juni til oktober. Vi har delteke under NM i gardsost, i konkurranse med 150 andre produkt frå heile landet. Her har vi fått sylv for den kvite geitosten, tytebærkremosten og fetaosten vår, som vi kallar Getaost. Det er viktig å få tilbakemeldingar på det vi lagar, og vi prøver stadig å bli betre. Målet er å lage like gode ostar som dei som blir importerte, og det trur eg vi kan klare. Kvart år melder det seg friviljuge frå heile verda som er med i drifta av garden, og i år har vi folk frå Irland, Frankrike, Spania – og Norge. Dessutan har vi open støl på Olestølen om sumaren, der dei besøkjande får ein smak av stølsliv, og eit liv i skjeringspunktet mellom natur, kultur og tradisjonar. Her kan vi gje born og unge gode opplevingar i, og med naturen, og formidle at naturen kan brukast, utan å forbrukast. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Foreldra mine kjem frå Bærum og Horten, og dei er båe utdanna agronomar. Far min har slekt i Røn, og såg difor etter eit bruk i Valdres. Så då garden her vart lagt ut for sal i 1979, gjekk ynsket deira om å bli gardbrukarar i oppfylling. Her fekk eg ein god oppvekst med mange fine opplevingar, der alt var føreseieleg, rutineprega og i trygge rammer. Nett som foreldra mine, er eg òg utdanna agronom, og eg og mannen min tok over garden i 2012. Vi driv med geiter, og har levert elitemjølk dei fem åra vi har drive garden. Det er eg stolt av. Men eg har ikkje berre jobba innan landbruket. Ein periode arbeidde eg med rusavhengige, der vi budde saman med dei i kollektiv. Denne erfaringa gav meg ei forståing av kor heldig eg er, men òg korleis livet kan snu på ein femøring, dersom ein er uheldig. Sidan vi ikkje har nok beite til dyra heime, er det naudsynt å sende dei på stølen. Geitene gjev dessutan betre mjølk når dei får vere på fjellbeite. Vi har støl på Hødnstølen oppunder Bitihorn. Eg synest det beste med å drive gard, er når vi er med geitene på stølen om sumaren. Det er eit fritt liv, for sjølv om ein er bunden av fjøsstell morgon og kveld, har ein heile dagen for seg sjølv. Geitene er ute natt som dag, og dei får gå fritt utan stengsler av noko slag. Og når dyra har det bra, har også eg det bra, og med godt samvit. Så livet til fjells er eit godt liv, både for folk og dyr! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2023 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑