Tag

Hardingfele

Bård Riise Hoel, Rogne, fødd 1979

Eg vaks opp på gard i Oppdal, men etter ungdomsskulen tok eg fagbrev innan serviceelektronikk, og busette meg i Trondheim nokre år. Fyrst jobba eg som serviceelektrikar, men eg vart lei, så eg tok på meg eit par mellombelse jobbar som servitør og bartender. Etter å ha tenkt meg litt om, fann eg ut at eg hadde lyst til å lære å spele fele og byggje instrument. Eg kjem frå ein familie med rike handverkstradisjonar, mellom anna treskjering, dessutan er musikk viktig for meg, så det var ikkje eit heilt vilkårleg val eg gjorde. Etter eitt år på Musikkinstrumentakademiet i Sarpsborg, studerte eg folkemusikk i Rauland i to år. Så bygde eg hardingfeler som lærling på Ole Bull Akademiet i tre år, og vart felemakar. Og då eg vart henta til Valdres Folkemuseum for fem år sidan, dreiv eg min eigen verkstad på Sørlandet. Når eg lagar ei hardingfele skjer mykje på augemål, særleg på kvelvingar, utskjeringar og dekor. For å få den rette tjukkleiken og kvelvinga på loket og botnen, brukar eg mest hoggjarn og siklingar. Strengene blir laga av sauetarm og sylvtråd, av Knut Opheimsbakken her ved museet. Vi er berre ein handfull hardingfelemakarar her til lands, så vi er heldige som er to her. På fritida likar eg å spele fleire ulike instrument, og så er eg med i Valdres Kammerkor. Og medan eg budde i Trondheim spelte eg bass i eit hardrockband, så musikksmaken min er mangfaldig! Eg er også glad i å gå på konsertar, og har hatt mange store konsertopplevingar. Mindre hyggeleg var det då Pearl Jam spelte på Roskilde i 2000, der ni publikummarar vart klemt i hel. Men aller mest kosar meg saman med familien. Det vere seg om eg byggjer lego med borna, eller vi har heimelaga pizza med god raudvin til, og ser ein god film på TV. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Sindre Tronrud, Fagernes, fødd 2000

Far min spelte trekkspel i AskerLadden, og Asle Tronrud spelar fele i Staut. Dei er tremenningar, og når dei møttest på hytta, spelte dei saman. Då stilte eg meg opp saman med dei, og lata som eg var med og spelte. Desse stundene på hytta inspirerte meg til å byrje og spele sjølv, så då eg var fem år gamal tok eg til å øve på fiolin. Eit par år seinare gjekk eg over til hardingfele, som eg har spelt sidan. Eg har vore med på fire landskappleikar der eg konkurrerer i hardingfele klasse C, som er for dei mellom 12-18 år. I fjor vart eg nummer to, eitt poeng bak vinnaren. Klasse A og B er for dei over 18 år, der klasse B er «2. divisjon». Draumen er sjølvsagt at eg kan spele meg opp i klasse A, og vinne den. Elles tok eg imot Drømmestipendet i år, som blir delt ut til 100 unge norske talent kvart år. Vi fekk 10.000 kroner kvar, og det var stor stas å få denne anerkjenninga. Jan Beitohaugen Granli er læraren min, og dessutan eit av førebileta mine. Han har mellom anna vunne hardingfele klasse A under landskappleiken. Eit av råda han har gjett meg, er å spele så mykje til dans som råd, for det er den beste treninga ein kan få. Så når høvet byr seg spelar eg opp til dans, anten åleine eller saman med andre. For tida går eg andre året på vidaregåande skule, der eg tek studiespesialisering. Etter vidaregåande vil eg søkje på folkehøgskulen på Rauland, som er ei landskjend skule med eit stort folkemusikkmiljø. Det er ikkje lett å leve av musikken, for det er mange om beinet. Så kor vegen går etter folkehøgskulen, er ikkje godt å seie. Sjå video av Sindre Tronrud her  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)  

© 2023 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑