Dei fyrste ni åra av livet budde eg i Brumunddal, før vi flytte til Leirskogen. Då eg var 19 år fekk eg fyrste sonen min, og flytte frå barndomsheimen. Vi var i Oslo nokre år, før ferda gjekk heim til Bagn. Etter kvart fekk eg tre ungar til, og eg er heldig som har barn, svigerbarn og barnebarn rundt meg. Eg har òg ein gut i fosterheim, så hjå meg er det mykje familieliv! Eg har arbeidd i skulen og i psykisk helseteneste, dessutan med flyktningar og framandspråklege, der eg jobba både med norskopplæring og i mottak. Elles er eg støttekontakt ein gong i veka, og eg er med på ein internasjonal kvinnekafé ein til to gonger kvar månad. Vi har fått ein del flyktningar til Bagn, og eg synest det er viktig å hjelpe dei med å bli integrerte. På kvinnekafeen får dei høve til å fortelje om seg og sitt, og vi fortel om korleis det er her, og kva som blir forventa av dei. Slik blir vi kjende med, får respekt for, og lærer av kvarandre. Dessverre er det mange som gløymer at det ikkje er lenge sidan vi òg var på flukt frå fattigdom og krig, og avhengige av andre si hjelp. Heile livet har eg vore oppteken av dei som er svakare stilt, og det er viktig for meg at eg kan vere ein ressurs i liva til dei som har bruk for meg. Drivkrafta og fokuset er naturlegvis å hjelpe, men det er også særs gjevande for meg personleg å få ta del i, og utgjere ein skilnad i eit menneske sitt liv. Eg synest at kvart enkelt menneske må få lov til å skine, og vere som det er, for vi er alle unike og verdifulle, sjølv om ikkje alle kan bli best. Vi er gode nok som vi er, og treng ikkje jakte på det perfekte, men heller prøve å finne gleda i kvardagen. Og akkurat no ser eg fram mot hagearbeid og verandaliv, og synest det må vere lykka på jord! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Syria var eit fantastisk land før krigen braut ut i 2011. Her utdanna eg meg innan økonomi ved universitet, og takk vere gode karakterar, fekk eg jobb med ein gong. Men etter tre år i jobben måtte eg slutte grunna krigen. Tilhøva for oss kurdarar var særs vanskelege, mellom anna vart to av brørne mine drepne i løpet av eitt år. Etter å ha flykta frå to ulike stader i Syria, enda vi opp i Istanbul. Det kom mange flyktningar hit, og det var mykje uro. Vi var her i 10 månader, men det kjendest som 10 år. Deretter vart eg og syskena mine busette i Norge og Sverige via FN. Det var ikkje lett å reise frå vener og familie, og kome til ein stad der alt var framand, der eg måtte venje meg til ein ny kultur, og lære eit heilt nytt språk. Men det gjekk seg til, for etnedølane er snille og hjelpsame, og det kjendest som eg var del av ein stor familie. Eg trivst veldig godt, og saknar ikkje Syria, for der vart eg fråteken framtida mi, tryggleiken min, og familien min. Norge er landet mitt no. Dei siste tre månadane har eg hatt språkpraksis i Etnedal kommune, og eg skal vere her tre månader til. Det er mykje lettare å lære språket når ein høyrer korleis det blir brukt, dessutan rettar kollegaene mine på meg viss eg seier noko feil. Elles ser eg norsk tv og høyrer på norsk radio, og eg har ein del norske vener, noko som hjelper meg å lære språket raskare. Eg håpar sjølvsagt eg får meg jobb når praksisperioden er omme, helst i kommunen, sidan eg har vorte teken så godt imot her. Men enn så lenge har eg full fokus på språkpraksisen, der eg vil gjere mitt beste for så vel kommunen som arbeidsmiljøet. For eg ynskjer å gje noko tilbake til staden, og landet, som gav meg tryggleiken tilbake. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2023 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑