Tag

Johmsborg

Nils K. Dokken, Johmsgrendé, Lomen, fødd 1942

Av yrke var eg gardbrukar med mjølkekyr. Dessutan hadde eg pelsdyr for å spe på inntekta. Sonen min tok over garden etter meg, og dreiv med kyr nokre år, men etter at han byrja som smed, og dessutan med lafting og noko saging attåt, vart det ikkje lenger råd for han å halde fram med gardsdrifta. På 1990-talet gjekk eg på eit kurs i husflidslaget, der vi lærte å reparere gamle bruksgjenstandar i tre. Det var Torgeir Holden, som var sløydlærar på ungdomsskulen i Slidre i mange år, som stod for undervisninga. Det var særleg mykje reparasjon av trebidner, der julinga, eller banda, hadde dotte av, eller var øydelagde. Holden dreiv med slik vøling både før og etter at han vart pensjonist, men måtte gje seg då helsa hans vart dårlegare. Han hadde mykje ståande som han ikkje fekk reparert, så han spurde om eg kunne ta over. Og slik vart det. Sidan har eg reparert mange slag bruksgjenstandar for bygdefolket. Dessutan driv eg med ein del anna trearbeid, som lagging, sveiping, dreiing og neverarbeid. Eg og Reidar Haugen, som også driv med trearbeid, reiser rundt med produkta våre på ulike messer i Valdres. Vi har det veldig kjekt i lag, og sidan vi er to, går det an å gå ifrå ein gong i blant, noko som kjem godt med etter nokre kaffikoppar. Elles er eg med på dei årlege amatørskodespela på Johmsborg, som har vorte arrangert dei siste sju-åtte åra. Eg synest det er moro å få til noko saman, og det er viktig at det skjer noko i bygda, for det skapar både trivsel og samhald i grenda. Og det er takk vere eit par eldsjeler som har vore dyktige på regi, samt til å rettleie oss, at det er mogleg å få til desse framsyningane, for utan dei hadde det ikkje vorte noko. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Oddrun Vidvei, Johmsgrendé, Lomen, fødd 1962

Med ein gong eg var ferdig på ungdomsskulen, reiste eg til Los Angeles som utvekslingsstudent. Sidan dette er verdas filmhovudstad er det mange kjendisar i området, og ein gong fekk eg handhelse på Paul Newman. Dessutan var to av jentene på skulen nieser av Charles Bronson. Det var eit spennande og lærerikt år, og eg har framleis kontakt med fleire av dei eg gjekk i lag med på skulen. Eg vart ferdig utdanna spesialpedagog i 1994, og jobbar no ved Vang barne- og ungdomsskule. Her har eg hovudansvar for ein elev med spesielle behov, der eg jobbar mest med kommunikasjon, at vedkomande skal behalde fysikken, samt ADL-trening. Denne eleven har ikkje språk, og brukar ein Ipad med eit program som heiter «WidgitGo», for å kommunisere. Programmet har teikningar og stemme, slik at vi både kan sjå og høyre kva eleven ynskjer å formidle. Programmet er i stadig utvikling, og akkurat som andre elevar utviklar sitt språk, blir også dette programmet utvikla etter kvart. Når ein har elevar med slike utfordringar, er det viktig å ha eit godt samarbeid med PP-tenesta, fysio- og ergoterapeut, assistentane ved skulen, og sjølvsagt dei føresette. Hjå oss fungerer samarbeidet heldigvis veldig godt, og assistentane ved skulen har vorte gode venninner. Elles har eg norskundervisning for framandspråklege elevar, hovudsakleg i barneskulen. Det er naturlegvis ein overgang for dei å skulle venje seg til ein heilt ny kultur, og dessutan er mange traumatiserte. Men etter kvart som tida går vil tryggleiken ta ein større plass i liva deira, og dei vonde minna blir svakare. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

John Egil Rud, Johmsborg, fødd 1962

I 2009 vart eg vitne til at ei kongeørn tok eit av lamma mine. Ørna klarte å lette med lammet, og flaug om lag 300 meter av garde med det. Lammet synte seg å vege 10,6 kg når eg vog det, og det var etter at ørna hadde forsynt seg noko. Så den reelle vekta var nok nærare 11 kilo. Denne hendinga vekte oppsikt, sidan fagpersonane syntest å vere einige om at ei ørn ikkje klarar å lette med ei bør på meir enn tre-fire kg. Hendinga vart omtala i 2015, i eit fagtidsskrift som heiter «Kungsørnen», som kjem ut for sal i Norge, Sverige, Danmark og Finland. Eg likar å observere og ta til meg kunnskap frå fleire sider, før eg uttalar meg om noko. Eg har mellom anna stor sans for fleire av rovdyra våre, sjølv om eg som sauebonde har ein del tap av sau til rovdyr kvart år. Men ulven har eg ikkje noko til overs for. Medan dei andre rovdyra kan ta eit lam eller ein sau for å brødfø seg, forsyner ulven seg grovt i flokken, og drep mange fleire enn han treng til mat. Dette er sjølvsagt fortvila for ein som forsøkjer å leve av å vere sauebonde. Ei av dei store interessene mine er fotball. Favorittlaget mitt er Newcastle, og eg følgjer sjølvsagt med på Valdres FK. Det likaste eg opplevde som spelar – eg var keeper – var då eg vart krinsmeister for Slidre, 15-16 år gamal. Den faste keeperen vår var innkalla til rep.øving i militæret, og det stod mellom meg og ein annan om å overta plassen hans. Dei valde meg. Finalen gjekk mot Begnadalen, og det var stor stemning med tribunane fulle av begnadølar og slidringar. Vi vann 4-2. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2023 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑