Tag

Kart

Anja Tschauschner, Lomen, fødd 1972

I ungdomstida utdanna eg meg innan oppmåling og kartverk, og jobba med kartdata i Dresden, der eg vaks opp. Men då eg i 1992 var på ferietur i Norge for fyrste gong, bestemde eg meg for at her skulle eg bu: Eg kjende meg heime med det same. Det var ikkje så lett å få ein jobb som høvde utdanninga mi, og det tok ni år før eg fekk napp på ein jobb i Oslo. Men Oslo var ikkje noko for meg; det var for mykje mas. Så det var fyrst etter ein ferietur gjennom Valdres at alt fall på plass; det er her eg skal vere! Den fyrste vinteren i eige hus i Lomen, var det nede i –38°C. Det var så kaldt at ikkje eingong polarhunden min ville ut, men eg lét meg ikkje stogge! Takk vere internett kunne eg halde fram med jobben i Valdres også. Men etter ei tid vart det nedskjeringar, og eg miste jobben. Dette førte til at eg endeleg torde å satse på det eg hadde drøymt om sidan eg var lita: Eg skulle jobbe med dyr! For at draumen skulle bli verkeleg, måtte eg på skulebenken att. Fyrst utdanna eg meg som hundemassør, før eg tok utdanningar som naturterapeut for dyr, og innan fysioterapi og osteopati. Deretter starta eg opp Valdres Dyrefysioterapi, og driv no med behandling av alle slag dyr. Eg har fått veldig gode tilbakemeldingar både frå dyr og eigarar, og folk kjem langvegsfrå for å få hjelp til dyra sine. Dessutan trivst eg kjempegodt her i Valdres, som er eit paradis for meg som elskar å vere ute i naturen, så betre kan det ikkje bli! Elles likar eg å reise på tur, stogge der eg vil, og bruke tida på å bli kjent med stadene dit eg kjem. Og når eg skal kose meg heime ein kald vinterkveld, fyrar eg opp i omnen. Då står omnsdøra oppe, og eg legg beina på ein krakk så tett på flammane, at eg nesten brenn meg. Så sit eg og blar i ei bok med reiseskildringar, og lèt fantasien ta meg ut på eventyr. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Tron Kittelsen, Høresbygdé, fødd 1954

Eg har bestandig likt å teikne, og noko av det fyrste eg teikna var kart, for eg har alltid vore fascinert av kart og reising. Og etter å ha avtent sivilteneste, dreiv eg med grafikk eit års tid, før eg reiste rundt om i verda med ryggsekk, og eit opent sinn. Vel heime tok eg kunstutdanning, fyrst ved Einar Granums tegne- og maleskole i 1980-81, og deretter kunstakademiet i Trondheim frå 1982 til 1986. Dette med kart og reising er eg framleis oppteken av, og noko av det eg har drive mest med dei siste åra, er kartbaserte teikningar. Eg brukar ofte ein kombinasjon av eit teikna kart, og avtrykket av ei gravstøtte. For å få avtrykk av ei gravstøtte, brukar eg ein teknikk som heiter frottage. Måten eg gjer det på, er å trykkje eit papir mot gravstøtta, og ved hjelp av grafitt, som nærast er eit tjukt, mjukt bly av ein blyant, arbeider eg fram strukturen til, og skrifta på gravsteinen. Filosofien bak teikningane er å vise levd liv, og mennesket si reise, jamført med jorda si reise. Ta til dømes øya Gotland i Sverige, som ein gong låg der Antarktis ligg no. Så kan ein byrje å tenkje på korleis det var på Gotland då det låg langt der nede i sør, samanlikna med at det for 2500 år sidan var eit sentralt handels- og kultursentrum, med vidtrekkande forbindelsar. Det er litt av ei reise, ikkje berre i avstand, men òg historisk! Ei gravstøtte vil på si side seie noko om mennesket si historie. Til dømes såg eg ein gong ei gravstøtte, der det var fire familiemedlemmar under 10 år som hadde døydd i åra 1917-1920. Det var lett å skjøne at dei vart råka av spanskesjuka. Og det er dette forholdet, mellom verda og menneska si reise, eg prøver å få fram i teikningane. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑