Tag

Kunstutdanning

Katrine Celius, Førsøddin, Leira, fødd 1988

Dei kjæraste barndomsminna eg har, er frå stølen til mommo på Jutulen, innanfor Kruk. Det var mykje born på hyttene rundt, og vi var ute å leikte eller bada i elva, og var nesten ikkje inne anna enn når vi åt og sov. Eg vart ofte både blaut og kald, men det gjorde ingenting, for eg var heilt utan sorger, og livet var fantastisk. No har eg sjølv to born, Helmer på fire år, og Marlon på 16 månader. Det er viktig for meg at dei også skal få gode barndomsminne, med fri leik og små eventyr. Eg har bestandig vore glad i å teikne og måle, og etter vidaregåande tok interessa mi for kunst seg opp. Eg byrja å gå på utstillingar og andre stader der eg kunne sjå kunst, og fann at dette var ei verd eg treivst veldig godt i. Derfor tok eg ei tverrfagleg utdanning i kunst i Kragerø, samt eit semesterstudie i fotografi ved Bilder Nordic i Oslo. Til dagleg jobbar eg for Kreativ Strek på Fagernes, og kombinerer jobben med eigne prosjekt innan teikning, foto og måling. Sjølv om dette er ulike kunstformer, gjev eg dei eit uttrykk som er inspirert av det same; menneske, relasjonar og banda til kulturhistoria vår. På fritida elskar eg å vere aktiv, og trenar styrke, går på ski, joggar og spelar handball. Eg har utdanning i ernæring og helse frå Høyskolen Kristiania, for eg er oppteken av folkehelse gjennom aktivitet og god, næringsrik mat. For både sterk kropp og topp! Eg er også oppteken av at born og ungdom skal få gode oppvekstvilkår med tryggleik og omsorg, og at særleg ungdommen blir sett og anerkjend. Eg får inntrykk av at det blomstrar av flott ungdom i Valdres. Vi har dei finaste områda å vekse opp i, og om vi alle også tek vare på kvarandre, og unner kvarandre det beste, ja då får vi det verkeleg godt i den vakre dalen vår! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Tron Kittelsen, Høresbygdé, fødd 1954

Eg har bestandig likt å teikne, og noko av det fyrste eg teikna var kart, for eg har alltid vore fascinert av kart og reising. Og etter å ha avtent sivilteneste, dreiv eg med grafikk eit års tid, før eg reiste rundt om i verda med ryggsekk, og eit opent sinn. Vel heime tok eg kunstutdanning, fyrst ved Einar Granums tegne- og maleskole i 1980-81, og deretter kunstakademiet i Trondheim frå 1982 til 1986. Dette med kart og reising er eg framleis oppteken av, og noko av det eg har drive mest med dei siste åra, er kartbaserte teikningar. Eg brukar ofte ein kombinasjon av eit teikna kart, og avtrykket av ei gravstøtte. For å få avtrykk av ei gravstøtte, brukar eg ein teknikk som heiter frottage. Måten eg gjer det på, er å trykkje eit papir mot gravstøtta, og ved hjelp av grafitt, som nærast er eit tjukt, mjukt bly av ein blyant, arbeider eg fram strukturen til, og skrifta på gravsteinen. Filosofien bak teikningane er å vise levd liv, og mennesket si reise, jamført med jorda si reise. Ta til dømes øya Gotland i Sverige, som ein gong låg der Antarktis ligg no. Så kan ein byrje å tenkje på korleis det var på Gotland då det låg langt der nede i sør, samanlikna med at det for 2500 år sidan var eit sentralt handels- og kultursentrum, med vidtrekkande forbindelsar. Det er litt av ei reise, ikkje berre i avstand, men òg historisk! Ei gravstøtte vil på si side seie noko om mennesket si historie. Til dømes såg eg ein gong ei gravstøtte, der det var fire familiemedlemmar under 10 år som hadde døydd i åra 1917-1920. Det var lett å skjøne at dei vart råka av spanskesjuka. Og det er dette forholdet, mellom verda og menneska si reise, eg prøver å få fram i teikningane. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑