I ungdomstida utdanna eg meg innan oppmåling og kartverk, og jobba med kartdata i Dresden, der eg vaks opp. Men då eg i 1992 var på ferietur i Norge for fyrste gong, bestemde eg meg for at her skulle eg bu: Eg kjende meg heime med det same. Det var ikkje så lett å få ein jobb som høvde utdanninga mi, og det tok ni år før eg fekk napp på ein jobb i Oslo. Men Oslo var ikkje noko for meg; det var for mykje mas. Så det var fyrst etter ein ferietur gjennom Valdres at alt fall på plass; det er her eg skal vere! Den fyrste vinteren i eige hus i Lomen, var det nede i –38°C. Det var så kaldt at ikkje eingong polarhunden min ville ut, men eg lét meg ikkje stogge! Takk vere internett kunne eg halde fram med jobben i Valdres også. Men etter ei tid vart det nedskjeringar, og eg miste jobben. Dette førte til at eg endeleg torde å satse på det eg hadde drøymt om sidan eg var lita: Eg skulle jobbe med dyr! For at draumen skulle bli verkeleg, måtte eg på skulebenken att. Fyrst utdanna eg meg som hundemassør, før eg tok utdanningar som naturterapeut for dyr, og innan fysioterapi og osteopati. Deretter starta eg opp Valdres Dyrefysioterapi, og driv no med behandling av alle slag dyr. Eg har fått veldig gode tilbakemeldingar både frå dyr og eigarar, og folk kjem langvegsfrå for å få hjelp til dyra sine. Dessutan trivst eg kjempegodt her i Valdres, som er eit paradis for meg som elskar å vere ute i naturen, så betre kan det ikkje bli! Elles likar eg å reise på tur, stogge der eg vil, og bruke tida på å bli kjent med stadene dit eg kjem. Og når eg skal kose meg heime ein kald vinterkveld, fyrar eg opp i omnen. Då står omnsdøra oppe, og eg legg beina på ein krakk så tett på flammane, at eg nesten brenn meg. Så sit eg og blar i ei bok med reiseskildringar, og lèt fantasien ta meg ut på eventyr. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Fram til eg var 18 dreiv eg med skiskyting, men eg var for dårleg til å skyte, så eg gjekk over til langrenn i staden for. Og då eg var ferdig på vidaregåande flytte eg til Lillehammer, der eg dei neste fem åra satsa på langrenn for fullt. Som beste resultat fekk eg 25. plass i NM for seniorar. Ved sida av langrennssatsinga var eg student. Det vart ein bachelor i idrettsfag, eit årsstudium i økonomi, og eitt år med praktisk pedagogisk utdanning. Deretter vart det eitt år med studiar innan spesialpedagogikk på idrettshøgskulen i Oslo, før eg vende nasen heim, og byrja som idrettslærar på Valdres vidaregåande skule. På skulen underviser eg i langrenn og skiskyting. Eg har med meg nokre nyttige erfaringar i tida frå eg sjølv var aktiv, som eg tenkjer elevane mine kan dra nytte av. For eg lærte mykje om meg sjølv då eg trente regelmessig 10–12 økter i veka. Både om det reint kroppslege og kva som må til av trening, og at ein må evne å hente ut det siste av krefter, men også at ein må vere strukturert og ha evne til planlegging. Dessutan var eg for ivrig, og trente litt feil og for mykje. Eg ville for mykje for fort. Og når ein sjølv har kjent dette på kroppen, er det lettare å sjå teikna hjå andre. Elles er eg oppvaksen på gard, og skal ta over drifta om ikkje så lenge. Eg driv også med jakt og fiske, og unnar meg ein tre veker lang utanlandstur kvar sumar. Då reiser eg gjerne til Frankrike, der eg mellom anna har vore og sett Tour de France eit par gonger, men USA er også veldig fint. Og sjølvsagt brenn eg for fysisk aktivitet. Eg ser at elevane trivst i aktivitet, og eg er sjølv ein ivrig mosjonist: Eg går mykje på ski, og spelar også fotball for FK Vang. Det er så rart med det; alt går så mykje lettare når ein kjem seg ein tur ut. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg vaks opp på gard i Skjel i Dælsbygd´n, der det vart forventa at eg deltok i gardsarbeidet frå eg var lita. Men det var systera mi som hadde odel på garden, og då tida var mogen for å ta vidare utdanning, visste eg ikkje kva eg skulle velje. Det vart til at eg jobba eitt år, og då fekk eg eit innfall om at eg skulle bli lærar. Og slik vart det. Etter lærarskulen byrja eg på Vestre Slidre skule, der eg har jobba dei ti siste åra. No underviser eg ungdomstrinnet i matte, naturfag og norsk. Eg synest det er fantastisk å jobbe med så mykje flott ungdom, og er heldig som kan vere ein stor del av livet deira. Ingen dag er lik, og eg gler meg til å gå på jobb kvar dag. Eg har vore gift i ti år, og saman har vi to born på tre og åtte år. Mannen min tok over heimgarden sin, og driv med sau. Vi har støl på Johmssyndin, der det korkje er straum eller TV, men vi har radio og fantasien som underhaldning. Tidlegare var eg ein del av folkemusikkmiljøet, og spelte langeleik, song og dansa springar og lagdans. Dette er ei tid eg saknar litt, for her var så rause menneske, og alle var velkomne, gamal som ung. Men med familieliv, jobb og gardsarbeid, strekk ikkje tida til. No driv eg med klatring i Vang saman med dottera mi på åtte år. Dette har vi gjort i snart to år, og det er ei fin øving i koordinasjon og uthald, og gjev dessutan meistringskjensle. Eg har også ein 22 år gamal kaldblodshest. Det er reine terapien for meg, ikkje berre å ri, men også det fysiske arbeidet ved å moke i stallen, og kjenne den særeigne, gode lukta som er her. Under oppveksten lærte vi å vere tolerante, og ha ein aksept for alt og alle. Og eg håpar at eg kan gje borna våre om så berre ein brøkdel av dei verdiane eg fekk i min oppvekst, slik at dei kan bli godt rusta til å takle kvardagen. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg fekk ein tøff start på livet. Då eg var sju år, vart far min smitta av tuberkulose. Han var ikkje heime grunna smittefaren, og døydde då eg var 17 år. Mor vart òg veldig sjuk – ho fekk giktfeber då eg var 12 år gamal. Eg tok over vaskejobben hennar på Ristetun, og vaska etter skuletid. Vi hadde òg to kyr, ein kalv, gris og høner som eg stelte. Det var ikkje aktuelt å få hjelp frå fattigkassa. Eg var for stolt til det, og ville klare meg sjølv. Mor friskna til, og dei to neste sumrane var eg budeie på Midtre Syndin, og 15 år gamal flytte eg til Maristuen, der eg serverte gjester. Etter eitt år på handelsskulen, jobba eg ved hovudkontoret på Felleskjøpet, der fleire hadde «amerikafeber», noko eg òg fekk. Så eg søkte jobb som au pair i San Diego, og 18 år gamal la eg i veg, med 20 dollar i lomma, og det einaste eg kunne seie var «yes» og «no». Etter ni månader flytte eg til Los Angeles, der eg var i 4 år, og jobba med mellom anna optikk. Eg møtte ei rekkje kjendisar i USA, mellom anna fekk eg sitje på fanget til B.B. King, eg trefte Ed Sullivan i Chicago, og eg såg Elvis Presley i ein rosa Cadillac på Sunset Boulevard. Men så måtte eg heim, for mor hadde vorte alvorleg sjuk. Vel heime fekk eg jobb ved salsavdelinga i SAS, og var dessutan reiseleiar for storkundar. Eg fekk sjå nesten heile verda, og hadde ein fantastisk jobb i SAS, der eg var i nær 40 år. Dei siste åra har eg vore engasjert i sanitetsforeininga i Vestre Slidre, og så jobbar eg litt som støttekontakt i Vang. Elles elskar eg dyr, og vil oppmode alle om å vere snill med dyra. Eg er også oppteken av ungdom. Og dersom eg skal gje dei eit råd, er det å ha ein plan, og ikkje gjere noko gale, for det vil stenge for så mange vegar vidare i livet. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg tok til med linedance rundt fyrste klasse, etter at Kelli Haugen sette i gang med undervising på Ristetun. Vi trenar ein gong i veka, og reiser mykje både innanlands og utanlands på konkurransar, så vi har vorte ein godt samansveisa gjeng. Det er mange som blir overraska over kor mangfaldig linedance er, for det er ikkje berre ein «cowboydans» der ein er kledd i rutete skjorter og boots. Vi dansar til fleire typar musikk, der kvar dans har sitt særpreg, og vi nyttar ulike teknikkar og ulike klede. Dansarane er delt inn etter kor høgt nivå dei konkurrerer i, og det er i alt seks ulike nivå. Sjølv er eg på det nivået som heiter «advanced», som er det nest høgste nivået. Eg har vore med på konkurransar i Tyskland, Danmark, Spania, Austerrike, Skottland, Nederland og Tsjekkia, og neste år skal eg til USA. Det er ein dyr hobby, men mora mi, som er med og dansar sjølv, er ein god sponsor! Eg har bestandig vore glad i idrett, og har mellom anna vore innom turn, dans, ski og fotball. Det fall derfor naturleg for meg å gå idrettslina, og det siste året har eg studert idrettsvitskap ved høgskulen i Lillehammer. Kva som vil skje i framtida veit eg ikkje, men eg skal i fyrste omgang halde fram med idrettsstudiane, anten i Trondheim eller Sogndal. Om eg blir buande i Valdres etter studiane kan eg heller ikkje seie sikkert, for eg har lyst til å prøve forskjellig fyrst, og bu på ulike stader før eg bestemmer meg. Men Valdres kjem uansett til å ha ein stor plass i hjartet mitt, for her har eg familien min og venene mine, og mange gode minner å sjå tilbake på. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Fyrste gongen eg var i India, var i 1982. Då reiste eg for å oppleve landet og kulturen. Sidan har eg vore der mange gonger, men dei siste 20 åra har eg reist også av andre årsakar. Eg har nemleg ein revmatisk sjukdom, og ein periode var eg så dårleg, at eg ikkje greidde noko som helst. Då var eg 100% sjukemeld, og eg prøvde sjølvsagt alt for å bli betre. Snart fekk eg høyre om ayurvedisk behandling. Ayurveda er eit om lag 5000 år gamalt medisinsk system med ei holistisk tilnærming, som er utbreidd i India og områda rundt. Ayurvedisk medisin høyrer inn under den offentlege helsetenesta i India, på lik line med vestleg medisin. Dei ayurvediske legane får same grunnopplæring som vestlige legar, men har i tillegg opplæring i ayurveda. Så eg reiste til India for behandling, noko eg fekk eit særs godt utbytte av. Eg kom ikkje berre tilbake i jobb, men også tilbake til livet. Den gode hjelpa eg fekk, var bakgrunnen for at eg for 11 år sidan starta opp mitt eige firma, «Golden Mango Travel», med helsereiser til India. Eg samarbeider med tre ayurvediske senter i India, der det eine av dei er omtala i den anerkjende avisa «The Telegraph», som det aller beste i India. Det seier ikkje så reint lite, for det finst tusenvis av slike senter der nede. Dersom ein vel å reise til India for behandling, får ein ikkje berre betre helse, ein får også oppleve ein annan, og spennande kultur. Og det er ein bonus som er vel verdt å få med seg! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2023 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑