Tag

Moped

Rune Håvard Hansen, Gosen/Volbu, fødd 1976

Då eg var 10 år fekk far min MS. Sjukdomen gjorde at han vart sint og frustrert, og sinnet hans var nok med å prege barndomen min. Og var det noko eg lærte i denne tida, var det at ein må leve her og no og nyte tilværet – anten ein er på jobb eller har fri. For fram til far min vart sjuk jobba han mykje, og eg bestemde meg for at slik ville ikkje eg leve livet mitt. Og slik vart det. Ein kollega av meg bygde seg hus, og då eg såg kor mykje arbeid det var, sa eg til meg sjølv at eg aldri skulle byggje sjølv. Men sidan eg er veldig nøye av meg, fann eg ikkje noko som var heilt slik eg ville ha det, då eg og kjærasten min såg oss om etter husvære. Dermed vart det til at vi bygde likevel. Vi byrja å bygge i 2004, og eg sette opp det meste av huset sjølv. Sidan eg var ganske flink til å spare vart huslånet nedbetalt på nokre få år, og utan huslån er eg ikkje så bunden, og kan ta meg litt meir fri. Så no er eg snikkar for Fjellbygg om vinteren, og er gjetar i Haldorbu fellesdrift eit par dagar i veka om sumaren. Huset har verkstad i kjellaren. Eg elskar nemleg å skru og fikse på gamle bilar, mopedar og traktorar. Og sidan eg er så nøye av meg, blir eg kanskje ekstra glad når eg har gjennomført eit prosjekt der eg er nøgd med resultatet. Av køyretøy har eg mellom anna ein 1970-modell Opel Rekord, som eg dreg på treff med eit par gonger om året. Eg har også ein 1982-modell Honda MT5 moped som har vore i familiens eige sidan slutten på 1980-talet, og som eg har hatt i 20 år. Mopeden låg i delar borti bygda då eg fekk tak i han. Dei siste åtte–ni åra har eg vore med i Skrævarrokken Mopedlaug, der eg stiller opp på den årlege turen rundt Volbufjorden, så sant eg kan. Her har det i alle fall vore oppe i 130 køyretøy, så det er det moro å få vere med på! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Sander Goflebakke Lyseng, Rogne, fødd 2002

Eg har lenge hatt lyst til å byrje med lafting, og har drive å klundra litt for meg sjølv. Men det var fyrst då eg vart med på eit laftekurs tidlegare i år, at eg verkeleg fekk dreisen på det. No har eg så smått byrja å setje opp eit lite anneks i laft, og eg har dessutan fått skore opp noko 8 toms furutømmer, som eg skal lafte ei stove av. For ei tid tilbake pussa eg opp ein moped frå botn, og no har eg plukka frå kvarandre ein gamal Ford 4000 traktor, som eg skal setje i stand att. Då eg vart konfirmert tidlegare i år kjøpte eg ein bil, ein Volvo 940 1995 modell, for konfirmasjonspengane. Bilen var temmeleg strøken, med unnatak av ein noko bulka framskjerm, så eg har retta opp skjermen, og gjort han klar til lakkering. Det har seg nemleg slik at eg likar alt som durar, så eg har både bil, seks motorsager, traktor og moped. Eg gler meg til eg blir 16 år i februar, så eg kan byrje å køyre moped. Bestefar min er med meg når eg øvingskøyrer; han køyrer bak med motorsykkel, og eg putrar fremst på moped. Han bestefar er forresten eit stort førebilete for meg. Han er både hjelpsam og snill, seier aldri nei, og er med på alt eg ber han om. Han kan og veit mykje om mangt, så dersom eg er i tvil om korleis noko skal gjerast, tenkjer eg på han, og korleis han ville løyst det. Når eg blir ferdig på ungdomsskulen til våren, vil eg ta naturbruksfag det fyrste året på vidaregåande, skogbruk det andre året, for så å bli lærling det siste året. Målet er at eg skal byrje å køyre hogstmaskin. For det likaste eg veit er å vere ute. Når eg er ute i skogen og høgg tømmer, og fyrar opp eit bål der eg kokar kaffi og steikjer flesk, då kan eg ikkje betre ha det! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2021 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑