Tag

Politikk

Inger Ågesdotter Hovengen, Norda Berget, Ryfoss, fødd 1956

Eg hadde ein veldig fin oppvekst på ein gard nørdst i Vestre Slidre, som foreldra mine kjøpte året før eg vart fødd. Som på garder flest måtte vi borna hjelpe til frå vi var små, noko som gav oss eit godt grunnlag å byggje vidare på seinare i livet. Eg vart også tidleg veldig glad i dyr, og det hende faktisk at eg sov saman med sauene! Far min hadde eit sterkt politisk engasjement, noko som også smitta over på meg. Ved sida av å ha hatt ein del verv i AP og i fagrørsla, var eg frå midten av 1990-talet politisk rådgjevar for Jørgen Kosmo og Grete Knudsen, og var også statssekretær fram til regjeringsskiftet. Etter ei særs interessant tid i Regjeringa, var eg næringssjef i Andøy kommune nokre år. Eg likte meg  godt der oppe i Vesterålen, og sjølv om eg hadde ein veldig gjevande jobb, var det også krevjande. Til slutt gjekk det på helsa laus, og eg vart utbrend. Så eg flytte tilbake til min barndoms rike, der eg fekk påfyll av mykje god energi frå familie og vener. Og gode nettverk er viktig. Det fekk eg verkeleg erfare då sonen min, Ståle, døydde av kreft for eit par månader sidan. Far min gjekk bort berre eit par månader tidlegare, så det har vore, og er framleis, ei tøff tid for meg. Når det gjeld politikk, blir eg eitrande forbanna når born, unge og funksjonshemja ikkje får dei tenestene dei har krav på, og at vi, som eit av verdas rikaste land, ikkje har råd til å gje medisin som kan vere livgjevande og livsforlengjande til dei som er sjuke. Og ulven då, denne lystmordaren som er med på å øydeleggje ei heil næring, har ikkje livets rett, spør du meg! Elles er eg glad i å fotografere, særleg dyr, noko som er reine terapien for meg, og eg har dessutan ein hund eg er veldig glad i. Eg har også ein hage eg likar å stelle i, så no ser eg fram til at det skal bli vår! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Gunvor R. Heiene, Hedalen, fødd 1941

Eg vaks opp på eit lite bruk der vi hadde nokre dyr, og han far dreiv i skogen ved sida av. Vi hadde også eit par–tre pasientar frå Prestsæter, som mor mi tok seg av. Og eg og dei to systrene mine hjelpte til, og lærte oss tidleg å arbeide. Etter lærarskulen var eg lærar i Oslo eit par år, før vi tok over garden i 1966, og flytte heim. Ved sida av gardsdrifta var eg lærar i Hedalen fram til 1993, med unntak av eitt år, då eg var statssekretær i Utdannings- og forskingsdepartementet. For eg har vore politisk aktiv, og har mellom anna sete fire periodar i kommunestyret, og var leiar for Oppland Krf ein periode. Eg har også vore leiar for Hamar bispedømmeråd. I 1993 reiste vi til Nepal, der vi var i tre og eit halvt år. Eg var rektor på ein norsk skule i Katmandu, og hadde også ei stilling som norsk konsul. Dette var ei særs gjevande tid, der eg lærte mykje om kultur- og språkforskjellar. Ein gong fekk vi litt pengar av nokon som var på besøk, som dei ville at vi skulle gje til nokon trengande. Pengane gjekk til ein fattig familie, slik at sonen deira, Umesh, og syskena hans kunne halde fram på skulen. Sidan vart Umesh som ein son for oss, og vi hjelpte han til sumararbeid og studiar i Norge. Med litt hjelp, store evner og hardt arbeid, vart han sivilingeniør. Han bur no i Trondheim med kona si, Kabita, som det vart laga ein film om. Filmen, som vart veldig populær i Nepal, vart delvis spelt inn i Valdres. Vel heime var eg kyrkjeverje til eg gjekk av med pensjon i 2005, men tok seinare på meg ei 40% stilling som lærar for flyktningar. No er eg medlem av eldrerådet i kommunen, og er med og arrangerer den kulturelle spaserstokken, der musikarar spelar på Hedalsheimen. Men på nyåret skal vi til Spania i tre veker, og det gler eg meg til! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Anne Lajord Belsheim, Liagardane, Vang, fødd 1962

Vi tok over garden etter slektningar av mannen min, som ikkje hadde etterkomarar. Dei fyrste åra hadde vi berre sau, men då mjølkekvota held på å gå ut, fann vi ut at vi skulle halde geiter òg. Vi byrja i det små med ti geiter, men ynskte snart fleire, og reduserte i staden saueflokken. Så no har vi om lag 30 vinterfôra sau og 150 geiter, der noko av kjøtet blir male til kurv som vi sel. I tillegg har vi nokre få mohairgeiter, kaninar, hund og katt. Eg er utdanna førskulelærar med eit halvår i spesialpedagogikk, og var styrar i Fredheim barnehage i 18 år. Men sidan gardsarbeidet kravde mykje tid, sa eg opp stillinga mi for å vere fulltid på garden. Sjølvsagt saknar eg ungane i barnehagen, og samarbeidet med dei vaksne, men eg har funne ein måte å kompensere for dette. Sidan 2005 har eg nemleg drive «inn på tunet», der utvalde ungar opp til 18 år får tilbod om å ta del i det som skjer på garden. Det er utruleg gjevande å ha desse barna på garden, for vi får sterke band til kvarandre, og det er så flott å sjå at tida på garden gjer dei godt, og at dei er så nøgde. Elles er eg politisk aktiv, og representerer SP i kommunestyret. Eg brenn for at bygda skal vere levande, slik at folk blir verande, og nye kjem til. Då er vi avhengige av å halde saman, og at det skjer noko i bygda. Eg er ikkje ein person som greier å vere uverksam, men må ha noko å drive med. Sidan eg sit i kommunestyret, er eg med i fleire ulike lag og organisasjonar, men eg er òg aktiv medlem i mållaget, og jobbar deltid med trusopplæring i kommunen. Så det er i alle fall ikkje noko problem med å få tida til å gå! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ola Rogn, Slidre, fødd 1972

Eg er med på den årlege kabareten i regi Røn musikklag, der eg denne vinteren var med for nittande gong. Dessutan er eg med på revyane som bygdekvinnelaget skipar til, kvar syttande mai på samfunnshuset i Røn. Eg må seie at særleg revyane syttande mai er artige å vere med på. Då er det fullt hus, stemninga er høg, og latteren sit laust. Førestillinga blir sett opp to eller tre gonger, men ingen av førestillingane er heilt like. Dette kjem av at vi likar å improvisere, med fleire spontane replikkar som ikkje er avtalt på førehand. Og eg kan love deg at det mange gonger er vanskeleg å halde seg alvorleg! Sist haust var eg så heldig å få vere mellom dei utvalde valdrisane som vart inviterte til kongeparet sin hagefest i Slottsparken. Det var veldig høgtideleg, og det var flott å sjå alle bunadane, samedraktene og dei festkledde menneskja. Det var sjølvsagt ei stor ære å få vere med, og ei oppleving eg seint vil gløyme. Elles er eg oppteken av politikk, og sit no mi fjerde periode i kommunestyret, der eg representerer bygdelista. Eg har eit gardsbruk der eg driv med grasproduksjon, dessutan likar eg å gå på elgjakt om hausten. Vi er sju stykke som jaktar i åsen ovanfor Slidre, og her er det så godt med dyr, at vi ikkje har problem med å fylle kvota vår. Av meir personlege erfaringar, opplevde eg å miste syster mi i 1992. Ho døydde av kreft, 30 år gamal.  Ein gjer seg naturleg nok opp nokre tankar når nokon av eins næraste døyr, særleg når dei går bort så unge. For det er ingen sjølvfølgje at ein skal leve lenge, så ein får gjere det beste ut av den tida ein har. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2023 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑