Tag

Psykisk helsearbeid

Gunvor R. Heiene, Hedalen, fødd 1941

Eg vaks opp på eit lite bruk der vi hadde nokre dyr, og han far dreiv i skogen ved sida av. Vi hadde også eit par–tre pasientar frå Prestsæter, som mor mi tok seg av. Og eg og dei to systrene mine hjelpte til, og lærte oss tidleg å arbeide. Etter lærarskulen var eg lærar i Oslo eit par år, før vi tok over garden i 1966, og flytte heim. Ved sida av gardsdrifta var eg lærar i Hedalen fram til 1993, med unntak av eitt år, då eg var statssekretær i Utdannings- og forskingsdepartementet. For eg har vore politisk aktiv, og har mellom anna sete fire periodar i kommunestyret, og var leiar for Oppland Krf ein periode. Eg har også vore leiar for Hamar bispedømmeråd. I 1993 reiste vi til Nepal, der vi var i tre og eit halvt år. Eg var rektor på ein norsk skule i Katmandu, og hadde også ei stilling som norsk konsul. Dette var ei særs gjevande tid, der eg lærte mykje om kultur- og språkforskjellar. Ein gong fekk vi litt pengar av nokon som var på besøk, som dei ville at vi skulle gje til nokon trengande. Pengane gjekk til ein fattig familie, slik at sonen deira, Umesh, og syskena hans kunne halde fram på skulen. Sidan vart Umesh som ein son for oss, og vi hjelpte han til sumararbeid og studiar i Norge. Med litt hjelp, store evner og hardt arbeid, vart han sivilingeniør. Han bur no i Trondheim med kona si, Kabita, som det vart laga ein film om. Filmen, som vart veldig populær i Nepal, vart delvis spelt inn i Valdres. Vel heime var eg kyrkjeverje til eg gjekk av med pensjon i 2005, men tok seinare på meg ei 40% stilling som lærar for flyktningar. No er eg medlem av eldrerådet i kommunen, og er med og arrangerer den kulturelle spaserstokken, der musikarar spelar på Hedalsheimen. Men på nyåret skal vi til Spania i tre veker, og det gler eg meg til! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Monica Åsli Hømanberg, Hedalen, fødd 1970

For 12 år sidan opplevde eg noko artig. Ein kar i bygda, Gunnar Bergsrud, hadde ingen etter seg, og ville gje bort garden sin, Kølhus, til ein yngre person i bygda. Eg melde mi interesse, og då det skulle avgjerast ved trekking kven som skulle overta garden, var det jammen namnet mitt som stod på lappen! Omtrent på same tida vart eg psykisk sjuk, og var veldig langt nede dei neste åra. Tidvis sat eg berre i ein stol, og håpa eg skulle få døy. Det er ikkje lett å lyfte hovudet og finne ein indre motivasjon til å ta tak i livet sitt, når ein balar med så tunge tankar. Men til slutt innsåg eg at eg måtte gjere noko, om eg skulle kome meg på beina att. Fyrst tok eg kurs i meditasjon, og seinare kurs og utdanning i familiekonstellasjonar og traumeterapi. Utdanninga gjorde at eg utvikla meg som person; eg fekk eit større perspektiv, og ei betre forståing av dei ulike sidene ved livet. Men det kravde mange år med hard jobbing, før eg klarte å karre meg tilbake til livet. Likevel er eg glad for at eg fekk oppleve denne store nedturen, for kunnskapen eg tileigna meg på vegen skulle vise seg å bli verdifull — ikkje berre for meg sjølv, men også i mitt arbeid for å hjelpe andre. No jobbar eg som miljøarbeidar på Fekjær, og eg er i ferd med å avslutte eit engasjementet som erfaringskonsulent. Eg har også leigd lokale på Joker i Hedalen, der eg skal opne eit tilbod for personar som har noko dei vil arbeide seg gjennom, eller som har eit ynskje om å gå djupare i seg sjølv. Sjølv var eg nøydd til å grave djupt for å hente krefter til å stå løpet ut, og kome dit eg er no. Og eg må seie at eg er stolt av den personen eg er i dag, for dei erfaringane eg hausta førte til at eg vart ei betre mor, ei betre kone, og eit betre menneske. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Hanne Svendsen, Røsshaugen, Skammestein, fødd 1956

Eg kjem opphavleg frå Asker, men flytte til Hedalen i 1978, og vart glad i så vel fjellet som valdrisane. På byrjinga av nittitalet flytte eg til Fagernes, før eg drog ut for å gå sjukepleiarskulen. Men etter at eg hadde teke vidareutdanning som psykiatrisk sjukepleiar, flytte eg til Øystre Slidre i 2002, og har sidan jobba i den psykiske helsetenesta i kommunen. Ein ting som bekymrar meg i jobbsamanheng, er at mange legar er altfor slepphendte med å gje ut medisinar. For å få bukt med dette må ein endre systemet, og tankegangen om årsaka til psykiske lidingar. Elles er eg oppteken av å jobbe i grupper, til dømes samtalegrupper, nettverksmøter og ulike kurs, der brukarar med lik problematikk kjem saman. Dette gjev meir likeverdige relasjonar enn det som er tilfelle mellom den autoritære hjelparrolla, og brukarrolla. Dessutan er ein ikkje åleine i ei gruppe, noko som i seg sjølv kan vere positivt for den enkelte. Men det er dessverre ikkje så stort fokus på å jobbe i slike grupper i Valdres. Ein annan grunn til at eg har så stor tru på å delta i grupper, kjem av nokre vonde opplevingar eg hadde i oppveksten. Mellom anna miste eg veslebroren min i ei trafikkulukke då eg var 11 år gamal. På den tida var ikkje hjelpeapparatet så godt som i dag, men eg hadde heldigvis familie og vener som gav meg omsorg, støtte og trøyst. Slik hjelpte dei meg å lette den børa eg bar, noko som gjorde det lettare for meg å jobbe meg gjennom sorga. Dette synte meg at det er mange fordelar ved å stå saman i tunge tider, og at lækinga går fortare når ein er fleire i same båt. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Marit Sundvold Brustad, Bagn, fødd 1968

Eg arbeider i psykisk helseteneste i kommunen, og er særleg oppteken av å sjå ting frå eit born sin ståstad. Dette heng nok saman med at far min døydde brått av hjarteinfarkt, berre 59 år gamal. På den tida hadde eg tre små born å ta meg av, så eg hadde på ein måte ikkje tid til å arbeide med sorga. Derfor la eg eit lok på kjenslene mine, og freista å gøyme dei bort. Men kjenslene lèt seg ikkje stogge, så etter nokre månader møtte eg veggen, og fekk òg nokre fysiske plagar. Det var ei tøff tid. Denne erfaringa førte til at eg vart meir oppteken av korleis born vert påverka når familien er i krise, og korleis heilskapen i tilværet spelar inn på dei. For sjølv om ungane er små, forstår dei kanskje meir enn vi trur. Så eg har teke vidareutdanningar innan psykisk helsearbeid, nettverksmøte og relasjonskompetanse, og som klinisk spesialist i barn og unge si psykiske helse, for å auke min kompetanse. Det kan vere utfordrande å arbeide med born, for når dei opplever noko vondt, skjer det i hjartene våre. For å kople ut hovudet, og få tankane over på noko anna, kan det vere lurt å dyrke ei interesse på fritida. For min del likar eg godt å drive med snikkararbeid, og eg har mellom anna bygd eit lysthus, og mura opp ein utepeis sjølv. Ved sidan av at eg på denne måten får kopla ut tankane, gjer det godt å skape noko, og sjå eit konkret resultatet av det.  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑