Tag

Psykisk helseteneste

Bente Kristin Skjærstein, Klukkarmoen, Bagn, fødd 1966

Dei fyrste ni åra av livet budde eg i Brumunddal, før vi flytte til Leirskogen. Då eg var 19 år fekk eg fyrste sonen min, og flytte frå barndomsheimen. Vi var i Oslo nokre år, før ferda gjekk heim til Bagn. Etter kvart fekk eg tre ungar til, og eg er heldig som har barn, svigerbarn og barnebarn rundt meg. Eg har òg ein gut i fosterheim, så hjå meg er det mykje familieliv! Eg har arbeidd  i skulen og i psykisk helseteneste, dessutan med flyktningar og framandspråklege, der eg jobba både med norskopplæring og i mottak. Elles er eg støttekontakt ein gong i veka, og eg er med på ein internasjonal kvinnekafé ein til to gonger kvar månad. Vi har fått ein del flyktningar til Bagn, og eg synest det er viktig å hjelpe dei med å bli integrerte. På kvinnekafeen får dei høve til å fortelje om seg og sitt, og vi fortel om korleis det er her, og kva som blir forventa av dei. Slik blir vi kjende med, får respekt for, og lærer av kvarandre. Dessverre er det mange som gløymer at det ikkje er lenge sidan vi òg var på flukt frå fattigdom og krig, og avhengige av andre si hjelp. Heile livet har eg vore oppteken av dei som er svakare stilt, og det er viktig for meg at eg kan vere ein ressurs i liva til dei som har bruk for meg. Drivkrafta og fokuset er naturlegvis å hjelpe, men det er også særs gjevande for meg personleg å få ta del i, og utgjere ein skilnad i eit menneske sitt liv. Eg synest at kvart enkelt menneske må få lov til å skine, og vere som det er, for vi er alle unike og verdifulle, sjølv om ikkje alle kan bli best. Vi er gode nok som vi er, og treng ikkje jakte på det perfekte, men heller prøve å finne gleda i kvardagen. Og akkurat no ser eg fram mot hagearbeid og verandaliv, og synest det må vere lykka på jord! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Hanne Svendsen, Røsshaugen, Skammestein, fødd 1956

Eg kjem opphavleg frå Asker, men flytte til Hedalen i 1978, og vart glad i så vel fjellet som valdrisane. På byrjinga av nittitalet flytte eg til Fagernes, før eg drog ut for å gå sjukepleiarskulen. Men etter at eg hadde teke vidareutdanning som psykiatrisk sjukepleiar, flytte eg til Øystre Slidre i 2002, og har sidan jobba i den psykiske helsetenesta i kommunen. Ein ting som bekymrar meg i jobbsamanheng, er at mange legar er altfor slepphendte med å gje ut medisinar. For å få bukt med dette må ein endre systemet, og tankegangen om årsaka til psykiske lidingar. Elles er eg oppteken av å jobbe i grupper, til dømes samtalegrupper, nettverksmøter og ulike kurs, der brukarar med lik problematikk kjem saman. Dette gjev meir likeverdige relasjonar enn det som er tilfelle mellom den autoritære hjelparrolla, og brukarrolla. Dessutan er ein ikkje åleine i ei gruppe, noko som i seg sjølv kan vere positivt for den enkelte. Men det er dessverre ikkje så stort fokus på å jobbe i slike grupper i Valdres. Ein annan grunn til at eg har så stor tru på å delta i grupper, kjem av nokre vonde opplevingar eg hadde i oppveksten. Mellom anna miste eg veslebroren min i ei trafikkulukke då eg var 11 år gamal. På den tida var ikkje hjelpeapparatet så godt som i dag, men eg hadde heldigvis familie og vener som gav meg omsorg, støtte og trøyst. Slik hjelpte dei meg å lette den børa eg bar, noko som gjorde det lettare for meg å jobbe meg gjennom sorga. Dette synte meg at det er mange fordelar ved å stå saman i tunge tider, og at lækinga går fortare når ein er fleire i same båt. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Marit Sundvold Brustad, Bagn, fødd 1968

Eg arbeider i psykisk helseteneste i kommunen, og er særleg oppteken av å sjå ting frå eit born sin ståstad. Dette heng nok saman med at far min døydde brått av hjarteinfarkt, berre 59 år gamal. På den tida hadde eg tre små born å ta meg av, så eg hadde på ein måte ikkje tid til å arbeide med sorga. Derfor la eg eit lok på kjenslene mine, og freista å gøyme dei bort. Men kjenslene lèt seg ikkje stogge, så etter nokre månader møtte eg veggen, og fekk òg nokre fysiske plagar. Det var ei tøff tid. Denne erfaringa førte til at eg vart meir oppteken av korleis born vert påverka når familien er i krise, og korleis heilskapen i tilværet spelar inn på dei. For sjølv om ungane er små, forstår dei kanskje meir enn vi trur. Så eg har teke vidareutdanningar innan psykisk helsearbeid, nettverksmøte og relasjonskompetanse, og som klinisk spesialist i barn og unge si psykiske helse, for å auke min kompetanse. Det kan vere utfordrande å arbeide med born, for når dei opplever noko vondt, skjer det i hjartene våre. For å kople ut hovudet, og få tankane over på noko anna, kan det vere lurt å dyrke ei interesse på fritida. For min del likar eg godt å drive med snikkararbeid, og eg har mellom anna bygd eit lysthus, og mura opp ein utepeis sjølv. Ved sidan av at eg på denne måten får kopla ut tankane, gjer det godt å skape noko, og sjå eit konkret resultatet av det.  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑