Tag

Rosemåling

Kristen Stavdahl, Sør-Etnedal, fødd 1964

Eg vaks opp på ein gard i Sør-Aurdal, med skogen som næraste nabo. Og sidan eg hadde ein far som var aktiv jeger og skogsarbeidar, vart skogen min fyrste arbeidsplass, og eg vart sjølv ein ivrig friluftsmann og jeger. Då eg gjekk i sjuande klasse, laga eg min fyrste gitar. Tjue år seinare var eg med på å starte Jupedalen Pøbb Ensemble, der eg spelte bass og munnspel. Vi heldt det gåande i 12 år, og gav ut seks plater og nokre singlar. Eit par av låtane hevda seg på Norsktoppen, og den eine av dei var i alle fall oppe på ein andre plass, og låg 14 veker på lista. Men vi var fyrst og fremst eit showband, som spelte for å ha det moro. Ein gong kom Tv2 til Bagn for å filme oss. Då hadde vi ein konsert på Fossvang, som ikkje blir gløymt med det fyrste. Lokalet var tjukt av folk, og ein av våre «maskotar», Jarle Heiene, kom ut på scenen på moped. Det tok heilt av! Noko tidlegare – på midten av -80-talet – fatta eg interesse for måling. Ved sida av at mor mi skreiv dikt og gav ut fleire bøker, dreiv ho også med rosemåling og keramikk. Og ein dag eg var åleine heime, fann eg fram målarutstyret hennar, og byrja å måle. Det var ikkje vanskeleg å finne inspirasjon til kva eg skulle måle, etter tallause timar ute i naturen; det måtte bli naturbilete. I bileta mine er eg oppteken av at dyra eg målar skal verke levande, og at samspelet mellom lys og motiv skal bli rett. For det er viktig å attgje lyset på rette måten, skal måleriet bli truverdig. Eg får mykje inspirasjon av mangfaldet som finst i naturen, der menneske, dyr, plantar og skog er delar av ein større heilskap, som passar nøye saman. Men det er ingenting som gjev meg større inspirasjon enn kjærasten min, Vigdis, som eg bur saman med i Etnedal! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Anneli Svartbeck Sælid, Sørre Høgdé, Aurdal, fødd 1994

På vidaregåande gjekk eg tre år på helse- og oppvekstfag, der eg valde barne- og ungdomsarbeid andre året. Undervisinga gjorde meg engasjert, og eg var ikkje i tvil om at eg skulle jobbe med born når eg vart ferdig på skulen. Men fyrst ville eg ta meir skule, så eg søkte meg inn ved Høgskulen på Hamar, der eg tok utdanning som barnehagelærar. No jobbar eg som pedagogisk leiar i Ranheim Naturbarnehage, og stortrivst med det. Her er ungane ute nesten heile tida, og dei får slik utfalde seg meir, dei blir betre kjend med naturen, og får oppleve meir enn mange andre born. Ikkje berre er det lærerikt, og bra for å utvikle motorikken og skjerpe sansane, det er også mykje meir naturleg for borna å vere ute, enn å sitje rundt eit bord. Ein annan fordel ved å vere mykje ute, er at ungane blir kjend i nærområdet sitt, og med folka som bur her. Og det er viktig, for det er med på å byggje opp borna sin identitet, slik at dei kan bli trygge på kven dei er, og kor dei kjem frå. På den måten får dei kjenne tilhøyrsle, slik at dei kan få eit fast og trygt haldepunkt i livet. Av same grunn synest eg det er viktig at ungane får kjennskap til valdreshistoria og –kulturen alt frå barnehagealderen, og det vil eg vere med på å formidle til dei – på valdresdialekt, naturlegvis! Sjølv er eg stolt av å vere valdris, prate valdresdialekt og ha familie herfrå, og eg er oppteken av å ta vare på tradisjonane våre. Derfor har eg ei tid gått i lære hjå bestemora mi, som har drive med rosemåling i ein mannsalder. Då eg var på besøk hjå henne som lita, måtte eg bestandig ein tur inn på målarrommet hennar for å sjå. Så det kom vel ikkje som ei bombe på nokon, at det var eg som skulle føre rosemålartradisjonane vidare i vår familie! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2024 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑