Tag

Skammestein

Heidi Brager, Skammestein, fødd 1987

Då eg gjekk i tredje klasse, fekk vi besøk i klassen av to damer som dreiv med baking. Dette syntest eg var så interessant, at eg byrja å vere med dei og bake etter skuletid. Etter ei stund trappa den eine av «bakstedeiene» ned, og eg fekk litt meir ansvar og fleire oppgåver. Noko seinare la den andre bort kjevlet for godt, og då tok eg over drifta. Eg bakar absolutt mest lefser, men bakar òg flatbrød, lomper, lefsekling og hardangerlefser. Vanlegvis steikjer eg om lag 50 lefser dei dagane eg bakar, men i den travlaste tida før jul, blir det ofte ti gonger så mange. Dagen før eg skal bake, vaskar, kokar og skreller eg potetane, før dei blir male og salta. Til vanleg lagar eg ein deig på ca 10 kg, og brukar då tre-fire timar på førebuingane, før alt er klart til dagen etter. Sjølve bakardagen byrjar eg gjerne klokka sju om morgonen, og er ferdig ved halv tre-tida på ettermiddagen. Alt blir baka for hand, og eg legg nok at noko av sjela mi i baksten. Noko av kunsten med å bake lefser, er at ein ikkje må bruke for mykje mjøl, slik at dei blir turre. Mange brukar berre kveitemjøl i deigen, men eg brukar rug i tillegg. Rugen tilfører fuktigheit, så lefsene blir saftigare og mjukare. Når det gjeld potet, fekk eg høyre at Kerrs Pink var det beste, men etter å ha prøvd meg fram litt, brukar eg no berre Asterix. Elles er eg utdanna barne- og ungdomsarbeidar, og jobbar ved barnehagen på Tingvang. Eg har hatt permisjon sidan jul, etter at eg og sambuaren min vart foreldre til ein nydeleg gut som heiter Vetle. Han går sjølvsagt føre alt anna, så det er mogleg eg kjem til å trappe ned bakinga noko frå hausten. Men eg kjem ikkje til å gje meg heilt, for bakinga vil eg halde fram med også i framtida. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Hanne Svendsen, Røsshaugen, Skammestein, fødd 1956

Eg kjem opphavleg frå Asker, men flytte til Hedalen i 1978, og vart glad i så vel fjellet som valdrisane. På byrjinga av nittitalet flytte eg til Fagernes, før eg drog ut for å gå sjukepleiarskulen. Men etter at eg hadde teke vidareutdanning som psykiatrisk sjukepleiar, flytte eg til Øystre Slidre i 2002, og har sidan jobba i den psykiske helsetenesta i kommunen. Ein ting som bekymrar meg i jobbsamanheng, er at mange legar er altfor slepphendte med å gje ut medisinar. For å få bukt med dette må ein endre systemet, og tankegangen om årsaka til psykiske lidingar. Elles er eg oppteken av å jobbe i grupper, til dømes samtalegrupper, nettverksmøter og ulike kurs, der brukarar med lik problematikk kjem saman. Dette gjev meir likeverdige relasjonar enn det som er tilfelle mellom den autoritære hjelparrolla, og brukarrolla. Dessutan er ein ikkje åleine i ei gruppe, noko som i seg sjølv kan vere positivt for den enkelte. Men det er dessverre ikkje så stort fokus på å jobbe i slike grupper i Valdres. Ein annan grunn til at eg har så stor tru på å delta i grupper, kjem av nokre vonde opplevingar eg hadde i oppveksten. Mellom anna miste eg veslebroren min i ei trafikkulukke då eg var 11 år gamal. På den tida var ikkje hjelpeapparatet så godt som i dag, men eg hadde heldigvis familie og vener som gav meg omsorg, støtte og trøyst. Slik hjelpte dei meg å lette den børa eg bar, noko som gjorde det lettare for meg å jobbe meg gjennom sorga. Dette synte meg at det er mange fordelar ved å stå saman i tunge tider, og at lækinga går fortare når ein er fleire i same båt. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2023 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑