Tag

Skifer

Øyvind Magistad Berge, Øvre Røn, fødd 1945

Eg vaks opp på ein gard som éin av 11 sysken. Vi låg fleire på same rom, i eit hus som var gamalt, trongt og kaldt, men vi vart ein samansveisa gjeng som har vore der for kvarandre heile livet. Etter å ha jobba for Per Sælid eit par år i ungdomen, flytte eg til Gjøvik og tok tømrarutdanning. Så avtente eg fyrstegongstenesta, tok meisterbrev i tømrarfaget og flytte til Oslo. Her budde eg i 20 år, og dreiv sjølvstendig som snikkar frå 1968. Men då den eine broren min tipsa meg om ein gard som var til sals, slo eg til og flytte heim. På garden har eg sett opp tre timbrer: To stover og eit stabbur – og ein stor garasje der mellom anna det store vasshjulet utanfor Gjestegården på Fagernes vart laga. Og sidan eg synest at skifer er eit fantastisk materiale, har eg lagt skifertak på stovene, og no står stabburet for tur. Dei fyrste åra etter at vi kjøpte garden pendla eg til Oslo, medan eg rusta opp våningshuset på garden. Og etter at vi flytte heim dreiv eg litt som snikkar, og jobba også deltid som takstmann. Dessutan dreiv eg «BP» i Røn i seks år, og har dei siste 25 åra drive med produksjon av juletre. Eg var også med å starte Vestre Slidre Frp i si tid, og var mellom anna formann i Oppland Frp i to periodar. Elles er eg interessert i hagearbeid, eg likar å gå i skogen og plukke bær, og er ein ivrig fiskar. Dessutan likar vi å reise. Eg må nemne ein tur til USA der vi var innom eit par farmar. På den eine hadde dei 8 000 mjølkekyr, og på den andre var det ein million kyllingar, så det var ikkje akkurat småbrukarar som dreiv der! Men det er byggjeverksemda som har stått hjartet mitt nærast, og det likaste av alt, var då eg i 1976 teikna og bygde nytt hus på garden der eg vaks opp. For endeleg fekk dei gamle eit betre hus, og det å få sjå kor glade og takksame dei vart, er den beste løna eg kunne fått. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ingun Øyen Renna, Rogne, fødd 1989

Eg har jobba her ved Valdres Naturstein sidan 2010. Det er far min som er dagleg leiar, og eg byrja i det små som telefonvakt for å avlaste han. Men det har balla på seg med oppgåver, og no jobbar eg fulltid, og har kontroll på det meste i produksjonen. Arbeidsoppgåvene går hovudsakleg ut på å lage skiferheller etter mål, skjere heller og stein, lempe og sortere stein, og ekspedere kundar. Det har ikkje vore noko problem for meg som jente å jobbe i eit mannsdominert yrke, for alle kundane og handverkarane som er innom har vore veldig greie. Dessutan er eg litt «gutejente» , og er komfortabel i lag med gutar. Så eg trivst veldig godt i jobben, og ynskjer å ta over drifta når den tida kjem. For 9-10 år sidan tenestegjorde eg i garden, som ein vel kan kalle gutane si siste skanse. Her kom det til nytte at eg likar meg i lag med gutar! Det var veldig kjekt å vere i garden, og det var ei god skule der eg lærde å bli strukturert og nøye. Dessutan lærer ein å samarbeide med andre, og korleis ein skal stille seg til andre menneske på ein god måte. Elles er eg veldig glad i bilcross, der eg er ein ivrig tilskodar. Vi har vorte ein samansveisa gjeng som har det artig, og som trivst godt i lag. Eg reiser rundt på alle klubbløpa, samt kvalifiseringsløpa til landsfinalen, og er sjølvsagt på landsfinalen kvart år. Av meir alvorlege hendingar eg har vore ute for, var då dottera mi vart fødd ti veker for tidleg. Eg fekk svangerskapsforgifting, og det skulle gå to år med plagar av ulik art, før eg var over det verste. Heldigvis gjekk det bra med dottera mi, og ho har greidd seg bra utan seinskader av noko slag, og no smiler livet til oss båe! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2024 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑