Tag

Skihopp

Trond Gudbrand Berg, Bergsbakka, Hedalen, fødd 1970

Vi budde i Kolbotn fram til eg var ti år. Då flytte vi til Hedalen, til slektsgarden der far min vaks opp. I ungdomstida vart eg interessert i friluftsliv, etter at vi hadde jakt og friluftsliv som valfag på ungdomsskulen. Læraren tok oss mellom anna med på snøholeturar, vi tok jegerprøvekurs, og var på rypejakt. Elles dreiv eg med skihopp, volleyball og fotball, og gjekk idrettslina på Fagernes. Og sidan det høyrer 1000 mål skog til garden, gjekk eg lina for skogbruk i Hov i Land, og lina for utmarksforvalting ved distriktshøgskulen på Evenstad i Østerdalen. Så flytte eg heim for å ta over garden i 1995, kjøpte ti sauer av naboen, og var så smått i gang. Eg er interessert i naturforvalting, og er oppteken av at vi må utnytte ressursane på ein berekraftig måte. Plantar og tre bind opp mykje CO₂, men skog og kratt må tynnast og hoggast så det ikkje rotnar på rot. Så må krattet og hogsten brukast, til dømes til dyrefôr, byggemateriale og ved, så det kjem til nytte. No ser vi at fjellet gror ned grunna mindre hogst, færre beitedyr og mildare vêr, og hadde det ikkje vore for beitedyra, hadde det grodd ned endå fortare. Dessutan må eg seie eg blir oppgjeven når avisene skriv at bøndene ikkje tek omsyn til miljøet, for om vi ikkje kan drive som no, kvar skal vi få maten vår frå då? No har eg om lag 100 vinterfôra sau, så det er travelt under lamminga, men eg har heldigvis god hjelp av sambuaren min og mora mi. Og når vi fyrst er inne på lamming, må eg nemne ein syttande mai for nokre år sidan. Eg var nede i bygda, oppkledd i bunad og min finaste stas. Så fekk eg beskjed om at det var lamming på gang, og eg kasta meg i bilen og køyrde oppatt det fortaste eg vann. Men så viste det seg at alle arbeidskleda mine var på vask, og det enda med at eg måtte ta kleda frå fugleskremselet! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Gudbrand Silvet Heiene, Slidre, fødd 1968

Eg vaks opp i Hedalen, og måtte flytte på hybel for å gå skule. Og sidan eg var ein ivrig skihoppar, søkte eg meg til skular med hoppbakke i nærleiken. Fyrste stopp var folkehøgskulen i Hurdal, så eit år på maskin og mek. på Raufoss, før eg gjekk tre år på idrettslina på Fagernes. Men eg var også interessert i musikk og song, og medan eg gjekk på idrettslina var eg med og fekk liv att i Arken Ten Sing. Dette gav meirsmak, så eg søkte meg inn på musikklina på bibelskulen i Oslo, og dirigerte også eit par kor medan eg budde i byen. Etter Oslo vart det ein del flytting og fleire studiar innan song, samt arbeid som dirigent både her heime og på Vestlandet, før eg kom attende til Valdres for godt. No er eg busett i Slidre, og har ei halv stilling som rektor på kulturskulen, og ei halv stilling som leiar for kultursektoren i kommunen. Eg syslar også med eit spennande prosjekt for å finne ut korleis vi kan få meir kompetanse på moderne teknologi i Valdres. Kort tid etter at eg kom heim til Valdres starta eg opp koret Kurve, som er eit av hjarteborna mine. Vi skal ha to konsertar no i september, ein på Svalbard og ein i Hedalen. Elles er eg glad i friluftsliv, og eg har tidlegare drive med klatring. Av turane eg hugsar best, var klatreturen opp sydpilaren på Stetind, og då eg hoppa frå det eine til det andre «hornet» på Svolværgeita. Eg har også vore oppteken av den globale situasjonen sidan byrjinga på 1990-talet, og er engsteleg for utviklinga. Eg håpar verkeleg ikkje at det går så langt at vi må slåst for maten. No som ungane våre har byrja på skulen, har eg eit håp om at det skal bli meir tid til sosialt samvære og friluftsliv framover. Og skal eg vere ærleg, drøymer eg om å kome i så god form, at eg kan ta til å hoppe litt på ski att! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Arne Thorbjørn Høneren, Strømskroken, Begna, fødd 1927

Den 18. mars i år, sat eg klistra til tv-skjermen. Då hoppa barnebarnet mitt, Robert Johansson, for Noreg, under lagkonkurransen i skihopp i Vikersund. Og då han landa på 252 meter og sette ny verdsrekord, ja då var det ikkje fritt for anna enn det kom ei tåre i augekroken. Og ei veke seinare vart Robert den fyrste i verda som har hoppa 250 meter i to bakkar, då han sette ny bakkerekord i Planica. Så eg er ikkje så reint lite stolt av han! Åkledet på veggen bak meg har eg forresten brodert sjølv, og startnummeret som eg har festa på det, har Robert brukt i eit verdscuprenn. Faren min døydde av hjartesvikt, berre 56 år gamal. Eg fekk sjølv hjarteinfarkt for snart 30 år sidan, og eit nytt infarkt noko seinare. Dette gav meg ein støkk, så no trenar eg kvar tysdag og torsdag på Nes. Ein yngre bror av meg døydde også ung. Han vart berre 25 år gamal, og døydde av tuberkulose. Han var heime på permisjon frå Glittre sanatorium, men ville ikkje tilbake då permisjonen var omme, så han døydde heime. Det var vondt å miste han, for vi sto kvarandre nær, broren min og eg. Elles må eg seie at eg var ein ivrig elgjeger frå 1949, og fram til eg ga meg i 2012, 85 år gamal. Den siste tida var vi 10 jegerar på laget, og vi hadde mange fine stunder saman. Eg vil også nemne at eg snart skal vere med svigersonen min til garden hans i Nord-Noreg. Då skal eg opp i fly for fyrste gong, og tanken på det gjer at det kriblar litt i magen! No i august fyller eg 90 år, og då skal det vere selskap med over 50 gjester. Eg gler meg skikkeleg, for det skal bli kjekt å møte heile slekta att! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2023 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑