Tag

Skogens ro

Sander Goflebakke Lyseng, Rogne, fødd 2002

Eg har lenge hatt lyst til å byrje med lafting, og har drive å klundra litt for meg sjølv. Men det var fyrst då eg vart med på eit laftekurs tidlegare i år, at eg verkeleg fekk dreisen på det. No har eg så smått byrja å setje opp eit lite anneks i laft, og eg har dessutan fått skore opp noko 8 toms furutømmer, som eg skal lafte ei stove av. For ei tid tilbake pussa eg opp ein moped frå botn, og no har eg plukka frå kvarandre ein gamal Ford 4000 traktor, som eg skal setje i stand att. Då eg vart konfirmert tidlegare i år kjøpte eg ein bil, ein Volvo 940 1995 modell, for konfirmasjonspengane. Bilen var temmeleg strøken, med unnatak av ein noko bulka framskjerm, så eg har retta opp skjermen, og gjort han klar til lakkering. Det har seg nemleg slik at eg likar alt som durar, så eg har både bil, seks motorsager, traktor og moped. Eg gler meg til eg blir 16 år i februar, så eg kan byrje å køyre moped. Bestefar min er med meg når eg øvingskøyrer; han køyrer bak med motorsykkel, og eg putrar fremst på moped. Han bestefar er forresten eit stort førebilete for meg. Han er både hjelpsam og snill, seier aldri nei, og er med på alt eg ber han om. Han kan og veit mykje om mangt, så dersom eg er i tvil om korleis noko skal gjerast, tenkjer eg på han, og korleis han ville løyst det. Når eg blir ferdig på ungdomsskulen til våren, vil eg ta naturbruksfag det fyrste året på vidaregåande, skogbruk det andre året, for så å bli lærling det siste året. Målet er at eg skal byrje å køyre hogstmaskin. For det likaste eg veit er å vere ute. Når eg er ute i skogen og høgg tømmer, og fyrar opp eit bål der eg kokar kaffi og steikjer flesk, då kan eg ikkje betre ha det! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Jan Bjørn Fossnes, Fagernes, fødd 1951

Eg har no vore frisør i vel 50 år på Fagernes. Det heile starta då eg byrja i lære hjå Sverre Hagaseth, der Cirkle K stasjonen ligg i dag. Her var det parfymeri i fyrste etasje og frisørsalong i etasjen over, ein kombinasjon som førte til at han gav bedrifta si namnet Combi. Etter ei tid kjøpte eg herresalongen og starta for meg sjølv, og leigde lokale i etasjen over der Skogstad hadde klesforretning. Til å byrje med dreiv eg åleine, men etter kort tid vart Gunnar Skogen tilsett, og han arbeidde hjå meg i mange år. Dei siste tre åra har dottera mi jobba i lag med meg i salongen. Eg har ingen planar om å gje meg enno, men når den dagen kjem, er det ho som skal overta drifta. Det artigaste eg har opplevd i salongen, var då Eric Heiden kom innom for å klippe seg i 1981. Han hadde då vunne fem OL-gull, og var på treningsleir saman med det amerikanske OL-laget på Sanderstølen. Av andre kundar vil eg nemne dei som har klipt seg hjå meg heilt sidan eg byrja, og at det er nokre familiar der eg no klipper fjerde generasjon. Det er mange hyttefolk som er faste kundar, og eg har kundar frå Gol, Gjøvik, Torpa og Dokka. Ja, ein av kundane mine reiser endatil heilt frå Skien, og brukar om lag fire timar kvar veg for å kome seg hit og få klipt seg. Utanom salongen dreiv eg i vel 20 år med travhestar. Hestane mine deltok på mange nasjonale løp, og vann nokre òg, men «Østfoldgubben» var nok den likaste. Dei siste 20-30 åra har eg vore med sju-åtte kompisar på småviltjakt. Eg skyt ikkje, for det er det sosiale, og kosen rundt bålet med kaffi, steikt egg og flesk, som er det viktigaste for meg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑