Tag

Slidreøya

Stian Rosendal, Moaskogen, Fagernes, fødd 1974

Når eg ser tilbake på barndomen, er det turane med familien som sit att som dei finaste minna. Mora mi er frå Sogn, og om sumrane reiste vi dit for å hjelpe til på garden. Vi ferierte også på Sørlandet og i Danmark, og var ofte på stølen vår, Gomostølen, der det vart mange fine ski- og fjellturar. Etter tre år på idrettslina avtente eg fyrstegongsteneste, og hadde vikarjobb i fengselet i Slidre. Men så kom sambuaren min inn på hotellhøgskulen i Stavanger, og eg fekk vikarjobb i Stavanger kretsfengsel, så vi flytte. Vi budde i Stavanger i to og eit halvt år, før ferda gjekk vidare til Oslo. Eg fullførte fengselsskulen, og etter at vi hadde vorte foreldre til ein gut i 2000 og ei jente i 2003, flytte vi til Fagernes. Vel heime fekk eg fast jobb på Slidreøya, fyrst som betjent, og dei siste åra som leiar. Eg hugsar særleg godt dei unge gutane som var inne til soning, der alt hadde svikta rundt dei i oppveksten. Så kjem dei til ein liten plass der dei plutseleg blir sett og høyrt, og får tillit til oss som jobbar der. Det hadde stor tyding for dei, men også for meg, for det er særs gjevande å kunne hjelpe, og utgjere ein skilnad i eit menneske sitt liv. Men då eg hadde passert 40 tenkte eg at om eg skal gjere noko anna, må eg gjere det no. Så eg byrja i Gjensidige Valdres, og trivst veldig godt med det. For også her jobbar eg med folk som eg kan hjelpe, om enn på ein annan måte. Elles er det familien som tek opp det meste av tida, og som er viktigast for meg. Borna sparkar fotball og går på ski, og eg har følgt opp som best eg kan. Og kvar måndag er det middag heime hjå ho mor, der heile familien møtest. Då er det den gode samtalen som gjeld, der vi kan diskutere alt frå det heilt nære, til det som skjer ute i verda. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Tony Arbøll Olsen, Midtre Hansegarden, Slidre, fødd 1967

Far min var fascinert av den amerikanske kulturen, av amerikanske bilar, av countrymusikk og dessutan rock´n´roll frå 1950 og -60 talet. Så då eg som smågut var med når vi duva rundt i eit flak av ein amerikanar, med god musikk på stereoanlegget, vart det sjølvsagt til at også eg vart hekta. Eg vaks opp i Nedre Eiker, og vart tidleg med i amcarmiljøet i Buskerud. Den fyrste amerikanaren eg åtte kjøpte eg då eg var 16, ein 1964-modell Chevrolet Chevelle, og sidan har det vorte mange fleire. Då eg var 23 år gamal, vart eg intervjua på radioen av ein amcarentusiast som hadde sitt eige program, og det gjekk så bra at han ville ha meg med som medprogramleiar. Seinare fekk eg eige radioprogram, fyrst «Shake rattle´n´roll» på Skedsmo radio, og seinare «Tony´s hillbilly heaven» på Østfold nærradio. Som radiovert fekk eg intervjue mange kjende countryartistar, mellom andre Tanya Tucker og Bobby Bare, noko som sjølvsagt var store opplevingar. Det var gjennom radioen eg møtte kona mi også. Ho likar countrymusikk, og var fast lyttar til programmet mitt. Ein dag sa ho at ho ville møte meg, og det vart full klaff. Vi gifta oss kort tid etter, i 2001. Eg har jobba vel 25 år i kriminalomsorga, og då eg fekk tilbod om jobb ved Slidreøya i 2009, flytte vi til Valdres. Tidlegare har eg flytt ein del rundt, men då vi kom hit, kjende vi at vi hadde funne ein plass der vi kunne slå oss til ro. For her stiller folk opp for kvarandre, og vi vart  inkluderte frå fyrste stund. Sidan vi dessutan fekk gode naboar og hyggelige kollegaer, vart det eit enkelt val; her vil vi bli værande! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Mari Andreassen, Lysenghaugen, Ulnes, fødd 1988

Eg kjem opphavleg frå Begnadalen, men flytte derifrå då eg var 15 år gamal for å gå på vidaregåande skule. Kort tid etter vidaregåande fekk eg jobb ved fengselet på Slidreøya, der eg framleis arbeider. På Slidreøya har vi fokus på at dei innsette skal ut att i samfunnet, og vi har på mange måtar vore leiande når det gjeld å gje dei innsette best mogleg føresetnader for å kunne lukkast etter enda soning. Men eg kjenner at eg ynskjer å hjelpe menneskje gjennom heile rehabiliteringsprosessen, og ikkje berre gjere førearbeidet slik tilfellet er i eit fengsel. Derfor vil eg søkje meg inn på sosionomstudiet ved ein høgskule, slik at eg skal få den naudsynte faglege tyngda til denne type arbeid. Sidan 2012 har eg drive med styrketrening, tre til sju dagar i veka. Sidan eg trenar åleine har det til tider vore vanskeleg å motivere seg, men eg fekk ny inspirasjon til å halde fram etter at eg byrja å leie treninga for nokre damer på Slidretun. Og då det vart avhalde konkurranse i strongmanøvingar i Slidre no i vår, melde eg meg på. Det angrar eg ikkje på, for det var veldig artig, og jammen vann eg òg! Det vart konkurrert i tre øvelsar: Fyrst skulle vi lyfte ein 41 kg tung stokk så mange gonger som mogleg over hovudet på eitt minutt, noko eg klarte fem gonger. Så gjekk vi ei 20 meter lang løype to gonger med 55 kg i kvar hand, der det var om å gjere å bruke så lite tid som råd. Til slutt var det markløft, der ein skal lyfte så mykje ein klarar frå bakken og opp til hofta. Eg klarte 125 kg, og for ei jente som veg 65 kg, er vel ikkje det så verst?  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Hanne Grøneng, Vika, Fagernes, fødd 1968

Det er no snart 20 år sidan vi flytte til Valdres, mannen min og eg. Han er frå Tønsberg og hadde lyst til å bu i Vestfold, og eg kjem frå Balestrand og hadde lyst å bu i Sogn, så vi valde å busetje oss i Valdres, midt mellom! Dessutan vaks mor mi opp i Valdres, og eg har familie i Øystre Slidre, så eg kjende godt til dalen frå før. Sjølv om vi har funne oss godt til rette og har det fint på alle måtar, må eg seie at eg ofte saknar Sogn. Derfor tek eg turen fleire gonger om året, slik at eg kan møte igjen gamle vener, plukke eple på fruktgarden til foreldra mine, gå litt i fjellet, og gjenoppleve gode barndomsminner. Eg må også få med meg Balejazz kvart år, for då er det mykje folk, god musikk og god stemning i Balestrand. Eg er sosialarbeidar i hjarte og sinn, og har alltid vore sterkt engasjert i sosialt arbeid. Gjennom heile livet har eg vore heldig; eg har gode, kloke foreldre, og har vore skåna for store livskriser og alvorlege hendingar, så eg kjenner på eit behov for å gje noko tilbake. No jobbar eg ved fengselet på Slidreøya. Her har vi starta eit tilbakeføringsprosjekt som har vekt oppsikt, og som har byrja å spreie seg utover kriminalomsorga i heile Norge. Vi vart til og med inviterte til Skaugum på grunn av dette prosjektet, og det er sjølvsagt ei stor anerkjenning for oss. Vi har to jenter på 18 og 20 år, så livet er i ferd med å gå inn i ein ny fase. Noko av det beste eg veit er å lese tjukke bøker, sjå god film, og invitere nye og gamle vener på god mat og drikke. Og det blir det nok meir tid til i åra som kjem. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ola Johan Kongslien, Ulnes, fødd 1988

Det er ikkje alle karar som er fødd og oppvaksne i Valdres som kan seie at dei har vorte «tvangsgifte», men det kan eg! Ho som skulle bli kona mi hadde nemleg sjukepleiepraksis i Tanzania, og ein gong eg reiste ned for å besøkje henne, fekk eg fyrste kvelden beskjed om at dagen etter skulle vi gifte oss! Eg visste ikkje noko om at ho hadde førebudd bryllaup til eg kom, så det var mildast tala ei stor overrasking. Før vigselen fekk vi to timar ekteskapsrådgjeving, der kona mi mellom anna fekk beskjed om at ho skulle lystre sin mann! Vi vart vigde av ein lokal prest, og til stades var ei rekkje masaikrigarar, og 15-20 sjukepleiarstudentar frå Akershus. Forlovaren min var hovdingson og masaikrigar, og under kleda hadde han ein 50 cm lang kniv. På festen etterpå spelte eit lokalt band, og minst 100 menneske frå landsbyen dansa og underheldt. Bryllaupsreisa gjekk til Zanzibar dagen etter, og vi køyrde 12 timar med buss for å kome oss dit. Vel framme reiste vi på safari, og fekk sjå det rike dyrelivet, og alt det fine som Afrika har å by på. Det var eit makelaust flott bryllaup, og eit minne for livet! No, seks år seinare, har vi nett kjøpt oss hus i Ulnes. Her bur vi saman med sønene våre, som blir to og fire år seinare i år. Eg er eigentleg odelsgut på ein gard i Vang, men det er broren min som kjem til å ta over drifta. For tida arbeider eg ved fengselet i Slidreøya, og trivst veldig godt med det. Ved sidan av jobbane våre driv vi og pussar opp huset og jobbar i hagen, og med to søner som er aktive og fulle av liv, er det full fart og mykje å henge fingrane i! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2023 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑