Tag

Song og musikk

Gunvor R. Heiene, Hedalen, fødd 1941

Eg vaks opp på eit lite bruk der vi hadde nokre dyr, og han far dreiv i skogen ved sida av. Vi hadde også eit par–tre pasientar frå Prestsæter, som mor mi tok seg av. Og eg og dei to systrene mine hjelpte til, og lærte oss tidleg å arbeide. Etter lærarskulen var eg lærar i Oslo eit par år, før vi tok over garden i 1966, og flytte heim. Ved sida av gardsdrifta var eg lærar i Hedalen fram til 1993, med unntak av eitt år, då eg var statssekretær i Utdannings- og forskingsdepartementet. For eg har vore politisk aktiv, og har mellom anna sete fire periodar i kommunestyret, og var leiar for Oppland Krf ein periode. Eg har også vore leiar for Hamar bispedømmeråd. I 1993 reiste vi til Nepal, der vi var i tre og eit halvt år. Eg var rektor på ein norsk skule i Katmandu, og hadde også ei stilling som norsk konsul. Dette var ei særs gjevande tid, der eg lærte mykje om kultur- og språkforskjellar. Ein gong fekk vi litt pengar av nokon som var på besøk, som dei ville at vi skulle gje til nokon trengande. Pengane gjekk til ein fattig familie, slik at sonen deira, Umesh, og syskena hans kunne halde fram på skulen. Sidan vart Umesh som ein son for oss, og vi hjelpte han til sumararbeid og studiar i Norge. Med litt hjelp, store evner og hardt arbeid, vart han sivilingeniør. Han bur no i Trondheim med kona si, Kabita, som det vart laga ein film om. Filmen, som vart veldig populær i Nepal, vart delvis spelt inn i Valdres. Vel heime var eg kyrkjeverje til eg gjekk av med pensjon i 2005, men tok seinare på meg ei 40% stilling som lærar for flyktningar. No er eg medlem av eldrerådet i kommunen, og er med og arrangerer den kulturelle spaserstokken, der musikarar spelar på Hedalsheimen. Men på nyåret skal vi til Spania i tre veker, og det gler eg meg til! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ingebjørg Mansåker Wigdel, Lundsmarka, Grindaheim, fødd 1946

Då eg var lita, sende mora mi meg på eit kurs i saum og strikking, fordi eg var så uroleg. Etterpå byrja eg å strikke i skuletimane, så det vart nok rolegare i klassen, om ikkje anna! Det vart uansett starten på ein livslang hobby, og ei attåtnæring. Eg vaks opp i Laksevåg ved Bergen, der eg tok til som lærarvikar etter artium. Men så møtte eg Magnor i 1966, og seinare på året gifte vi oss, og flytte saman til Øystese. To år seinare spleisa eg og tre venninner på ei strikkemaskin. Og då Magnor fekk jobb som rektor ved skulen i Vang i 1972, kjøpte eg ut venninnene mine, og tok med meg strikkemaskina til Valdres. Her i Valdres var det familieliv, deltidsarbeid og ei rekkje verv som tok tida mi. Eg var mellom anna kretsleiar og landsstyremedlem i Norges Husmorforbund, leiar for Vang Høgre, leiar for Vang meinigheitsråd, og redaktør av meinigheitsbladet. Av hobbyar og interesser, kjem song og musikk høgt på lista. Eg har sunge i kor i over 40 år, og då eg slutta med det for fire år sidan, byrja eg på seniordans, og tok til å spele langeleik. Når det gjeld arbeid, har eg hatt deltidsjobb i kommunen i alle år. Noko av det mest gjevande eg har gjort, var å leie oppgraderinga av kommunehuset på byrjinga av 2000-talet. Elles må eg trekkje fram bedrifta eg starta i 1981: «IngWi Model», som framleis er i drift, der eg strikkar mellom anna genserar, kåper, frakkar og luer, med utsal frå huset. Kleda er strikka av to-tråda Raumagarn, og er av god kvalitet. Ja, det er faktisk nokon som framleis brukar klede dei kjøpte av meg på -80-talet! Kleda er populære, med kjøparar frå heile landet, og jamvel frå Sverige og USA. Og ein gong, under ei utstilling på Beitostølen, var det endatil ei dame som ville kjøpe kleda eg hadde på meg! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2024 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑