Tag

Sosialt arbeid

Hans Enger, Fagernes, fødd 1947

Etter gymnaset var eg sivilarbeidar på Grimebakken, som var ein heim for psykisk utviklingshemma born og unge. Desse fine menneska gjorde eit sterkt inntrykk på meg, noko som vart avgjerande for at eg resten av yrkeslivet valde å jobbe med menneske med ulike utfordringar. Så etter siviltenesta flytte eg til Oslo, og tok dei neste seks åra utdanning innan sjukepleie, sosialt arbeid og diakoni. Eg har bestandig likt å reise, og på barneskulen skreiv eg jamvel stil om kor sterkt eg lengta etter å få vere på tur. No har eg vore rundt i store delar av verda, der særleg eit besøk i Etiopia for nokre år sidan sette sine spor: Kvinnene stod opp før sola, for å gå 10–12 kilometer etter brensel. Dei samla kvistar i ein stor haug, og bar den tunge børa på krokete ryggar same vegen tilbake, for så å lage mat til mennene sine. Frå den dagen av lovde eg meg sjølv at eg aldri meir skulle klage på eigne vegne. Frå 2000 til 2003 flytte eg til USA for å jobbe i sjømannskyrkja i New Orleans. Eg gjorde alt frå å rake lauv til å avhalde gudstenester, men var for det meste på skipsbesøk hjå norske sjøfolk. Dette var ei fantastisk fin tid i ein by eg vart uendeleg glad i, og som eg har vitja fleire gonger sidan. Ja, eg har til og med vore her som turistguide tre gonger! No har eg vore pensjonist i ni år, men eg er framleis aktiv. Eg sit i styret på Stabburshella, og har vore med i pilegrimsfellesskapet sidan starten i 2003. Dessutan skriv eg i Kyrkjeliv, eg er veldig glad i å gå i fjellet, og er ein ivrig fotograf – særleg med fuglar som motiv. Men når eg skal slappe av er eg åleine heime, og set meg til med nokre av fotobøkene mine, med jazz frå New Orleans, eller Beethovens niande symfoni på full styrke. Då skal eg seie deg det er ein som trør takta! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Stian Rosendal, Moaskogen, Fagernes, fødd 1974

Når eg ser tilbake på barndomen, er det turane med familien som sit att som dei finaste minna. Mora mi er frå Sogn, og om sumrane reiste vi dit for å hjelpe til på garden. Vi ferierte også på Sørlandet og i Danmark, og var ofte på stølen vår, Gomostølen, der det vart mange fine ski- og fjellturar. Etter tre år på idrettslina avtente eg fyrstegongsteneste, og hadde vikarjobb i fengselet i Slidre. Men så kom sambuaren min inn på hotellhøgskulen i Stavanger, og eg fekk vikarjobb i Stavanger kretsfengsel, så vi flytte. Vi budde i Stavanger i to og eit halvt år, før ferda gjekk vidare til Oslo. Eg fullførte fengselsskulen, og etter at vi hadde vorte foreldre til ein gut i 2000 og ei jente i 2003, flytte vi til Fagernes. Vel heime fekk eg fast jobb på Slidreøya, fyrst som betjent, og dei siste åra som leiar. Eg hugsar særleg godt dei unge gutane som var inne til soning, der alt hadde svikta rundt dei i oppveksten. Så kjem dei til ein liten plass der dei plutseleg blir sett og høyrt, og får tillit til oss som jobbar der. Det hadde stor tyding for dei, men også for meg, for det er særs gjevande å kunne hjelpe, og utgjere ein skilnad i eit menneske sitt liv. Men då eg hadde passert 40 tenkte eg at om eg skal gjere noko anna, må eg gjere det no. Så eg byrja i Gjensidige Valdres, og trivst veldig godt med det. For også her jobbar eg med folk som eg kan hjelpe, om enn på ein annan måte. Elles er det familien som tek opp det meste av tida, og som er viktigast for meg. Borna sparkar fotball og går på ski, og eg har følgt opp som best eg kan. Og kvar måndag er det middag heime hjå ho mor, der heile familien møtest. Då er det den gode samtalen som gjeld, der vi kan diskutere alt frå det heilt nære, til det som skjer ute i verda. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Sigrid Tordis Nyberg, Sør-Etnedal, fødd 1946

Då eg var lita syntest eg det var stas å få vere med på jobb i lag med mor mi, som var tenestejente, og far min, som køyrde lastebil. Og heilt sidan den gong har eg likt å ha mykje å gjere, både når det gjeld jobb, hobbyar, politikk, samt lag- og foreiningsarbeid. Men eg har òg sett andre sider ved livet. Då eg var ni år gamal tok bestefaren min livet sitt, og seinare var eg med å pleie både far, mor, bestemor og bror til dei døydde. Rett etter tenåra budde eg i Oslo nokre år, der eg mellom anna råka borti ein del alkoholikarar som eg tok meg tid til å bli kjend med. Eg lærte å sjå dei som likeverdige menneske, og innsåg at vi inst inne er like alle saman. Og då eg vart sosialsjef i Etnedal kommune i 2006, fekk eg god bruk for alle erfaringane eg hadde hausta gjennom livet. Eg er etnedalspatriot, og stemde mot kommunesamanslåinga i Valdres. For viss alt skal administrerast frå Fagernes, kor blir det av Etnedal då? Kvifor skal ein bli større når det er så mange fordelar ved å vere liten? På bygda er det lettare å gå inn i til dømes ein familie, og hjelpe dei til å ordne opp i problema sine sjølve. For skal ein hjelpe folk må ein møte dei, og ikkje tru at alt kan løysast frå ei maskin. Det er også mykje lettare å få tak i samarbeidspartar, slik at ein snøgt kan finne gode løysingar. Dessutan er ikkje Valdres eit lite, flatt område. Her er kupert og store avstandar, så det tek tid å kome seg til og frå, og det vil gå med mykje tid og pengar til reising. Så om reknestykket ser fint ut på papiret, ser det verkelege reknestykket kanskje heilt annleis ut. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Hanne Grøneng, Vika, Fagernes, fødd 1968

Det er no snart 20 år sidan vi flytte til Valdres, mannen min og eg. Han er frå Tønsberg og hadde lyst til å bu i Vestfold, og eg kjem frå Balestrand og hadde lyst å bu i Sogn, så vi valde å busetje oss i Valdres, midt mellom! Dessutan vaks mor mi opp i Valdres, og eg har familie i Øystre Slidre, så eg kjende godt til dalen frå før. Sjølv om vi har funne oss godt til rette og har det fint på alle måtar, må eg seie at eg ofte saknar Sogn. Derfor tek eg turen fleire gonger om året, slik at eg kan møte igjen gamle vener, plukke eple på fruktgarden til foreldra mine, gå litt i fjellet, og gjenoppleve gode barndomsminner. Eg må også få med meg Balejazz kvart år, for då er det mykje folk, god musikk og god stemning i Balestrand. Eg er sosialarbeidar i hjarte og sinn, og har alltid vore sterkt engasjert i sosialt arbeid. Gjennom heile livet har eg vore heldig; eg har gode, kloke foreldre, og har vore skåna for store livskriser og alvorlege hendingar, så eg kjenner på eit behov for å gje noko tilbake. No jobbar eg ved fengselet på Slidreøya. Her har vi starta eit tilbakeføringsprosjekt som har vekt oppsikt, og som har byrja å spreie seg utover kriminalomsorga i heile Norge. Vi vart til og med inviterte til Skaugum på grunn av dette prosjektet, og det er sjølvsagt ei stor anerkjenning for oss. Vi har to jenter på 18 og 20 år, så livet er i ferd med å gå inn i ein ny fase. Noko av det beste eg veit er å lese tjukke bøker, sjå god film, og invitere nye og gamle vener på god mat og drikke. Og det blir det nok meir tid til i åra som kjem. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2025 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑