Tag

Tømmerhogst

Per Olav Svenskerud, Hagalund, Røn, fødd 1949

Eitt av dei kjæraste minna eg har, var då eg som smågut fekk vere med bestefar min å køyre mjølkebåt på Storefjorden. Dette var før det vart bygd ordentleg veg til stølane i området, så mjølka vart henta med båt. Vi måtte tidleg opp; klokka var berre fire då vi gav oss i veg i morgonstilla. Det var posthus på Nøsen på denne tida, og det var han bestefar som tok med posten til stølane rundt fjorden. Vi var som regel framme på Nøsen ved åttetida om morgonen, og dersom beteninga åt frukost når vi kom, vart vi bedne til bords. Eg syntest det var gjævt å kome til dekka bord, og få sitje saman med dei andre vaksne. Dessutan var eg svolten etter fleire timar på fjorden, så maten smakte godt. Det å arbeide har heile tida vore viktig for meg, og eg var ikkje meir enn sju år då eg byrja å jobbe. Då vart alt fôret på garden slegen med ljå, og arbeidet tok til klokka halv fire om morgonen. Vi dreiv ofte på til både elleve og halv tolv om kvelden før vi gav oss. Og når vi var ferdige med å slå på garden, reiste vi til stølen og slo der. Slik dreiv vi på heile sumaren. Men då eg vart konfirmert, hadde eg tent nok pengar til å kjøpe ei motorslåmaskin. Det var ikkje så mange som hadde slik reiskap då, og eg reiste rundt på fleire gardar og hjelpte til med slåtten. Sjølv tok eg over garden her i 1973, og dreiv med mjølkekyr dei neste 40 åra. Ved sida av garden hadde eg ei rekkje jobbar, til dømes snikkar- og skogsarbeid, eg var feiar i 20 år, og vaktmeister i 23 år, og dreiv dessutan med ein del taktekking, samt muring av piper. Etter at eg vart pensjonist, har eg vore støttekontakt for to personar, og hjelpeverje for to andre. Eg er glad for at eg enno kan gjere ein innsats, for eg er ikkje skapt for å sitje på ræva! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Sander Goflebakke Lyseng, Rogne, fødd 2002

Eg har lenge hatt lyst til å byrje med lafting, og har drive å klundra litt for meg sjølv. Men det var fyrst då eg vart med på eit laftekurs tidlegare i år, at eg verkeleg fekk dreisen på det. No har eg så smått byrja å setje opp eit lite anneks i laft, og eg har dessutan fått skore opp noko 8 toms furutømmer, som eg skal lafte ei stove av. For ei tid tilbake pussa eg opp ein moped frå botn, og no har eg plukka frå kvarandre ein gamal Ford 4000 traktor, som eg skal setje i stand att. Då eg vart konfirmert tidlegare i år kjøpte eg ein bil, ein Volvo 940 1995 modell, for konfirmasjonspengane. Bilen var temmeleg strøken, med unnatak av ein noko bulka framskjerm, så eg har retta opp skjermen, og gjort han klar til lakkering. Det har seg nemleg slik at eg likar alt som durar, så eg har både bil, seks motorsager, traktor og moped. Eg gler meg til eg blir 16 år i februar, så eg kan byrje å køyre moped. Bestefar min er med meg når eg øvingskøyrer; han køyrer bak med motorsykkel, og eg putrar fremst på moped. Han bestefar er forresten eit stort førebilete for meg. Han er både hjelpsam og snill, seier aldri nei, og er med på alt eg ber han om. Han kan og veit mykje om mangt, så dersom eg er i tvil om korleis noko skal gjerast, tenkjer eg på han, og korleis han ville løyst det. Når eg blir ferdig på ungdomsskulen til våren, vil eg ta naturbruksfag det fyrste året på vidaregåande, skogbruk det andre året, for så å bli lærling det siste året. Målet er at eg skal byrje å køyre hogstmaskin. For det likaste eg veit er å vere ute. Når eg er ute i skogen og høgg tømmer, og fyrar opp eit bål der eg kokar kaffi og steikjer flesk, då kan eg ikkje betre ha det! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Eldor Bråthen, Hedalen, fødd 1938

Då eg byrja på lærarskulen var eg 26 år gamal, utan annan skule enn framhaldsskulen. Vi hadde opptaksprøve i alle fag, og om lag 1/3 av søkjarane kom inn. Best hugsar eg prøva i solosong. Eg valde ei vise av Skjæraasen, fordi eg likar Skjæraasen, og fordi det var ein bra melodi. Det viste seg at familien til sensor var gode vener av Skjæraasen, og at far hennar hadde skrive melodien. Så det vart ikkje så mykje song, men vi hadde ein interessant samtale. Til eksamen trekte eg mellom anna orgelspel. Sidan eg har problem med å spele med båe hendene, fekk eg lov å bruke berre høgrehanda. Etterpå fortalde musikklæraren min at eg hadde spelt i feil takt, men eg fekk no godkjent! Siste året på lærarskolen døydde far min, og mor mi såg helst at eg flytte heim. Eg fekk arbeid ved skulen i Hedalen, der eg var frå 1969 til 2004. Eg har bestandig vore glad i å lese, noko eg kan takke morfar min for. Han var tømmerhoggar utan utdanning, men han las mykje. Som smågut spurde eg han om kva eg burde lesa. «Falkberget», svara bestefar. Så eg las «Den fjerde nattevakt», og dermed var det gjort. I 1978 fekk eg utgjett ei diktsamling. Seinare laga eg nokre viser som ungdomslaget har brukt, og eg har skrive om husmorlaget, ungdomslaget, vassfarbrøtningen, skogeigarlaget, helselaget, Bautahaugen og Fekjær psykiatriske senter. Elles har eg vore med på jubileumsheftet til Hedalen barne- og ungdomsskole, og nyleg fekk eg eit skriveoppdrag for idrettslaget. For tre år sidan fekk eg Sør-Aurdal kommune sin kulturpris, og den set eg høgt. For når eg ser på alle dei som har gjort utruleg mykje bra arbeid utan å få pris, blir eg både stolt og audmjuk. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑