Tag

ulv

Inger Ågesdotter Hovengen, Norda Berget, Ryfoss, fødd 1956

Eg hadde ein veldig fin oppvekst på ein gard nørdst i Vestre Slidre, som foreldra mine kjøpte året før eg vart fødd. Som på garder flest måtte vi borna hjelpe til frå vi var små, noko som gav oss eit godt grunnlag å byggje vidare på seinare i livet. Eg vart også tidleg veldig glad i dyr, og det hende faktisk at eg sov saman med sauene! Far min hadde eit sterkt politisk engasjement, noko som også smitta over på meg. Ved sida av å ha hatt ein del verv i AP og i fagrørsla, var eg frå midten av 1990-talet politisk rådgjevar for Jørgen Kosmo og Grete Knudsen, og var også statssekretær fram til regjeringsskiftet. Etter ei særs interessant tid i Regjeringa, var eg næringssjef i Andøy kommune nokre år. Eg likte meg  godt der oppe i Vesterålen, og sjølv om eg hadde ein veldig gjevande jobb, var det også krevjande. Til slutt gjekk det på helsa laus, og eg vart utbrend. Så eg flytte tilbake til min barndoms rike, der eg fekk påfyll av mykje god energi frå familie og vener. Og gode nettverk er viktig. Det fekk eg verkeleg erfare då sonen min, Ståle, døydde av kreft for eit par månader sidan. Far min gjekk bort berre eit par månader tidlegare, så det har vore, og er framleis, ei tøff tid for meg. Når det gjeld politikk, blir eg eitrande forbanna når born, unge og funksjonshemja ikkje får dei tenestene dei har krav på, og at vi, som eit av verdas rikaste land, ikkje har råd til å gje medisin som kan vere livgjevande og livsforlengjande til dei som er sjuke. Og ulven då, denne lystmordaren som er med på å øydeleggje ei heil næring, har ikkje livets rett, spør du meg! Elles er eg glad i å fotografere, særleg dyr, noko som er reine terapien for meg, og eg har dessutan ein hund eg er veldig glad i. Eg har også ein hage eg likar å stelle i, så no ser eg fram til at det skal bli vår! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

John Egil Rud, Johmsborg, fødd 1962

I 2009 vart eg vitne til at ei kongeørn tok eit av lamma mine. Ørna klarte å lette med lammet, og flaug om lag 300 meter av garde med det. Lammet synte seg å vege 10,6 kg når eg vog det, og det var etter at ørna hadde forsynt seg noko. Så den reelle vekta var nok nærare 11 kilo. Denne hendinga vekte oppsikt, sidan fagpersonane syntest å vere einige om at ei ørn ikkje klarar å lette med ei bør på meir enn tre-fire kg. Hendinga vart omtala i 2015, i eit fagtidsskrift som heiter «Kungsørnen», som kjem ut for sal i Norge, Sverige, Danmark og Finland. Eg likar å observere og ta til meg kunnskap frå fleire sider, før eg uttalar meg om noko. Eg har mellom anna stor sans for fleire av rovdyra våre, sjølv om eg som sauebonde har ein del tap av sau til rovdyr kvart år. Men ulven har eg ikkje noko til overs for. Medan dei andre rovdyra kan ta eit lam eller ein sau for å brødfø seg, forsyner ulven seg grovt i flokken, og drep mange fleire enn han treng til mat. Dette er sjølvsagt fortvila for ein som forsøkjer å leve av å vere sauebonde. Ei av dei store interessene mine er fotball. Favorittlaget mitt er Newcastle, og eg følgjer sjølvsagt med på Valdres FK. Det likaste eg opplevde som spelar – eg var keeper – var då eg vart krinsmeister for Slidre, 15-16 år gamal. Den faste keeperen vår var innkalla til rep.øving i militæret, og det stod mellom meg og ein annan om å overta plassen hans. Dei valde meg. Finalen gjekk mot Begnadalen, og det var stor stemning med tribunane fulle av begnadølar og slidringar. Vi vann 4-2. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Jon Vidar Krogseth, Røn, fødd 1964

Eg vaks opp på Oppsal i Oslo, rett ved Austmarka. Frå eg var ein smågut, tok mor mi meg med på mange turar, og Austmarka vart på ein måte eit klasserom for meg. Her lærte eg å setja pris på naturen, og dyra som ein naturleg del av den. I 1974 vart det brått bestemt at vi skulle busetje oss i Røn, der mor mi vaks opp. Her kom eg endå tettare på naturen, og eg fekk ei auka interesse for rovdyr. Eg må seie eg er oppgjett over kor unyansert syn det er på rovdyra våre, og då særleg ulven. Av 2,7 millionar sau som går på beite her til lands, blir om lag 120 000 borte. Av dei som blir borte tek rovdyra anslagsvis 10%, og ulven berre 10% av det igjen. Det er med andre ord godt over 100 000 sauer som døyr av andre årsakar enn rovdyr, men det er det lita merksemd rundt. Det er heller ikkje registrert noko ulveangrep (ville ulvar) på menneske sidan registreringane tok til i år 1800, så frykta mange har for ulven i dag, er ikkje reell. I staden for å skyte ulven, meiner eg at bøndene må få hjelp til å sikre dyra sine, anten ved å få sett opp rovdyrsikre gjerder, eller ved å gjete dei. Likeeins bør «feller» i naturen, i form av myrhol og skrentar, gjerdast inn og sikrast, slik at dei ikkje utgjer ein fare for beitedyra. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2023 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑