Tag

Verkstad

Pål Bredesen, Moane, Rogne, fødd 1981

Far min var industrimekanikar, og hadde også verkstad heime. Eg lærte mykje av han, og fekk frie tyglar til å drive med det eg ville. Då eg var 16 byrja eg på elektrolina, samstundes med at eg var med Øyvind Abelsen og produserte lysdimmarar og -miksarar på kveldar og i helger. Etter ei stund la vi merke til at det vart meir etterspurnad etter scener. Eg laga tre–fire mobile scener i kjellaren heime, før eg etablerte firmaet MTI Norge AS i 2007, og vi er no totalleverandør av scener, lys- og lydsystem. Vi har fem årsverk, og har sett bransjestandarden innan scenemål. Dei mobile scenane vi lagar finst i fire ulike storleikar, der den minste er på 4 X 6 meter, og den største er 10 X 7 meter. Scenane blir produsert i lette og sterke material, og kan fraktast med ein stor personbil eller varebil. Men sidan vi har ambisjonar om å utvide for eksport nedover i Europa, og scenane våre blir litt for små for store festivalar, driv vi no å utviklar ein scene på 220 m². Denne må fraktast med semitrailer. Elles driv vi med import og sal av lyd- og lysutstyr, og har ein del oppdrag med rigging av utstyr til så vel mobile, som permanente scener. Dessutan driv vi med produksjon av datastyrte skjerebord, og tek på oss oppdrag som sandblåsing, sveising av alle typar metall, og lakkering. Eg er litt stolt av at vi har klart å etablere ei solid bedrift, og at vi driv i eige hus. Vi har sett opp to bygningar på til saman 1000 m², der det eine er verkstad og kontor, og det andre er lager. Og i fjor fekk vi endatil Øystre Slidre kommune sin næringspris, og det var litt stas! Utanom jobb likar eg å skru og køyre bil. Eg har ein gatebil med om lag 450 hestar, samt ein 1966 Chevelle og ein 1980-modell Corvette Stingray. Ein skal jo ha det litt moro også! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Rune Håvard Hansen, Gosen/Volbu, fødd 1976

Då eg var 10 år fekk far min MS. Sjukdomen gjorde at han vart sint og frustrert, og sinnet hans var nok med å prege barndomen min. Og var det noko eg lærte i denne tida, var det at ein må leve her og no og nyte tilværet – anten ein er på jobb eller har fri. For fram til far min vart sjuk jobba han mykje, og eg bestemde meg for at slik ville ikkje eg leve livet mitt. Og slik vart det. Ein kollega av meg bygde seg hus, og då eg såg kor mykje arbeid det var, sa eg til meg sjølv at eg aldri skulle byggje sjølv. Men sidan eg er veldig nøye av meg, fann eg ikkje noko som var heilt slik eg ville ha det, då eg og kjærasten min såg oss om etter husvære. Dermed vart det til at vi bygde likevel. Vi byrja å bygge i 2004, og eg sette opp det meste av huset sjølv. Sidan eg var ganske flink til å spare vart huslånet nedbetalt på nokre få år, og utan huslån er eg ikkje så bunden, og kan ta meg litt meir fri. Så no er eg snikkar for Fjellbygg om vinteren, og er gjetar i Haldorbu fellesdrift eit par dagar i veka om sumaren. Huset har verkstad i kjellaren. Eg elskar nemleg å skru og fikse på gamle bilar, mopedar og traktorar. Og sidan eg er så nøye av meg, blir eg kanskje ekstra glad når eg har gjennomført eit prosjekt der eg er nøgd med resultatet. Av køyretøy har eg mellom anna ein 1970-modell Opel Rekord, som eg dreg på treff med eit par gonger om året. Eg har også ein 1982-modell Honda MT5 moped som har vore i familiens eige sidan slutten på 1980-talet, og som eg har hatt i 20 år. Mopeden låg i delar borti bygda då eg fekk tak i han. Dei siste åtte–ni åra har eg vore med i Skrævarrokken Mopedlaug, der eg stiller opp på den årlege turen rundt Volbufjorden, så sant eg kan. Her har det i alle fall vore oppe i 130 køyretøy, så det er det moro å få vere med på! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2021 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑