Tag

Damefotball

Tone Englund, Beitostølen, fødd 1956

Foreldra mine ville ikkje vite av meg, så eg vart sett bort til besteforeldra mine då eg var eitt år, og vart adoptert av tanta og onkelen min året etter. Adoptivfaren min jobba i forsvaret så vi flytte mykje rundt, og det lengste vi var på ein stad, var fem år. Derfor slo eg aldri heilt rot nokon stad, men då eg kom til Valdres for fyrste gong i 1975, var det kjærleik ved fyrste blikk! I tida som følgde budde eg fleire periodar på Beitostølen, medan eg reiste ut mellom anna for å gå landbruksskule, lærarskule og idrettshøgskule. Idrett har vore ein viktig del av livet mitt, heilt sidan eg var småjente. Eg dreiv med friidrett i barne- og ungdomsåra, og sprang seinare Oslo Maraton, Holmenkollstafetten, Villmannen og Fjellmaraton, samt Hardhausen, der ein skulle gå Birkebeinaren, springe ein halvmaraton og sykle Trondheim–Oslo i løpet av eit kalenderår. Eg spelte også fotball for damelaget til Øystre Slidre. Men i 2004 vart eg akutt sjuk, og måtte byrje med rullestol vinteren 2006. Det var tøft å snu om frå eit aktivt liv på beina til å bli sitjande i rullestol, samstundes med at eg måtte slåst for å få ein tilrettelagt arbeidsplass. Heldigvis lærte eg noko av alle arbeidsåra i stallen på Helsesportsenteret, og av å ha vore følgjesvein i mange år under Riddarrennet: Eg såg at det gjekk an å leve eit aktivt liv med funksjonshemming, og det gav meg stor inspirasjon. Så i tida som følgde vart det mykje hard trening, men også konkurransar. Til dømes pigga eg Fjellmaraton fem gonger, og Oslo maraton tre gonger. Eg er ute kvar dag, og det likaste eg veit er anten å ri ein tur, eller å pigge ein tur på skikjelke eller i rullestol. Og no vil eg få meg ein fuglehund, for den store draumen er å ri på jakt i dette fjellområdet som eg har tapt hjartet mitt til. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Karoline Lihagen Granum, Vika, Fagernes, fødd 1992

På ungdomsskulen opplevde eg at ei veninne av meg døydde i ei trafikkulykke, og eg byrja å få tankar om å kunne hjelpe andre som vart råka av ulykker. Men som for ungdomar flest var ikkje skule det mest spennande, og etter ei hending vart eg kalla inn til rektor Svein Ole Lappen, som gav meg ein skikkeleg alvorsprat. Denne samtalen vart ein vekkar, og eg byrja å jobbe hardt mot målet mitt om å bli ambulansearbeidar. Året etter fekk eg 5,3 i snitt, og kom inn på lina for ambulansefag på Raufoss! Medan eg budde på Raufoss spelte eg fotball for damelaget der, som var i den nest øvste divisjonen. Det var veldig artig, men også slitsamt, for vi hadde to treningsøkter kvar dag. No jobbar eg ved ambulansen på Fagernes, der eg mellom anna har vore med på tre fødslar i bilen. Det er naturlegvis ikkje like kjekt når vi får inn ein hardt skadd person som vi ikkje greier å berge livet til, men desto meir gledeleg når vi bidreg til å redde liv, og pasienten kan reise heim til sine. Jobben er gjevande, og eg får vere til stades når folk treng meg som mest, både i tragedier og under lykkelege omstende. Av legning er eg lesbisk, eg er gift med Tina, og saman har vi ein son på 20 månader. Eg har fått mykje skryt fordi eg var så modig at eg torde å «kome ut av skåpet». Slik eg ser det har eg berre vore tru mot den eg er, for eg vil ikkje at livet mitt skal vere eit skodespel. Men eg veit at det er mange homofile i Valdres som har valt å flytte ut, fordi dei føler at dei ikkje kan stå fram her, sidan dei er redde for konsekvensane. Eg har sjølv erfart at det ikkje er farleg, og har ikkje opplevd noko negativt etterpå, heller tvert imot. Derfor vil eg oppmode dei som gøymer seg i skåpet om å kome ut, og vere tru mot seg sjølve. Bli heil! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2025 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑