Espen Austdal, Robølsbygdé, Heggenes, fødd 2000

Då eg var to år gamal fekk eg ein leikesaksofon. Med eit fast grep om saksofonen klatra eg opp på eit bord, der eg stelte meg opp for å spele og halde show for dei som var til stades. Så interessa for musikk og det å underhalde andre, har eg hatt lenge! Eg er ikkje vaksen opp i ein musikalsk familie, men bror min tok gitartimar. Han gav seg likevel ganske fort, men gitaren hadde han, og eg såg mitt snitt til å tjuvlåne han. Og slik gjekk det til at eg byrja å spele gitar, og det har eg halde fram med i snart 12 år no. I mars 2013 var eg med å starte opp bandet «The Rebels», etter å ha spelt fem år i «Sunflower Seeds», med mellom andre Andreas frå «The Rebels». Med «The Rebels» har vi gjett ut tre singlar og ein EP, vi gjekk vidare i UKM i 2014 og 2016, og vann valdresmeisterskapen i rock både i 2013 og i år. Eg syng og spelar gitar, medan Andreas Bærøy Nordsveen spelar trommer, og William Alexander Dalen spelar bass. Vi spelar punkrock/rock, lagar våre eigne songar, og syng på engelsk. Det er William som skriv tekstane, og eg lagar melodiane. Vi var veldig inspirerte av «Green Day» i byrjinga, men seinare har vi vorte meir allsidige, for vi ville ikkje bli sett på som eit «Green Day coverband». Så no ynskjer vi helst å spele berre eigne songar, krydra med ein coverlåt ein gong i mellom. Når det gjeld ambisjonane våre, håpar vi å få gjett ut eit album neste år, og vi har eit ynskje om å få spele på fleire festivalar. Vi gjer vårt beste under konsertane, og drøymer om at musikken kan bli eit levebrød etter kvart. Men fyrst skal vi… Continue Reading →

Sigrid Tordis Nyberg, Sør-Etnedal, fødd 1946

Då eg var lita syntest eg det var stas å få vere med på jobb i lag med mor mi, som var tenestejente, og far min, som køyrde lastebil. Og heilt sidan den gong har eg likt å ha mykje å gjere, både når det gjeld jobb, hobbyar, politikk, samt lag- og foreiningsarbeid. Men eg har òg sett andre sider ved livet. Då eg var ni år gamal tok bestefaren min livet sitt, og seinare var eg med å pleie både far, mor, bestemor og bror til dei døydde. Rett etter tenåra budde eg i Oslo nokre år, der eg mellom anna råka borti ein del alkoholikarar som eg tok meg tid til å bli kjend med. Eg lærte å sjå dei som likeverdige menneske, og innsåg at vi inst inne er like alle saman. Og då eg vart sosialsjef i Etnedal kommune i 2006, fekk eg god bruk for alle erfaringane eg hadde hausta gjennom livet. Eg er etnedalspatriot, og stemde mot kommunesamanslåinga i Valdres. For viss alt skal administrerast frå Fagernes, kor blir det av Etnedal då? Kvifor skal ein bli større når det er så mange fordelar ved å vere liten? På bygda er det lettare å gå inn i til dømes ein familie, og hjelpe dei til å ordne opp i problema sine sjølve. For skal ein hjelpe folk må ein møte dei, og ikkje tru at alt kan løysast frå ei maskin. Det er også mykje lettare å få tak i samarbeidspartar, slik at ein snøgt kan finne gode løysingar. Dessutan er ikkje Valdres eit lite, flatt område. Her er kupert og store avstandar, så det tek tid å kome seg til og frå, og det vil gå med mykje tid og pengar til reising. Så om reknestykket ser fint ut på papiret, ser det… Les mer →

Tony Arbøll Olsen, Midtre Hansegarden, Slidre, fødd 1967

Far min var fascinert av den amerikanske kulturen, av amerikanske bilar, av countrymusikk og dessutan rock´n´roll frå 1950 og -60 talet. Så då eg som smågut var med når vi duva rundt i eit flak av ein amerikanar, med god musikk på stereoanlegget, vart det sjølvsagt til at også eg vart hekta. Eg vaks opp i Nedre Eiker, og vart tidleg med i amcarmiljøet i Buskerud. Den fyrste amerikanaren eg åtte kjøpte eg då eg var 16, ein 1964-modell Chevrolet Chevelle, og sidan har det vorte mange fleire. Då eg var 23 år gamal, vart eg intervjua på radioen av ein amcarentusiast som hadde sitt eige program, og det gjekk så bra at han ville ha meg med som medprogramleiar. Seinare fekk eg eige radioprogram, fyrst «Shake rattle´n´roll» på Skedsmo radio, og seinare «Tony´s hillbilly heaven» på Østfold nærradio. Som radiovert fekk eg intervjue mange kjende countryartistar, mellom andre Tanya Tucker og Bobby Bare, noko som sjølvsagt var ei stor oppleving. Det var gjennom radioen eg møtte kona mi også. Ho likar countrymusikk, og var fast lyttar til programmet mitt. Ein dag sa ho at ho ville møte meg, og det vart full klaff. Vi gifta oss kort tid etter, i 2001. Eg har jobba vel 25 år i kriminalomsorga, og då eg fekk tilbod om jobb ved Slidreøya i 2009, flytte vi til Valdres. Tidlegare har eg flytt ein del rundt, men då vi kom hit, kjende vi at vi hadde funne ein plass der vi kunne slå oss til ro. For her stiller folk opp for kvarandre, og vi vart  inkluderte frå fyrste stund. Sidan vi dessutan fekk gode naboar og hyggelige kollegaer, vart det eit enkelt val; her vil vi bli værande! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Randi Marie Hagen, Roagrendé, Reinli, fødd 1959

Med unntak av eitt år, har eg vore på stølen kvart år sidan 1960. Stølen ligg på sørre Fjellstølen, eller Roafjellstølen som det heiter frå gamalt. Det var mange ungar her då eg var lita, og ikkje så einsamt som heime, så her var det godt å vere. Alle åra på stølen har gjeve meg mange fine minner å sjå tilbake på. Noko av det fyrste eg hugsar, er at eg byrja å drikke kaffi då eg var tre år gamal, og at eg ofte bad nabokjerringa til kaffislabberas i dokkestova. Det at eg fekk besøk av ein vaksen, var stor stas. Sjølve gardsdrifta var temmeleg tungvinn, og det var snautt med pengar, så vi fekk til dømes ikkje bil før i 1974. Det var ei folkevogn som vart brukt til å køyre så vel sauer som mjølkespann i. Eg tok over drifta då eg var 19 år gamal, sidan far min var dårleg, og eg dreiv garden heilt åleine i vel 30 år. Dei siste åra var eg veldig sliten, men eg tok ikkje omsyn til det kroppen prøvde å fortelje meg. Så eg køyrde meg sjølv for hardt, og sleit meg heilt ut. Men til sist innsåg eg alvoret, og i 2013 vart krøtera leverte. No driv eg med ein del frivillig arbeid, for eg synest det er veldig gjevande å kome meg ut og treffe andre, og kjenne at eg kan vere til nytte. Mellom anna les eg vers av Prøysen på ein kvileheim. Dette gler dei gamle seg stort over, og det er nesten ikkje måte på all takksemd eg får. Ein annan ting eg har stor glede av, er å gå turar. Eg kan knapt tenkje meg noko som er betre både for kropp og sjel enn å vere til fjells, ta ein rast ved… Les mer →

Petter Saunes, Beitostølen, fødd 1952

Eg vaks opp ikkje så langt frå Odda i Hardanger, og flytte til Loen i Sogn og Fjordane då eg vart 19. Der jobba eg på hotell Alexandra om sumrane, og var sjømann haust og vinter. Men i oktober 1976 flytte eg til Valdres, og byrja i jobben som barassistent på Beito høyfjellshotell. Det var meininga eg skulle vere på Beitostølen berre ein vintersesong, men her er eg altså enno. Sidan eg hadde stått mykje på ski heilt sidan eg var ein gutunge, søkte eg etter kvart arbeid på skiskulen. Eg vart skiinstruktør hausten 1979, og tok skilærareksamen tre år seinare. Eigentleg vart eg pensjonist for tre år sidan, men eg jobbar framleis heile vinteren, og går no inn i min 39. sesong. Eg må seie eg har vore heldig som kan leve av å stå på ski, og ynskjer å halde fram to-tre sesongar til. På skiskulen vår er det høve til å ta kurs, og få ei internasjonalt godkjend utdanning som skiinstruktør. Kursa er i regi av Den Norske Skiskole, og allereie etter å ha take to av fire moglege kurs, kan ein søkje seg jobb i utlandet. Sidan eg flytte til Beitostølen for vel 40 år sidan, har det vore stor hytteutbygging, og vi har hatt ein auke i kundetalet kvart år. Tilbodet vårt er utvida med aktivitetar også om sumaren, og vi heiter no Beitostølen aktiv og skiskole. Sist år var det i overkant av 10.000 menneskje som nytta seg av tilboda våre. Dei er tydeleg godt nøgde, for i år fekk vi fortreffelegheitsbevis frå TripAdvisor, som er ei anerkjenning til forretningar i reiselivsbransjen som har levert framifrå kundeopplevingar. Og det er sjølvsagt ei utmerking vi er stolte av å ha fått. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Jorunn Elise Veflen, Høresbygdé, Ryfoss, fødd 1982

Garden, som vi overtok i 2012, har vore i familien sidan 1875. Det var tippoldefar min, som kom frå Hemsedal, som kjøpte han då. Men sjølve garden er eldre, for her har vore drift sidan 1726. Eg trivst veldig godt med å vere bonde, og vere saman med dyra. Og har eg ein dårleg dag er det godt å vere i fjøset, for dyra er takknemlege for å sjå meg, og jagar bort alle vonde tankar. Men det er også mykje ansvar, og mykje å tenkje på når ein har gard, mellom anna det komande lausdyrkravet: Skal vi byggje på det eksisterande fjøset, eller skal vi byggje nytt? Dessutan har vi ein del gjeld på garden, så vi må vere bevisste på korleis vi investerer. Eg har ein mastergrad i matvitskap etter fem år på skulen i Ås, og jobbar til dagleg ved mattilsynet. Men sidan eg vil vere meir heime hjå dei 15 månader gamle tvillingane våre, har eg permisjon, men tek til att å jobbe deltid på nyåret. Elles sit eg i styret i bondelaget i Vang, og i styret i Høre/Ryfoss idrettslag. Når det gjeld idrettslaget, er eg glad for at dei har fått til aktivitetar på skulen nesten kvar dag, både for store og små, sidan det er med på å halde bygda levande. Eg likar å lese bøker, og er veldig glad i handarbeid og baking. Det blir nok til at eg bakar meir enn sju slag til jul, og eg lagar meir enn vi treng sjølve, for det er fint å gje bort noko også. Men det beste eg veit er å vere på stølen i Raudalen. Då likar eg å tenne levande lys og gjere opp i peisen, og anten spele kort saman med vener, eller vere åleine med ei god bok. Her… Les mer →

Sindre Tronrud, Fagernes, fødd 2000

Far min spelte trekkspel i «Askeladden», og Asle Tronrud spelar fele i «Staut». Dei er tremenningar, og når dei møttest på hytta, spelte dei saman. Då stilte eg meg opp saman med dei, og lata som eg var med og spelte. Desse stundene på hytta inspirerte meg til å byrje og spele sjølv, så då eg var fem år gamal tok eg til å øve på fiolin. Eit par år seinare gjekk eg over til hardingfele, som eg har spelt sidan. Eg har vore med på fire landskappleikar der eg konkurrerer i hardingfele klasse C, som er for dei mellom 12-18 år. I fjor vart eg nummer to, eitt poeng bak vinnaren. Klasse A og B er for dei over 18 år, der klasse B er «2. divisjon». Draumen er sjølvsagt at eg kan spele meg opp i klasse A, og vinne den. Elles tok eg imot «drømmestipendet» i år, som blir delt ut til 100 unge norske talent kvart år. Vi fekk 10.000 kroner kvar, og det var stor stas å få denne anerkjenninga. Jan Beitohaugen Granli er læraren min, og dessutan eit av førebileta mine. Han har mellom anna vunne hardingfele klasse A under landskappleiken. Eit av råda han har gjett meg, er å spele så mykje til dans som råd, for det er den beste treninga ein kan få. Så når høvet byr seg spelar eg opp til dans, anten åleine eller saman med andre. For tida går eg andre året på vidaregåande skule, der eg tek studiespesialisering. Etter vidaregåande vil eg søkje på folkehøgskulen på Rauland, som er ei landskjend skule med eit stort folkemusikkmiljø. Det er ikkje lett å leve av musikken, for det er mange om beinet. Så kor vegen går etter folkehøgskulen, er ikkje godt å seie. Sjå video av Sindre Tronrud her … Les mer →

Jeanette Karlsen, Slidre, fødd 1988

Eg er fødd og oppvaksen i Oslo, men sidan familien min har hytte i Hemsedal, vart eg tidleg glad i fjellet. Så då eg fekk tilbod om ei stilling som kiropraktor ved Valdres kiropraktikk i fjor vår, flytte eg på flekken! Dessutan har eg tre hundar, mellom anna to engelsksetterar som krev mykje mosjon, og dei set sjølvsagt også stor pris på å kome til fjells, der det er rikeleg av boltreplass. Eg tok utdanninga mi som kiropraktor i England. Fyrst gjekk eg fem år på skule før eg flytte heim og tok eitt års praksis, og fekk master i kiropraktikk. Dernest tok eg ei tilleggsutdanning på eitt år, slik at eg også kunne behandle dyr. Kiropraktikk på dyr er ganske nytt, og er eit tilbod mange ikkje veit om. Men sidan også dyra har musklar og skjelett, kan dei få dei same plagene som oss. Det er flest hundar og hestar eg får inn til behandling, men eg kan ta imot alle dyr som har ryggrad, alt frå papegøyar til elefantar. Eg samarbeider naturleg nok tett med veterinærar, og vurderer frå gong til gong om eg kan behandle dyret sjølv, eller om det må tilvisast vidare. Likeeins har det hendt at eg har fått inn kompliserte tilfelle der veterinær har vore inne, men der det ikkje er funne nokon årsak til plagene. Og når eg då har klart å hjelpe dyret til å blir friskt att, er det sjølvsagt gledeleg. På det personlege plan har eg ein draum om å kjøpe eit småbruk saman med kjærasten min, der vi kan halde hestar, hundar og geiter. Eg har tidlegare drive med mellom anna sprangriding, og eitt av dei største ynska mine er å byrje å ri igjen, for det saknar eg veldig.  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ole Bjørn Fløgum, Bøvarstogo, Etnedal, fødd 1980

Sidan både far min og bror min var interesserte i bil, og dessutan nokre av kompisar mine, vart også eg biten av basillen. Dette har medført at eg har eigd nokre titals bilar gjennom åra, og nett no har eg 16, der seks av dei har skilt. Eg skrur og tek meg av alt det mekaniske sjølv, medan eg set bort oppretting og lakkering til andre. Nitti prosent av bilane eg har hatt er Opel, og det er dei gamle bakhjulstrekkarane eg likar best. Av bilane eg har no, er det nok den bak meg som er den gjævaste, ein 1968-modell Opel Kadett Rallye coupe 1900. Eg har vore på 15 Opel-treff med denne bilen, og har fått åtte premiar for han. Rallye coupe er ein ganske sjeldan bil som det ikkje vart selt mange av, fordi han hadde større motor, og var derfor noko dyrare enn ein standard Kadett B. No i dag er det nok ikkje meir enn 20-30 Rallye coupe registrert i Norge. Eg er glad for at det er så godt bilmiljø i Valdres og Oppland, for det er artig når ein møter andre med same interesse, og kan bli kjent med så mange fine folk. I denne samanhengen må eg nemne at vi er ein gjeng motorinteresserte som møtest på Bergfossenteret på Dokka kvar veke, til sosialt samvær, kaffi og mat. Og ikkje nok med det, vi har jamvel julebord kvart år! Det likaste eg veit, er når det er fint summarvær ein laurdag, eg har god tid, og kan ta ein tur med ein av veteranbilane mine. Den kjensla eg får av å ha fridom til å gjere kva eg vil, at eg kan stoppe for å ete middag ein stad, og berre nyte dagen, nei, den kan ikkje målast i pengar! På slike… Les mer →

Berit Bang Thorsrud, Nørre Bangsøygarden, Bagn, fødd 1953

Det er nok fleire hendingar som har gjort inntrykk på meg dei siste åra, men skal eg velje ut ein ting, vil eg trekkje fram turane eg har hatt på pilegrimsvegen gjennom Valdres, som eg gjekk fyrste gong for 10-12 år sidan. Turen går frå Hedalen stavkyrkje til St. Thomaskyrkja på Filefjell, og vi går om lag 20 kilometer kvar dag, og brukar åtte dagar frå vi startar til vi kjem fram. Ein blir ikkje tvinga på nokon kristen bodskap, men kjensla når ein bevegar seg sakte oppover den vakre dalen vår, der vi ser han når han er på sitt mest blømande rett etter sankthans, kan nok få ein til å undre seg om det ikkje står ei skapande kraft bak alt dette storslagne, trass alt. Dessutan vil det å gå slik i stille, utan å prate, gjere at ein tømmer hovudet for alle tankar, og det ein opplever her og no, blir veldig stort. Ein kan sjølvsagt ikkje prate om pilegrimsvegen utan å nemne Jahn Børe Jahnsen, som er ein bauta å rekne i denne samanhengen. Ikkje berre har han stor kunnskap om Valdres si historie, han er også ein utruleg flink formidlar, og fortel levande om dei plassane og kyrkjene vi kjem til. Dessutan er pilegrimspresten som er med, Anne Hilde Øigarden, flink til å fortelje om det som angår pilegrimshistoria. Historiene og nærværet deira syter for at turen blir enno meir meiningsfull, og at ein endatil lærer noko. Dei som er med på turane kjem frå alle lag av folket, med alder frå ca 10 til 80 år. Men det som undrar meg, er at det er så få valdrisar som er med. Så eg vil oppmode flest mogleg valdrisar til å ta turen, for eg kan garantere at dersom du blir med, vil du ikkje… Les mer →

Arnfinn Kløvstad Nordsveen, Øvrebygdé, Rogne, fødd 1972

Då vi var små, var vi med foreldra våre til Stavern i summarferiane. Eg fekk vere med faren min og fiske småmort ved svaberga, noko som skulle bli starten på mi store interesse for fisking. Fyrst var det slukstonga som gjaldt, men då eg for alvor tok til å fiske med fluge i 2005, gjekk interessa over til å bli ein lidenskap. Så no er ute og fiskar nesten kvar dag, frå januar til månadsskiftet november/desember. Det som driv meg er naturopplevingane, dessutan synest eg det er fascinerande å finne ut kva fisken et. Nokon gonger er det veldig lett å finne den rette fluga, andre gonger er det heilt umuleg; fisken bit ikkje same kva ein byr på av godbitar. Flugene bind eg sjølv, og eg synest det er artig å eksperimentere og prøve noko nytt. Eg er med på konkurransar òg. Fyrst var eg med på casting, der eg prøvde meg på langkasting, men no er det konkurransefisking som gjeld. Eg konkurrerer i norgescupen, som er fire konkurransar i året, og NM. Kvar konkurranse går over to dagar, der det er om å gjere å ta mest mogleg fisk, og så er det premie til den som tek den største fisken. Dessutan er eg fylkesinstruktør i flugefisking i Oppland Jeger- og Fiskeforbund, og blir hanka inn som instruktør når dei lokale forbunda i Oppland ynskjer å avhalde kurs. Vi bur i eit fiskeparadis her i Valdres, og eg reiser ikkje utanfor dalen for å fiske anna enn når det er konkurransar. Men eg har likevel ein draum om ein gong å kunne reise til Patagonia i Chile, og til Island for å fiske. Ved sidan av ein storslagen natur, er det mykje stor fisk her, så det er eg viss på hadde vore ei stor oppleving. (Tekst og… Les mer →

Anne Lajord Belsheim, Liagardane, Vang, fødd 1962

Vi tok over garden etter slektningar av mannen min, som ikkje hadde etterkomarar. Dei fyrste åra hadde vi berre sau, men då mjølkekvota held på å gå ut, fann vi ut at vi skulle halde geiter òg. Vi byrja i det små med ti geiter, men ynskte snart fleire, og reduserte i staden saueflokken. Så no har vi om lag 30 vinterfôra sau og 150 geiter, der noko av kjøtet blir male til kurv som vi sel. I tillegg har vi nokre få mohairgeiter, kaninar, hund og katt. Eg er utdanna førskulelærar med eit halvår i spesialpedagogikk, og var styrar i Fredheim barnehage i 18 år. Men sidan gardsarbeidet kravde mykje tid, sa eg opp stillinga mi for å vere fulltid på garden. Sjølvsagt saknar eg ungane i barnehagen, og samarbeidet med dei vaksne, men eg har funne ein måte å kompensere for dette. Sidan 2005 har eg nemleg drive «inn på tunet», der utvalde ungar opp til 18 år får tilbod om å ta del i det som skjer på garden. Det er utruleg gjevande å ha desse barna på garden, for vi får sterke band til kvarandre, og det er så flott å sjå at tida på garden gjer dei godt, og at dei er så nøgde. Elles er eg politisk aktiv, og representerer SP i kommunestyret. Eg brenn for at bygda skal vere levande, slik at folk blir verande, og nye kjem til. Då er vi avhengige av å halde saman, og at det skjer noko i bygda. Eg er ikkje ein person som greier å vere uverksam, men må ha noko å drive med. Sidan eg sit i  kommunestyret, er eg med i fleire ulike lag og organisasjonar, men eg er òg aktiv medlem i mållaget, og jobbar deltid med trusopplæring i kommunen. Så det er… Les mer →

Ola Rogn, Slidre, fødd 1972

Eg er med på den årlege kabareten i regi Røn musikklag, der eg denne vinteren var med for nittande gong. Dessutan er eg med på revyane som bygdekvinnelaget skipar til, kvar syttande mai på samfunnshuset i Røn. Eg må seie at særleg revyane syttande mai er artige å vere med på. Då er det fullt hus, stemninga er høg, og latteren sit laust. Førestillinga blir sett opp to eller tre gonger, men ingen av førestillingane er heilt like. Dette kjem av at vi likar å improvisere, med fleire spontane replikkar som ikkje er avtalt på førehand. Og eg kan love deg at det mange gonger er vanskeleg å halde seg alvorleg! Sist haust var eg så heldig å få vere mellom dei utvalde valdrisane som vart inviterte til kongeparet sin hagefest i Slottsparken. Det var veldig høgtideleg, og det var flott å sjå alle bunadane, samedraktene og dei festkledde menneskja. Det var sjølvsagt ei stor ære å få vere med, og ei oppleving eg seint vil gløyme. Elles er eg oppteken av politikk, og sit no mi fjerde periode i kommunestyret, der eg representerer bygdelista. Eg har eit gardsbruk der eg driv med grasproduksjon, dessutan likar eg å gå på elgjakt om hausten. Vi er sju stykke som jaktar i åsen ovanfor Slidre, og her er det så godt med dyr, at vi ikkje har problem med å fylle kvota vår. Av meir personlege erfaringar, opplevde eg å miste syster mi i 1992. Ho døydde av kreft, 30 år gamal.  Ein gjer seg naturleg nok opp nokre tankar når nokon av eins næraste døyr, særleg når dei går bort så unge. For det er ingen sjølvfølgje at ein skal leve lenge, så ein får gjere det beste ut av den tida ein har. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Inger Brenna, Skrautvål, fødd 1997

Då eg var lita, syntest eg det var veldig artig å få ansvaret for fjøsstellet åleine, og kjenne at eg vart tiltrudd eit så stort ansvar. Det var også artig å leike med kalvane, og lære dei opp til mellom anna å hoppe hinder. Dessutan var det stor stas med alle hyttefolka og ungane deira, som kom innom på stølen for å sjå på dyra våre, og då særleg kalvane. Oppgåvene på ein gard er mangfaldige, og ein lærer noko nytt heile tida. Eg fekk også vere med far min på mange av oppdraga hans som snikkar, så eg lærte meg tidleg å arbeide. Eg set veldig stor pris på at eg fekk ein slik oppvekst, for eg har fått med meg gode verdiar heimanfrå, og har mange fine minner å sjå tilbake på. For tida er eg student ved høgskulen på Gjøvik, der eg går andre året på sjukepleiarutdanninga. Når eg er heimatt i helger og feriar, jobbar eg på VLMS og ved eit barneavlastingstilbod på Leira. Dessutan hjelper eg til på garden, og eg trenar ein del, så det er ikkje vanskeleg å få tida til å gå. Sidan tida no har vorte knappare, såg eg meg nøydd til å leggje langrennssatsinga på hylla i fjor. Eg vann fleire krinsmeisterskap, men det som var gjevast å vere med på, var hovudlandsrennet, der dei beste 15- og 16-åringane i landet konkurrerer. Her fekk eg ein fjerde plass som den beste individuelle plasseringa mi, dessutan var eg med og tok gull i stafett for laget til Oppland. Etter studiane har eg lyst til å arbeide med barn/ungdom, aller helst førebyggjande. Men eg er òg glad i dyr, og er ikkje framand for å ta over garden. Uansett kva som skjer, vil eg helst bli buande i Valdres. (Tekst og foto:… Les mer →

Jan Bjørn Fossnes, Fagernes, fødd 1951

Eg har no vore frisør i vel 50 år på Fagernes. Det heile starta då eg byrja i lære hjå Sverre Hagaseth, der Cirkle K stasjonen ligg i dag. Her var det parfymeri i fyrste etasje og frisørsalong i etasjen over, ein kombinasjon som førde til at han gav bedrifta si namnet Combi. Etter ei tid kjøpte eg herresalongen og starta for meg sjølv, og leigde lokale i etasjen over der Skogstad hadde klesforretning. Til å byrje med dreiv eg åleine, men etter kort tid vart Gunnar Skogen tilsett, og han arbeidde hjå meg i mange år. Dei siste tre åra har dottera mi jobba i lag med meg i salongen. Eg har ingen planar om å gje meg enno, men når den dagen kjem, er det ho som skal overta drifta. Det artigaste eg har opplevd i salongen, var då Eric Heiden kom innom for å klyppe seg i 1981. Han hadde då vunne fem OL-gull, og var på treningsleir saman med det amerikanske OL-laget på Sanderstølen. Av andre kundar vil eg nemne dei som har klypt seg hjå meg heilt sidan eg byrja, og at det er nokre familiar der eg no klypper fjerde generasjon. Det er mange hyttefolk som er faste kundar, og eg har kundar frå Gol, Gjøvik, Torpa og Dokka. Ja, ein av kundane mine reiser endatil heilt frå Skien, og brukar om lag fire timar kvar veg for å kome seg hit og få klypt seg. Utanom salongen dreiv eg i vel 20 år med travhestar. Hestane mine deltok på mange nasjonale løp, og vann nokre òg, men «Østfoldgubben» var nok den likaste. Dei siste 20-30 åra har eg vore med sju-åtte kompisar på småviltjakt. Eg skyt ikkje, for det er det sosiale, og kosen rundt bålet med kaffi, steikt egg og flesk, som… Les mer →

Margrethe Døvre Ayres, Døvrislykkja, Fagernes, fødd 1953

Draumen min om å bli kunstmålar kom då eg gjekk på barneskulen, etter at Ralph Styker teikna meg på tavla i klassen. Men det var ingen som støtta meg i kunstnardraumen, så eg tok i staden tekstil- og keramikkutdanning, og vart formingslærar på ein folkehøgskule i Troms. Elevane var berre nokre få år yngre enn meg, og det var vanskeleg å halde disiplin i klasserommet. Dette gjorde at eg vart litt skremt, og lærarkarrieren vart lagt på hylla for godt. Deretter flytte eg litt rundt, men etter 12 år utanfor Valdres, fann eg ut at eg ville ta ein snøggtur heim. Men då møtte eg Leslie Ayres; ein biletkunstnar som absolutt ville bu ved Jotunheimen, og det enda i giftemål. Vi fekk ein bustad med utsikt mot fjellheimen i bryllaupsgåve av foreldra mine, så snøggturen vart ikkje så snøgg som eg hadde meint. Eg dreiv lenge med batikk, også før eg vart gift, men ga meg på grunn av alle giftstoffa. Sidan har eg drive med akrylmåling, og hadde mi siste separatutstillinga i 2012. Etter den tid har vi pussa opp husa på garden, og eg har vore nøydd til å bytte ut båe hofteledda, så eg har ikkje fått måla nok bilete til ei ny utstilling enno. Men når eg berre får måla fleire, vonar eg å få stilt dei ut. Vi har hatt frie yrke, Leslie og eg, men han har vore mykje oppteken. Difor har eg vore på studiereiser i fleire verdsdelar på eiga hand, og var mellom anna borte nær eit år for å lære meir om batikk hjå nokre aboriginarar i Australia, og hjå ein kunstnar i Malaysia. Men av alle dei stadene eg har sett, kan eg med handa på hjartet seie at eg ikkje har funne nokon vakrare plass enn her eg bur… Les mer →

Ernst Wilhelm Wagner, Lundejordet, Etnedal, fødd 1955

Etter at eg var tilskodar på eit dragrace i Sverige i 1973, bestemde eg meg for å byrje å køyre sjølv. Året etter reiste eg tilbake som deltakar, og vart med det av dei fyrste nordmennene som køyrde dragbike. Nokre år seinare, i 1980, sette eg norsk rekord med sykkelen som no står i stova mi. Sykkelen har om lag 250 hestekrefter, og gjorde unna dei 402,33 metrane på 10,5 sekund. Farten ved mållina var 225 km/t. Dei siste åra har eg køyrt skandinavisk cup, som er seks løp i Sverige og Norge. Eg konkurrerer i klassen classic dragbike, med ein sykkel eg har bygd sjølv. Sykkelen kan ikkje vere nyare enn frå 1974, teknisk sett, for at ein skal kunne delta i denne klassen. Eg vann skandinavisk cup i 2014 og 2015, og var eitt poeng bak fyrsteplassen i 2016. Dessutan fekk eg prisen «årets dragbiker» i 2015. Eg er utdanna mekanikar, og hadde frå ung alder eigen verkstad, som på midten av 80-talet gjekk frå å vere ein hobby til eit levebrød. Som mekanikar har eg fått eit rykte for å gjere ein god jobb, og eg får tilsendt motorar frå heile landet til ombygging og overhaling. Og mellom dei som likar gamle engelske motorsyklar, samt i dragracemiljøet, er eg nok for kjendis å rekne. Elles vart eg spurt om å starte opp ei mekkegruppe for utvalde elevar ved ungdomskulen i Sør-Aurdal for 12-13 år sidan, noko eg sa ja til. Skulen har halde fram med dette, noko både eg og elevane set stor pris på. Eg synest det er utruleg gjevande, og elevane får moglegheit til å omsetje teori i praksis, og samstundes oppleve mestring. Mekkegruppa har synt seg å vere særs vellukka, og tilbakemeldingane frå så vel foreldre, lærarar og elevane sjølv, er udelt positive.  (Tekst… Les mer →

Mari Andreassen, Lysenghaugen, Ulnes, fødd 1988

Eg kjem opphavleg frå Begnadalen, men flytte derifrå då eg var 15 år gamal for å gå på vidaregåande skule. Kort tid etter vidaregåande fekk eg jobb ved fengselet på Slidreøya, der eg framleis arbeider. På Slidreøya har vi fokus på at dei innsette skal ut att i samfunnet, og vi har på mange måtar vore leiande når det gjeld å gje dei innsette best mogleg føresetnader for å kunne lukkast etter enda soning. Men eg kjenner at eg ynskjer å hjelpe menneskje gjennom heile rehabiliteringsprosessen, og ikkje berre gjere førearbeidet slik tilfellet er i eit fengsel. Derfor vil eg søkje meg inn på sosionomstudiet ved ein høgskule, slik at eg skal få den naudsynte faglege tyngda til denne type arbeid. Sidan 2012 har eg drive med styrketrening, tre til sju dagar i veka. Sidan eg trenar åleine har det til tider vore vanskeleg å motivere seg, men eg fekk ny inspirasjon til å halde fram etter at eg byrja å leie treninga for nokre damer på Slidretun. Og då det vart avhalde konkurranse i strongmanøvingar i Slidre no i vår, melde eg meg på. Det angrar eg ikkje på, for det var veldig artig, og jammen vann eg òg! Det vart konkurrert i tre øvelsar: Fyrst skulle vi lyfte ein 41 kg tung stokk så mange gonger som mogleg over hovudet på eitt minutt, noko eg klarte fem gonger. Så gjekk vi ei 20 meter lang løype to gonger med 55 kg i kvar hand, der det var om å gjere å bruke så lite tid som råd. Til slutt var det markløft, der ein skal lyfte så mykje ein klarar frå bakken og opp til hofta. Eg klarte 125 kg, og for ei jente som veg 65 kg, er vel ikkje det så verst?  (Tekst og foto: Arne… Les mer →

Glenn Wikerholmen, Øvre Røn, fødd 1975

Til hausten er det to år sidan eg vart med i Valhall Bueskytterlag, der eg no er kontaktperson. Vi er mellom åtte til ti valdrisar som møtast for å skyte ein gong i veka, heile året. Om vinteren held vi til i kjellaren på kraftlagsbygget på Spikarmoen, og når det ikkje er snø ute, er vi ute i skogen der vi har laga oss ei løype. Vi skyt på tredimensjonale dyrefigurar, som blir kalla jegerskyting eller bogejegarklassen i skyttarmiljøet. Bogen min er ein såkalla compoundboge. Det som kjenneteiknar compoundbogen, er at den har eit snor- og trinsesystem, noko som gjer det lettare å halde han spent. Det kan kome godt med, for ein må bruke ei kraft på bortimot 30 kilo for å trekke han opp, og når ein blir ståande og sikte ei stund, kan det vere tungt å halde han stødig. Bogen har eit fiberoptisk sikte, og pila har ei utgangshastigheit på nær 200 km/t. Ein compoundboge er ein litt nyare type boge, og er den bogetypen som vanlegvis nyttast til jakt. Dei andre bogetypene er moderne langboge, eller recurveboge som han også blir kalla, og tradisjonell langboge. Dei som vil vere med i klubben, kan sjølvsagt bruke den bogen dei vil. Nett som dei andre i bogeskyttarlaget, er også eg ein ivrig jeger. Derfor synest eg naturleg nok det hadde vore artig å vore på bogejakt, men det er dessverre ikkje tillate i Norge. Og sidan ein må utanlands for å vere med, er det veldig dyrt. Så då kan ein vel berre drøyme om at tippinga slår til, slik at draumen om ei bogejaktreise til dømes til Canada går i oppfylling.  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Gullborg Berge, Bøaflata, Mjøsvang, fødd 1958

Den 18. desember 1982, var eg og familien min på biltur over fjellet mellom Tyin og Årdal. Det snødde og føret var dårleg, og vegen var nett opna for fri ferdsel. Ut av snøføyka kom plutseleg snøfresaren til Vegvesenet midt i vegen, og samanstøyten var ikkje til å unngå. Kollisjonen førde til at eg vart ryggmergsskadd, og lam frå hoftene og ned. Eg vart fyrst floge til Haukeland, der eg var ein månad, og var deretter eit halvt år på Sunnaas. Det gjekk heldigvis betre med dei andre. Mannen min og sonen vår vart sendt til sjukehuset i Lærdal, og vart utskrivne med mindre fysiske skadar etter kort tid. Dottera vår vart sendt heim med det same. Tida etter ulukka var tøff. Livet vart snudd på hovudet for heile familien, og det var ikkje lett å akseptere at eg skulle bli sitjande lenkja til rullestolen, 24 år gamal. Dessutan gjekk eg gjennom ein tøff habiliteringsprosess: Gjeremål som tidlegare hadde vore ei sjølvfølgje måtte lærast på nytt, slik som å gå på do, og av- og påkleding, og eg måtte lære mange andre, heilt nye ting, sidan eg no sat i rullestol. No, snart 35 år seinare, prøver eg å vere mest mogleg sjølvhjelpen. Eg gjer alt av husarbeid inne og ute, eg steller meg sjølv, køyrer bil, og er i fast arbeid i kommunen. Elles brenn eg for at tilhøva skal bli best mogleg tilrettelagt for funksjonshemja, og at dei skal bli behandla med respekt. For det er dessverre ofte dei svakaste det går ut over når det er økonomiske innstrammingar, og mange av dei greier ikkje å seie frå. Men så lenge det er mål i meg, skal i alle fall eg gjere mitt for at denne urettvisa ikkje skal halde fram.  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Inge Høivik, Hyggjande, fødd 1939

Eg har utdanninga mi frå Oslo lærarskule og musikkonservatoriet i Oslo, og fekk etter studiane jobb i Kautokeino, med ansvar for musikkundervisninga ved ein internatskule. Her var eg i tre år; frå 1960 til 1963. Før eg tok til ved internatskulen, hadde skulestyret vedteke at det skulle vere joikeforbod ved skulane i Finnmark, noko eg var sterk motstandar av. Men det var lite hjelp i å protestere, for forbodet vart handheva heilt til 1987. I Finnmark vart eg kjend med Regine og Frank Juhls, som hadde ei sylvsmie i Kautokeino, og interessa mi for det gamle handverket vart vekt. Derfor byrja eg på metall-lina ved kunst- og handverkskulen i Oslo hausten 1963, før eg flytte til Valdres og starta eigen sylvsmedverkstad i 1964. Men etter nokre års drift steig sylvprisane så mykje, at vi mista heile eksportsalet vårt. Så i 1980 valde eg å etablere ein keramikkverkstad i same bygget som sylvsmia, slik at eg skulle få fleire bein å stå på. Verksemda fekk namnet «Valdres sølvsmie og keramikkverksted», og ligg i Hyggjande i Vang kommune. Eg kan òg nemne at eg på same tomta opna Hyggjande vogn- og sledesamling i 1997, der det no står utstilt 50 gamle hestevogner og sledar. Ein av dei store lidenskapane mine er islandshestar, og eg rir så ofte eg kan. Eg har vore eigar av 25 hestar gjennom livet, og har no to. Sidan 1978 har hestane hatt beite ved foten av Slettefjell, der eg har ei lita hytte. Eg set stor pris på alle dei fine stundene eg har hatt her, for livet er godt på Slettefjell, både for hestane og meg.  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Bodil Øyhus Pihl, Hedalen, fødd 1980

Eg vaks opp i Hølera, og båe foreldra mine var med i Hølerafossens festlige menneskeforening. Dessutan hadde eg ei tante frå Hedalen, som ofte tok meg med til Hedalen på teaterframsyningar. Slik fekk eg tidleg interesse for revy og teater, så då eg flytte saman med mannen min til Hedalen i 2005, vart eg med i Hedalen ungdomslag nesten med det same, og er no leiar. Ungdomslaget vart skipa i 1898, og står sterkt i Hedalen. Dei fyrste åra tok dei mellom anna føre seg ein del samfunnskritiske spørsmål, men seinare er det helst som ein samlingsplass i bygda, og frå scenen vi har markert oss. Ungdomslaget driftar teaterlaget, arrangerer offentlege festar, barnekafé, damenes aftan, med meir, og har hatt to årlege teateroppsettingar sidan 1920-talet; fjerde dag jul og syttande mai. Det er godt samhald i Hedalen, og folket her er interesserte i at vi skal ha ei aktiv og attraktiv bygd. Det er mange som engasjerer seg i lag og organisasjonar, mange som er med og dreg lasset, og det herskar ein stor dugnadsånd. Sjølv er eg politisk aktiv, og representerer SP i kommunestyret. Det politiske engasjementet mitt skaut verkeleg fart då det vart prat om å legge ned skulen, for eg er oppteken av at bygda skal vere levande. Eg synest det er viktig å ta ansvar, og prøve å gjere noko for å hindre utflytting, og fremje tilflytting. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Jan-Erik Gravdahl, Brattstølen, Tisleidalen, fødd 1966

Eg vaks opp i ein heim med mykje vald, og for å få fred, gjekk eg ofte ut i skogen. Sidan eg også bestandig har vore interessert i urfolk og deira historie, tileigna eg meg mykje kunnskap om naturen, urter og andre vekstar som har vore nytta som medisin i uminnelege tider. Dei siste 10-12 åra har eg fordjupa meg i sjamanisme, og er no leiar for det sjamanistiske forbundet i Oppland. Sjamanismen er ein åndeleg praksis som er fleire tusen år gamal, og er ei trusretning som er godkjend av myndigheitene. Mykje av ideologien er henta frå samiske og indianske kulturar, og naturen er «kyrkja» vår. Vi meiner at alle levande skapningar er besjela, og at naturen kan gje oss svara på alle våre spørsmål. Derfor har vi stor respekt for alt liv. Ved hjelp av ulike teknikkar kan vi få kontakt med naturkreftene og åndeverda. Ein av desse teknikkane er tromming. Når ein trommar kan ein bli sett inn i ein meditativ tilstand, og det kan vere healande. Eg kan til dømes gå bevisst inn i noko i meg sjølv som eg ynskjer å gjere noko med, og få rettleiing på dette. Eg er ein veldig spirituell person, og har eit sterkt forhold til bøn. Gjennom bøn kom eg for mange år sidan i kontakt med ein åndeleg vegvisar. Han dukka opp på eit fjell og utstråla mykje kraft og energi. Fjellet kom slik som eit sterkt bilete og som ei stor kraft inn i livet mitt, og sidan den gongen har eg budd nær fjellet. Eg har fått av fjellet, dit skal eg tilbake. Så når tida mi på jorda er omme skal eg brennast, og oska mi skal spreiast i fjellet. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Hanne Grøneng, Vika, Fagernes, fødd 1968

Det er no snart 20 år sidan vi flytte til Valdres, mannen min og eg. Han er frå Tønsberg og hadde lyst til å bu i Vestfold, og eg kjem frå Balestrand og hadde lyst å bu i Sogn, så vi valde å busetje oss i Valdres, midt mellom! Dessutan vaks mor mi opp i Valdres, og eg har familie i Øystre Slidre, så eg kjende godt til dalen frå før. Sjølv om vi har funne oss godt til rette og har det fint på alle måtar, må eg seie at eg ofte saknar Sogn. Derfor tek eg turen fleire gonger om året, slik at eg kan møte igjen gamle vener, plukke eple på fruktgarden til foreldra mine, gå litt i fjellet, og gjenoppleve gode barndomsminner. Eg må også få med meg Balejazz kvart år, for då er det mykje folk, god musikk og god stemning i Balestrand. Eg er sosialarbeidar i hjarte og sinn, og har alltid vore sterkt engasjert i sosialt arbeid. Gjennom heile livet har eg vore heldig; eg har gode, kloke foreldre, og har vore skåna for store livskriser og alvorlege hendingar, så eg kjenner på eit behov for å gje noko tilbake. No jobbar eg ved fengselet på Slidreøya. Her har vi starta eit tilbakeføringsprosjekt som har vekt oppsikt, og som har byrja å spreie seg utover kriminalomsorga i heile Norge. Vi vart til og med inviterte til Skaugum på grunn av dette prosjektet, og det er sjølvsagt ei stor anerkjenning for oss. Vi har to jenter på 18 og 20 år, så livet er i ferd med å gå inn i ein ny fase. Noko av det beste eg veit er å lese tjukke bøker, sjå god film, og invitere nye og gamle vener på god mat og drikke. Og dette blir det nok… Les mer →

Egil Bjørsland, Bøaflata, Mjøsvang, fødd 1957

Det er no 21 år sidan eg og kona mi flytte til Valdres frå Østerdalen. Det var ikkje lett å kome som innflyttar, for det var vanskeleg å bli kjend med folk, og det var lett å bli stigmatisert. Men det at vi hadde tre born, gjorde det trass alt noko lettare å bli integrert. Eg har bestandig hatt mykje å gjere, for eg trivst ikkje med å vere uverksam. Etter 44 år som yrkesaktiv, er eitt av høgdepunkta at eg fekk i gang VTA-plassar i Valdres. Dette sytte mellom anna for at dei med psykisk utviklingshemming fekk eit ordinært arbeid å gå til. Mange av jobbane eg har hatt i Valdres har vore i kommunesektoren, og det har stort sett vore kjekt. Men ein må også kunne omstille seg når det blir kravd. Dei siste to åra har eg hatt arbeidet mitt ved Valdres gardsbryggjeri i Volbu, og trivst godt. Av dei 200 mikrobryggjeria i Norge, er vi det nest eldste. Vi gjer alt for hand, og lagar om lag 18.000 liter øl per år, men det er ikkje nok til å dekkje etterspurnaden. Eg er ateist, og veldig aktiv i Human-Etisk Forbund, der eg mellom anna er vigslar. Det er ganske mange som vel å gifte seg på denne måten, også i Valdres. Men etter åtte år kjenner eg at tida er moden for å la nokon andre overta. Elles kan eg nemne at eg og kona er veldig interessert i hagebruk. Vi har truleg den største rosehagen i Valdres med over 50 ulike roser, og har dessutan 120 ulike staudar. Det er fleire spesielle og sjeldne roser i hagen vår, men vi er særs stolte av å ha ei rose som kanskje er den einaste i sitt slag i verda. Og desse sjeldne gjestane står i praktfull bløming… Les mer →

Anja Riste, Lomen, fødd 1997

Eg tok til med linedance rundt fyrste klasse, etter at Kelli Haugen sette i gang med undervisning på Ristetun. Vi trenar ei gong i veka, og reiser mykje både innanlands og utanlands på konkurransar, så vi har vorte ein godt samansveisa gjeng. Det er mange som blir overraska over kor mangfaldig linedance er, for det er ikkje berre ein «cowboydans» der ein er kledd i rutete skjorter og boots. Vi dansar til fleire typar musikk, der kvar dans har sitt særpreg, og vi nyttar ulike teknikkar og ulike klede. Dansarane er delt inn etter kor høgt nivå dei konkurrerer i, og det er i alt seks ulike nivå. Sjølv er eg på det nivået som heiter «advanced», som er det nest høgste nivået. Eg har vore med på konkurransar i Tyskland, Danmark, Spania, Austerrike, Skottland, Nederland og Tsjekkia, og neste år skal eg til USA. Det er ein dyr hobby, men mor mi, som er med og dansar sjølv, er ein god sponsor! Eg har bestandig vore glad i idrett, og har mellom anna vore innom turn, dans, ski og fotball. Det fall derfor naturleg for meg å gå idrettslina, og det siste året har eg studert idrettsvitskap på høgskulen i Lillehammer. Kva som vil skje i framtida veit eg ikkje, men eg skal i fyrste omgang fortsetje med idrettsstudiane, anten i Trondheim eller Sogndal. Om eg blir buande i Valdres etter studiane kan eg heller ikkje seie sikkert, for eg har lyst til å prøve forskjellig fyrst, og bu på ulike stader før eg bestemmer meg.  Men Valdres kjem uansett til å ha ein stor plass i hjartet mitt, for her har eg familien min og venene mine, og mange gode minner å sjå tilbake på. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Marius Brusveen, Espelibygdé, Etnedal, fødd 1989

Heilt frå eg var liten har eg likt vinteren, og hatt interesse for snø og snøplogar. Og då eg var sju-åtte år gamal, laga far min ein snøplog til meg. Denne festa eg til ramma på ei barnevogn, som eg skauv rundt på gardsplassen og rydda snø med. Noko seinare laga han ein snøplog til, og då eg var tidleg i tenåra, laga eg min fyrste plog med tilhøyrande vogn sjølv. Dette gav meirsmak, for då eg vart 17 bestemde eg meg for å lage plogen som eg brukar på traktoren no. Denne plogen, ein såkalla diagonalplog, er ei miniatyrutgåve av ein av Øveraasen sine modellar som blir brukt på lastebilar. Eg har ikkje gått på kompromiss når det gjeld kvalitet, og har ikkje vorte freista til å ta snarvegar sjølv om eg til tider har vore motlaus over alt arbeidet som har ligge føre meg. Plogen er den einaste i sitt slag, og alt er laga frå botnen, så eg har vore nøydd til å lage også plogfestet sjølv. Det har vore mykje å setje seg inn i, og mange avgjerder å ta med omsyn til utforming og dimensjonar, og eg har stort sett ikkje hatt anna verktøy å hjelpe meg med enn vinkelslipar og sveiseapparat. Men noko har eg fått hjelp til. Knut Magnus Buajordet har dreia fleire delar, og ein nabo av meg, Tor Asbjørn Kompelien, har stått for lakkeringa, og det er eg veldig takknemleg for. Det tok meg i alt sju år frå eg tok til med plogen, til han var ferdig, og han har nok kosta meg oppunder 60.000 kroner. Men eg er særs nøgd, og er stolt over at eg fekk det til. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Lynn Hege Røyne Myrvang, Sælsjordet, Rogne, fødd 1969

Mor mi døydde då eg var berre eitt år gamal, så eg vaks opp i fosterheim saman med fem andre sysken. Her dreiv mor i huset mellom anna med porselensdokker og rosemåling, noko som også påverka mine kunstnarlege evner. Mannen min og eg bur på garden der han vaks opp. Då han fridde til meg, var det under føresetnad om at eg måtte hjelpe til under lamminga. Vi har om lag 250 vinterfôra sau, og om våren kjem det 500-600 nye lam til verda, så det var ikkje utan grunn at han stilte dette kravet! Ved sidan av sauene har vi fem storfe, hund, kattar, gullfiskar, vaktlar og høner, så her er det livat! Elles har vi planta 3.000 molteplanter, så det blir spennande å sjå om dei gjer frukt etter kvart. På gardsplassen har vi sjølvbetjent eggsal frå ei campingvogn, og i kjellaren på bustadhuset har eg eit galleri. Eg brukar helst oljemåling, og målar på mellom anna lerret, tre og skiferstein, der mange av motiva er av dyr og natur. Det kjem også ein del folk innom som vil at eg skal måle bilete etter fotografi dei har med seg, og så målar eg premiane til Fjellstafetten kvart år. Veggen bak meg måla eg etter at vi hadde vore i Geiranger, for eg vart så inspirert av den vakre naturen der. For om lag fem år sidan var eg nestleiar i landsstyret for Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Det var ei interessant og lærerik tid, og eg sat i vervet i tre år. Medan eg var nestleiar, fekk eg vere med landbruksministaren og statssekretæren på middag i samband med kvinnedagen. Det var kvinner som hadde gjort seg merka i norsk landbruk som vart inviterte, så det var sjølvsagt ei stor ære å få vere med. (Tekst og foto: Arne Martin… Les mer →

Ola Johan Kongslien, Ulnes, fødd 1988

Det er ikkje alle karar som er fødd og oppvaksne i Valdres som kan seie at dei har vorte «tvangsgifte», men det kan eg! Ho som skulle bli kona mi hadde nemleg sjukepleiepraksis i Tanzania, og ein gong eg reiste ned for å besøkje henne, fekk eg fyrste kvelden beskjed om at dagen etter skulle vi gifte oss! Eg visste ikkje noko om at ho hadde førebudd bryllaup til eg kom, så det var mildast tala ei stor overrasking. Før vigselen fekk vi to timar ekteskapsrådgjeving, der kona mi mellom anna fekk beskjed om at ho skulle lystre sin mann! Vi vart vigde av ein lokal prest, og til stades var ei rekkje med masaikrigarar og 15-20 sjukepleiarstudentar frå Akershus. Forlovaren min var hovdingson og masaikrigar, og under kleda hadde han ein 50 cm lang kniv. På festen etterpå spelte eit lokalt band, og minst 100 stykke frå landsbyen dansa og underheldt. Bryllaupsreisa gjekk til Zanzibar dagen etter, og vi køyrde 12 timar med buss for å kome oss dit. Vel framme reiste vi på safari, og fekk sjå det rike dyrelivet og alt det fine som Afrika har å by på. Det var eit makelaust flott bryllaup, og eit minne for livet! No, seks år seinare, har vi nett kjøpt oss hus i Ulnes, der vi bur saman med sønene våre som blir to og fire år seinare i år. Eg er eigentleg odelsgut på ein gard i Vang, men det er bror min som kjem til å ta over drifta. For tida arbeider eg ved fengselet i Slidreøya, og trivst veldig godt med det. Ved sidan av jobbane våre driv vi og pussar opp huset og jobbar i hagen, og med to søner som er aktive og fulle av liv, er det full fart og mykje å henge… Les mer →

Arna Bjørneskaret, Briskebyen, Bagn, fødd 1948

Dei siste åra har eg vore aktivitetsleiar på dagsenteret for eldre i Hedalen og Bagn, noko eg synest er veldig kjekt. Dessutan er eg leiar for seniordansen på Bagn, og eg er med på seniordansen ved Vikatunet på Fagernes. Høgdepunktet for oss seniordansarar er nok landsstemnet, som blir arrangert annakvart år i Håkonshallen på Lillehammer. Då er vi til saman 12.000 deltakarar, og i tillegg til dansen har vi hyggeleg samvære på kvelden, med god mat og drikke. Eg likar å halde meg aktiv, og har mange hobbyar. Ved sidan av at eg strikkar til alle tanteborna mine, driv eg med mellom anna never- og tægerarbeid, hatteforming, baking og gamaldans. Eg gjekk òg ein del i fjellet tidlegare, men etter at eg fekk problem med ryggen og hoftene, har det vorte mykje mindre av det. Når det gjeld tægerarbeidet, er det ein tidkrevjande prosess. Det er likevel verdt det, for korgene blir fine. Tæger er dei tynne greinene som ein finn på røtene til eit bjørketre, og for å få tak i dei, må ein grave dei opp av bakken. Det er om å gjere at tægene er så lange som råd, så ein lyt vere varsam når ein grev dei opp, så ein ikkje slit dei av. Når ein har fått tægene opp av jorda må dei reinskast for jord og bork, og deretter blir dei lagt til tørk. Så blir dei bløytt opp, før ein endeleg kan ta til med sjølve bindinga. Så det går mange timar på å lage sjølv ei lita korg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)  

Odd Harald Rogn Tveit, Tveitaroné, Ryfoss, fødd 1969

Heilt sidan eg var smågut, har eg hatt interesse for bilar og mekanikk. Og etter at eg hadde ordna meg til ein verkstad på garden der eg vaks opp, laga eg ein bil då eg var 13-14 år gamal. Eg sveisa ramma sjølv, og tok delar frå ymse køyretøy og mykje anna rart. Forstillinga og motoren vart henta frå ein Opel, og så laga eg eit lite lasteplan og skjermar av trevirke. Bilen vart mest brukt på garden, men eg køyrde han også til og frå stølen. Restane av bilen kan du sjå bak meg, men han har stått ute dei siste 20 åra, og ber sterkt preg av det. Eg fann tidleg ut at det var mekanikar eg skulle bli, og etter at eg hadde gått maskin/mek. og landmek., tok eg fagprøve som bilmekanikar. No er eg næraste nabo til garden eg vaks opp på, og har hatt verkstad her sidan 1997. Eg tek imot alle slags køyretøy til reparasjon, men eg reparerer òg andre ting. Ein gong fekk eg endatil inn eit heimebrentapparat som eg sette i stand att! Det er mykje å gjere, og eg skulle nesten ynskje at døgnet hadde hatt fleire timar, for eg har mange prosjekt eg har lyst til å bli ferdig med. Ved sidan av at eg har fleire bilar eg gjerne skulle restaurert, mellom anna ein A-Ford og to T-fordar, har eg eit småbruk med om lag 60 søyer. Eg har òg ei sag der eg sagar stokkar til lafting, men til no har eg dessverre ikkje hatt tid til å drive noko særleg med det. Utpå seinsumaren får eg inn ein lærling, og til vinteren vonar eg det kan bli litt roligare, så kanskje eg får litt betre tid til prosjekta mine etter kvart? No ja, det seier eg forresten… Les mer →

Irene Bjorheim, Løkjisberget, Lomen, fødd 1959

Fyrste gongen eg var i India, var i 1982. Då reiste eg for å oppleve landet og kulturen. Sidan har eg vore der mange gonger, men dei siste 20 åra har eg reist også av andre årsakar. Eg har nemleg ein revmatisk sjukdom, og ein periode var eg så dårleg at eg ikkje greidde noko som helst. Då var eg 100% sjukmeldt, og eg prøvde sjølvsagt alt for å bli betre. Snart fekk eg høyre om ayurvedisk behandling. Ayurveda er eit om lag 5000 år gamalt medisinsk system med ei holistisk tilnærming, som er utbreidd i India og områda rundt. Ayurvedisk medisin høyrer inn under den offentlege helsetenesta i India, på lik linje med vestleg medisin. Dei ayurvediske legane får same grunnopplæring som vestlige legar, men har i tillegg opplæring i ayurveda. Så eg reiste til India for behandling, noko eg fekk eit særs godt utbytte av. Eg kom ikkje berre tilbake i jobb, men også tilbake til livet. Den gode hjelpa eg fekk var bakgrunnen for at eg for 11 år sidan starta opp mitt eige firma, «Golden Mango Travel», med helsereiser til India. Eg samarbeider med tre ayurvediske senter i India, der det eine av dei er omtala i den anerkjende avisa «The Telegraph» som det aller beste i India. Det seier ikkje så reint lite, for det finst tusenvis av slike senter der nede. Dersom ein vel å reise til India for behandling får ein ikkje berre betre helse, ein får også oppleve ein annan og spennande kultur. Og det er ein bonus som er vel verdt å få med seg! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Svein Olav Kopperud, Garli, Fagernes, fødd 1960

Eg har vore sportsinteressert heile livet, og dei siste 15 åra har eg reist utanlands med nokre kameratar på ulike sportsarrangement. Av store opplevingar kan eg nemne «el classico» i Barcelona; fotballklassikaren mellom Barcelona og Real Madrid, samt fleire fotballkampar på øvste nivå i England. Ei anna oppleving som gjorde inntrykk, var då eg var på ein fotballkamp i Hamburg seinhaustes 1989, den fyrste helga etter at berlinmuren vart riven. Det var mange aust-tyskarar i gatene, og dei kjøpte store mengder appelsinar. Dette kom av at dei knapt hadde sett frukt før, sidan dei stort sett var vande til surrogatprodukt i Aust-Tyskland. Her heime har eg vore lagleiar for fotballen i Sør-Aurdal i 20 år. Eg har òg hjelpt til under beitosprinten dei siste fem åra, og eg stiller opp for Valdres FK no og då. Elles er eg veldig glad i å vere ute i naturen, og har vore mykje på fjellet i Vestre Slidre. Dei to siste åra har eg gått den delen av Kongevegen som går ned mot Lærdal, men no til sumaren vil eg gå på valdressida. Eg vil òg nytte høvet til å skrøyte av dei gode helsetenestene vi har her til lands. Eg vart nemleg sjuk av helveteseld i vinter, og var heilt utslegen i ein månad. Då fekk eg sjå kor godt systemet virka, etter to veker på sjukehus. Men nesten enno betre var det å sjå kor mykje familie, vener og kollegaer stilte opp for meg. Dei hjelpte meg gjennom heile sjukdomsperioden, og sytte for at vegen tilbake til  kvardagen vart så lett som råd. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kathrin Christin Hofmann Aslaksby, Dælsbygd´n, Heggenes, fødd 1968

Eg har fem års utdanning frå det som då heitte Norges landbrukshøgskole på Ås i Akershus, og har tidlegare jobba som mellom anna biolog, naturoppsyn og miljøvernleiar på Svalbard, i Pakistan og i Romsdalen. Men då den eldste sonen vår snart skulle byrje på skulen, ynskte vi å finne oss eit gardsbruk og drive for oss sjølve. Systera til mannen min, som bur i nærleiken, tipsa oss om eit ledig bruk, og slik enda vi opp i Valdres. Då vi kom hit skaffa vi oss hest og høner, og vi tok til med oppforing av bukkekje. Vi ysta til eige bruk i eit sæl på stølen, og syntest osten vår vart god. Derfor kjøpte vi ei brakke som vi gjorde om til eit mobilt ysteri, der vi laga ost også for sal. No har vi 32 mjølkegeiter og tre mohairgeiter, og produserer om lag 700 kg ost frå juni til oktober.  Vi har delteke under NM i gardsost, i konkurranse med 150 andre produkt frå heile landet. Her har vi fått sylv for den kvite geitosten, tyttebærkremosten og fetaosten vår, som vi kallar Getaost. Det er viktig å få tilbakemeldingar på det vi lagar, og vi prøver stadig å bli betre. Målet er å lage like gode ostar som dei som blir importerte, og det trur eg vi kan klare. Kvart år melder det seg friviljuge frå heile verda som er med i drifta av garden, og i år har vi folk frå Irland, Frankrike, Spania – og Norge. Dessutan har vi open støl på Olestølen om sumaren, der dei besøkjande får ein smak av stølsliv, og eit liv i skjeringspunktet mellom natur, kultur og tradisjonar. Her kan vi gje born og unge gode opplevingar i, og med naturen, og formidle at naturen kan brukast, utan å forbrukast.  (Tekst og foto: Arne… Les mer →

Arne Thorbjørn Høneren, Strømskroken, Begna, fødd 1927

Den 18. mars i år sat eg klistra til tv-skjermen. Då hoppa barnebarnet mitt, Robert Johansson, for Norge under lagkonkurransen i skihopp i Vikersund. Og då han landa på 252 meter og sette ny verdsrekord, ja då var det ikkje fritt for anna enn det kom ei tåre i augekroken. Ei veke seinare vart Robert den fyrste i verda som har hoppa 250 meter i to bakkar, då han sette ny bakkerekord i Planica. Så eg er ikkje så reint lite stolt av han! Åkledet på veggen bak meg har eg forresten brodert sjølv, og startnummeret som eg har festa på det, har Robert brukt i eit verdscuprenn. Far min døydde av hjartesvikt, berre 56 år gamal. Eg fekk sjølv hjarteinfarkt for snart 30 år sidan, og eit nytt infarkt noko seinare. Dette gav meg ein støkk, så no trenar eg kvar tysdag og torsdag på Nes. Ein yngre bror av meg døydde også ung. Han vart berre 25 år gamal, og døydde av tuberkulose. Han var heime på permisjon frå Glittre sanatorium, men ville ikkje tilbake då permisjonen var omme, så han døydde heime. Det var vondt å miste han, for vi sto kvarandre nær bror min og eg. Elles må eg seie at eg var ein ivrig elgjeger frå 1949 og fram til eg ga meg i 2012, 85 år gamal. Den siste tida var vi 10 jegerar på laget, og vi hadde mange fine stunder saman. Eg vil også nemne at eg snart skal vere med svigerson min til garden hans i Nord-Norge. Då skal eg opp i fly for fyrste gong, og tanken på det gjer at det kriblar litt i magen! No i august fyller eg 90 år, då skal det vere selskap med over 50 gjester. Eg gler meg skikkeleg, det skal bli kjekt… Les mer →

Eiril April Gunnarsdottir, Lunde, Etnedal, fødd 1964

Etter ei sterk hending der eg trudde eg skulle døy, kjende eg meg kalla til å gå djupare i meg sjølv, og finne ut kva som var viktig for meg. Dette førde til at eg valde å selje alt eg hadde, og flytte vekk frå småbylivet i Vestfold. Eg busette meg i ei avsidesliggjande hytte i Enebakk, og tok til på ei holistisk utdanning i Oslo. Eg budde i Enebakk eit par år, utan innlagt vatn, og utan straum. Her vart eg fylt av skapartrong og kreativitet, og eg klarde å glede meg over det enkle livet i skogen. Snart fekk eg eit ynskje om å gjere noko for andre som av ein eller annan grunn var utbrende, eller som hadde mista motet. Difor oppretta eg eit tilbod der dei som ynskte det kunne samlast, og lære seg å gå innover i seg sjølve og kjenne, i staden for å berre tenkje. Mange menneske vil gjere endringar fordi dei ikkje er fornøgde, og kjenner eit tomrom i liva sine. Eg trur at den beste måten å fylle dette tomrommet på, kan ein finne i seg sjølv. Ein må ta seg tid til å finne ut av kven ein eigentleg er, og kva ein eigentleg vil. Ein bør akseptere seg sjølv og følgje hjarta sitt, og kanskje ikkje bruke så mykje krefter på å prøve å passe inn. Elles vil eg seie at eg likar å ha det stilt rundt meg, og eg likar å måle. Den seinare tida har eg fått nokre spennande oppdrag knytt til målinga: Eg har illustrert to bøker og eitt cover til ein cd, og eg håpar å få fleire oppdrag framover. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Espen Sundvoll, Leira, fødd 1972

Vi flytte til Valdres i 1999, fordi far min skulle overta ein gard. Det var vanskeleg å flytte frå alle venene mine i Slemmestad, men no har eg i det minste fått kontakt med dei fleste av dei på Facebook. Sidan vi flytte har eg mellom anna hatt mitt eige program i radiostasjonen «Radio mix», der eg spelte dansemusikk og prata litt mellom songane. Eg hadde eige utstyr og hadde sendingar heimafrå, men etter at eg hadde jobba der om lag eitt år, vart radiostasjonen dessverre nedlagd. Seinare var eg på Valdres Folkemuseum eit par år der eg hjelpte til med å skanne inn gamle fotografi, og det var også kjekt å halde på med. Eg sit i rullestol fordi eg er fødd med ryggmargsbrokk. Dette har ikkje gått ut over det sosiale, for eg likar veldig godt å kome meg ut og prate med folk. Då tek eg ofte turen til kjøpesentra på Fagernes og Leira, for her møter eg mange eg kjenner som eg kan slå av ein prat med. Dessutan er eg aktiv på sosiale medier, og har meir enn 1000 vener på Facebook. Elles er eg interessert i musikk, og eg er oppteken av politikk. Sidan eg er einig i mykje av politikken til AP, vart eg partimedlem for om lag to år sidan. Dei siste tre åra har eg selt lodd for Valdres FK. Det fyrste året selde eg for 16.000 kr, i 2015 for 40.000 kr, og i fjor selde eg lodd for over 70.000 kroner. Eg skal selje lodd i år òg, og håpar eg kan slå rekorden min frå i fjor! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Marit Andrisdotter Kvam, Kvamsroné, Vang, fødd 2000

Då eg gjekk i niande klasse hadde vi arbeidsveke, der eg fekk vere med to veterinærar rundt om i Vang. Dette likte eg så godt, at eg bestemde meg for at det var veterinær eg skulle bli. Så no går eg fyrste året på linja for allmenne fag, og har ein draum om å kome inn på veterinærhøgskulen etter vidaregåande. Men eg må ha gode karakterar for å kome inn, så eg må verkeleg legge meg i selen for å lukkast. Utanom skulen er eg leiar for Åsvang 4H, og eg er medlem av senterungdommen. Ei av dei politiske sakene som opptek meg mest, er kommunesamanslåing. Det kjem av at eg fryktar det meste blir sentralisert til Fagernes dersom Valdres blir ein kommune, og at bygdene kan bli fråflytte som ein konsekvens av dette. Eg meiner at folk bør få bu og leve slik dei sjølv ynskjer, og ikkje bli tvungne til å flytte mot si vilje, for Valdres og Vang vil ikkje vere det same med folketome bygder. Eg vil også seie at som den vangspatrioten eg er, er det stor stas å representere ein så flott stad som Vang, særleg når eg er utanfor Valdres. For eg er glad i Vang, og stolt av å kome frå ein gard herfrå. Av andre interesser kan eg nemne at eg har gått på kulturskulen sidan fyrste klasse, der eg har spelt fleire ulike instrument. No spelar eg munnharpe og skal opptre på landskappleiken for tredje gong, og det synest eg er moro å få vere med på. Elles har eg nyleg kjøpt meg rifle, for eg vil vere med på storviltjakt. Våpensøknaden er sendt inn og eg har take jegerprøva, så no har eg att berre skyteprøva. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Gunnar Baden, Norda Berget, Ryfoss, fødd 1946

Etter nesten ti år i Bømlo, der eg hadde starta ein musikkskule og vore musikkleiar, flytte eg til Vestre Slidre i 1985, og starta opp musikkskulen der. Noko seinare flytte eg til Vang, og starta opp musikkskulen også der. Den fyrste store musikkopplevinga mi var i januar 1961, då eg for fyrste gong var på ein filharmonisk konsert. John Barbirolli dirigerte Oslo filharmonien, og det var heilt eventyrleg å vere til stades. Opplevinga var så overveldande, at eg blir rørt til tårer berre eg tenkjer på det. Men den aller største musikalske opplevinga eg har hatt, var i Berlin der Mahlers andre symfoni (oppstandelsen) vart framført av eit samansett orkester og kor med 650 musikarar frå heile Europa, under leiing av Claudio Abbado. Det var 20.000 publikummarar til stades, og eg var så heldig å bli plukka ut til å få synge i koret. Etter at vi var ferdige med nummeret, fekk vi ståande applaus i 15 minutt. Dei få gongene i livet eg har fått oppleve verkeleg stor musikk, har gjett meg ei metafysisk, nærast spirituell oppleving. Då har eg fått ei kjensle av å bli lyfta opp i ei høgare atmosfære fylt av godheit. Desse opplevingane har gjett meg trua på at livet vårt på jorda, ikkje er det einaste. Livsoppgåva mi er å få andre til å glede seg over musikk. Nietzsche har sagt at utan musikk er livet ei misforståing. Eg vil seie det slik at utan musikk er livet utan meining. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Marianne Bakke Bjørnstad, Hedalen, fødd 1962

Strikking og skinnfellarbeid er to av mine store lidenskapar. Eg lærte å strikke av naboen då eg var seks år gamal, og det fyrste eg skulle strikke var ein firkanta gryteklut. Det gjekk bra det, bortsett frå at grytekluten ikkje vart firkanta! Skinnfellarbeidet tok eg til med for om lag seks år sidan. Eg kjøper ferdige saueskinn som eg syr saman, og ved hjelp av trykkblokker og tekstilfargar lagar eg mønster på kjøtsida av skinna. Vi er ein gjeng som på 10-12 stykke som held på med dette, og som møtest ein gong i månaden. Nokon reiser endatil heilt frå Horten for å vere med. Den dagen eg fylte 30 år døydde far min, etter kort tids kreftsjukdom. Eg vart sint og syntest det var urettferdig at eg skulle miste han så tidleg. Men sjølv om han var sjuk berre ei kort stund, fekk vi likevel snakka ein del saman. Vi fekk take farvel, og det er eg glad for. Mann min vart òg råka av sjukdom; han vart hjartesjuk for nokre år sidan. For ei tid tilbake var eg redd eg skulle miste han. Han vart innlagd på sjukehuset for eit rutineinngrep, men hjarta hans stoppa, og dei fekk så vidt liv att i han. Då han vakna til att, sa han at han hadde vore på den andre sida. Han sa at han hadde sett eit lys, og at han hadde høyrt stemmer. Eg er ikkje personleg kristen, men eg trur at det er noko meir. Det har denne hendinga som mann min opplevde bidrage til, og det har ført til at eg har fått ei litt anna perspektiv på livet. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Leonardo Quezada, Heggenes, fødd 1956

Eg vaks opp i Viña Del Mar midt i Chile, om lag ein kilometer frå havet. Her var det fin natur, mange fjell og markerte årstider. Vi fiska og bada ofte, og synest vi hadde det veldig fint. Men etter at president Allende vart styrta i eit militærkupp i 1973, vart Chile styrt som eit militærdiktatur fram til 1990. Det vart innført portforbod, soldatar patruljerte gatene, og det var mangel på nesten alle varer. Dette førte til stor ubalanse og mange protestar, for folket ville ikkje ha det slik. På grunn av den vanskelege situasjonen, flykta mange chilenarar ut av landet. Sjølv lånte eg pengar av bror min i 1988 og reiste til Stryn, men to år seinare flytte eg vidare til Øystre Slidre. Sidan har eg jobba som miljøarbeidar i kommunen, og då dei hjelpte meg med utdanning slik at eg vart helsefagarbeidar i år 2000, var eg både stolt og takksam. Eg har hatt fibromyalgi i mange år, og er plaga med mykje smerter. Eg er flink til å trene og går fast til fysioterapi, men sjukdommen og smertene har likevel vorte verre. Smertene gjer at eg blir fort sliten, og eg har også vorte meir gløymsk. For å ikkje berre sitja inne og synast synd på meg sjølv, men heller prøve å få tankane over på noko anna, har eg laga meg til ei «furtebu». Her driv eg med treskjering og anna trearbeid, og lagar mellom anna veggklokker, blomsterkasser og fuglehus. Då får tankane flyte fritt, og i staden for mismot kjenner eg på gleda over å skapa noko. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Eirunn Steinsfjord, Lobygdé, fødd 1984

Då eg var 10 år gamal fann eg ei bok som omhandla slekta til mor mi, og sidan den gongen har eg vore interessert i slektsgransking. Dei siste fem-seks åra har eg take meg tid til å fordjupe meg meir i slekta mi, og har mellom anna laga eit slektstre som går attende til 15-1600-talet. For ikkje så lenge sidan var eg så heldig å få arbeide med bygdeboka for Svennes i lag med Harald Hvattum. Han har skrive mange bygdebøker, og eg lærde mykje av han. Oppgåva mi var å ta imot og skanne fotografi, velje ut dei bileta vi skulle bruke i bygdeboka, og skrive tekst til kvart enkelt av dei. Vi fekk inn om lag 4000 fotografi, så det var mykje jobb. Eg er oppvaksen i Valdres, men flytte til Oslo 16 år gamal. Tida i Oslo var slitsam og hektisk, og eg mista litt av syne kven eg var. Det var difor eit vendepunkt i livet mitt då eg skjønte at eg måtte flytte attende til Valdres. Vendepunktet kom på ei busslomme i Begnadalen i 2011, der eg stod og venta på bussen til Oslo. Medan eg venta betrakta eg åsane og naturen rundt meg, og det gjekk opp for meg at det var her eg høyrde heime. Eg har ikkje angra ein dag på at eg flytte tilbake, for her fann eg attende til den eg var då eg var lita, berre i ein ny versjon. No har eg vorte mor sjølv, og det at mine eigne ungar skal få kjenne på det same samhaldet som eg sette så stor pris på då eg vaks opp, gjer meg enno meir viss på at avgjerda eg tok om å flytte heim den gongen, var heilt rett. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Oddbjørn Skeie, Filefjell, fødd 1961

Eg har vore musikkinteressert sidan eg var smågut, og då eg var i ni-årsalderen lærde eg å spele hardingfele av bestefar min. Frå ungdomsskulealderen tok eg til å spele gitar saman med nokre vener, og tidleg på 1980-talet var eg med i den fyrste oppsetjinga av «Xtase», som var eit kjent band i Valdres. Musikkinteressa førde til at eg satsa på musikken også i yrkeslivet, etter 7 år med musikkstudiar. Eg tok til å arbeide i kulturskulen, fyrst i Kvinnherad i Rosendal der eg budde i to år, og sidan i Florø der eg var i 16 år. Ein av elevane mine på kulturskulen i Florø, Håvard Lothe, gjekk seinare på LIPA; skulen i Liverpool som vart grunnlagd av Paul McCartney. Lothe hadde eksamenskonserten sin i Florø, der eg fekk vere med og spele gitar. Konserten var take opp og gjett ut på cd, så det var moro å få vere med på. Men i 2008 flytte eg heim til Vang, der eg fekk jobb ved kulturkontoret. Arbeidsoppgåvene her er mangfaldige, men hovudfokuset er på kulturskulen der eg er rektor. Ved sidan av jobben har eg to prosjekt gåande som eg trivst veldig godt med. Det eine er konsertar i lag med Nina Bendiksen, som er kjend for mange frå tv-serien «Himmelblå». Ho syng på nord-norsk, medan eg akkompagnerer på gitar. Det er diktaren Ragnar Olsen som har skrive norsk tekst til dei argentinske melodiane vi framfører. Det andre prosjektet er i lag med «Trio Gyllensvärd», der vi spelar ei blanding av jazz og viser. Vi har ikkje spelt så mykje saman dei siste åra, men har take til att med øvingar no. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Anne Margrethe Bergsbakken, Bjødnastølen, Etnedal, fødd 1963

Då eg var 13 år gamal fekk eg for fyrste gong sjå islandshestar, og sidan drøymde eg om å få mine eigne. Men det skulle gå enno 30 år før draumen vart verkeleg. No har eg ein ganske stor flokk, og eg har fordjupa meg i alle tenkjelege emne om hestar, som til dømes hestepsykologi, flokkmentalitet, hovstell og avl, og eg har til og med lært meg å lese islandsk. Eg har òg ei database der alle islandshestane i heile verda er registrert, med stamtavler som går attende til 1800-talet. Det er mykje jobb å skolere hestane til å bli tilstrekkeleg trygge på så vel framande folk som på dei som ikkje har ridd før. Men etter kvart håpar eg å bygge opp ei bedrift rundt dette med ridinga, for som den etnedalspatrioten eg er, ynskjer eg å bidra til å skape aktivitet i bygda mi. Av yrke er eg lærar, og i tillegg til lærarskulen har eg eit årsstudium i friluftsliv frå idrettshøgskulen. Eg har vore lærar ved ungdomsskulen i Sør-Aurdal sidan 1992, og eg elskar jobben min! For det å få jobbe med ungdom og gjere noko for dei, er noko eg verkeleg brenn for. Av og til tek eg med elevane opp til garden min så dei får ri, og då kjenner eg meg ekstra privilegert som kan kombinere interessene mine for ungdom, hest og friluftsliv. Alle elevane set stor pris på å få kome hit, men nokon har av ulike årsakar meir nytte av å vere her enn andre. Og når eg frå tid til annan får høyre at eg har utgjort ein skilnad i livet til ein elev, ja då blir eg varm om hjarta! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Olav Rødningen, Slidre, fødd 1968

På barneskulen byrja eg å interessere meg for fuglar. Interessa held eg ved like til etter ungdomsskulen, men då dabba det av. Men for 4-5 år sidan skaffa eg meg fotoutstyr, og då vart interessa vekt på ny. Våren er nok favorittårstida mi når det gjeld fotografering, for då kjem alle trekkfuglane tilbake. Då er det eit yrande fugleliv, og ein draum for meg som likar å ta bilete av fuglar. Men det er vanskeleg å fotografere fuglar, for dei sit sjeldan lenge i ro. Og sidan mange av fuglane er små og ein ikkje kjem så nært innpå dei, treng ein objektiv med kraftig zoom for å fange dei inn. Dessutan er det naudsynt med ein viss kvalitet på utstyret for å få skarpe bilete, så det er ein ganske dyr hobby. Eg er medlem av Norsk Ornitologisk Forening si avdeling i Valdres, «Ørrin». Her kjem eg i kontakt med andre som deler same interesse, og det hender vi dreg på turar for å sjå andre fuglar enn vi er vande til, eller for å sjå meir sjeldne artar. Vi reiste til dømes til Runde på Mørekysten i fjor sumar for å sjå den store fuglekolonien der, og for nokre månader sidan vart det observert isfugl på Gjøvik, og det er sjeldan så langt nord. Men det hender det dukkar opp meir sjeldne fuglar i Valdres òg; eg har til dømes sett både mandarinand og stripegås her. Det er uansett artig å reise ut av distriktet, slik at ein kan sjå andre fugleartar enn dei vi har her heime. Og det å få høve til å gjere det i lag med andre, gjer opplevinga enno større. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Marit Sundvold Brustad, Bagn, fødd 1968

Eg arbeidar i psykisk helseteneste i kommunen, og er særleg oppteken av å sjå ting frå eit born sin ståstad. Dette heng nok saman med at far min døydde brått av hjarteinfarkt, berre 59 år gamal. På den tida hadde eg tre små born å ta meg av, så eg hadde på ein måte ikkje tid til å arbeide med sorga. Derfor la eg eit lok på kjenslene mine, og freista å gøyme dei bort. Men kjenslene lèt seg ikkje stogge, så etter nokre månader møtte eg veggen, og fekk òg nokre fysiske plagar. Det var ei tøff tid. Denne erfaringa førde til at eg vart meir oppteken av korleis born vert påverka når familien er i krise, og korleis heilskapen i tilværet spelar inn på dei. For sjølv om ungane er små, forstår dei kanskje meir enn vi trur. Så eg har take vidareutdanningar innan psykisk helsearbeid, nettverksmøte og relasjonskompetanse, og som klinisk spesialist i barn og unge si psykiske helse, for å auke min kompetanse. Det kan vere utfordrande å arbeide med born, for når dei opplever noko vondt, skjær det i hjartene våre. Så for å kople ut hovudet, og få tankane over på noko anna, kan det vere lurt å dyrke ei interesse på fritida. For min del likar eg godt å drive med snikkararbeid, og eg har mellom anna bygd eit lysthus og mura opp ein utepeis sjølv. Ved sidan av at eg på denne måten får kopla ut tankane, gjer det godt å skape noko, og sjå eit konkret resultatet av det.  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Frank Robert Kvannefoss, Leira, fødd 1984

Eg har vore interessert i motorsyklar så lenge eg kan hugse. Far min køyrde motorsykkel, og det var nok gjennom han at interessa mi vart vekt. Så då eg var 10-12 år gamal bestemte eg meg for at det var Harley eg skulle ha, men det skulle gå enno 15 år før det vart ein realitet. Årsaka til at eg bestemde meg for Harley, er fordi det er ein ikonisk sykkel som det er knytt mykje historie til. Og spør du meg, har sykkelen sjel. Dessutan skil Harley seg ut frå andre typar syklar på marknaden. Nett no køyrer eg ein 1982 modell Harley Davidson Wide Glide Shovelhead. Eg er ein av sju medlemmar av motorsykkelklubben Bergulv MC, og vi køyrer alle Harley. Vi har eigen verkstad der vi skrur og byggjer om syklane våre, så det er ingen av oss som har heilt original sykkel lenger. Om sumaren køyrer vi naturleg nok ein del. Vi har klubbhus i Vang, og ligg dermed slik til at det høver seg godt med ein vestlandstur no og då. Det fine med vestlandet, er at når ein har køyrt ein times tid kjem ein ofte til eit ferjeleie, der ein kan få seg ei pause med ein kaffikopp og litt tulleprat. For vel så viktig som motorsyklane og sjølve køyringa, er det sosiale samhaldet med gode kameratar. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Gro Haraldsdotter Arneng, Sørre Skjel, Heggenes, fødd 1981

Foreldra mine kjem frå Bærum og Horten, og dei er båe utdanna agronomar. Far min har slekt i Røn, og såg difor etter eit bruk i Valdres. Så då garden her vart lagt ut for sal i 1979, gjekk ynskje deira om å bli gardbrukarar i oppfylling. Her fekk eg ein god oppvekst med mange fine opplevingar, der alt var føreseieleg, rutineprega og i trygge rammer. Nett som foreldra mine er eg òg utdanna agronom, og eg og mannen min tok over garden i 2012. Vi driv med geiter, og har levert elitemjølk dei fem åra vi har drive garden. Det er eg stolt av. Men eg har ikkje berre jobba innan landbruket. Ein periode arbeidde eg med rusavhengige, der vi budde saman med dei i kollektiv. Denne erfaringa ga meg ei forståing av kor heldig eg er, men òg korleis livet kan snu på ein femøring dersom ein er uheldig. Sidan vi ikkje har nok beite til dyra heime, er det naudsynt å sende dei på stølen. Geitene gjev dessutan betre mjølk når dei får vere på fjellbeite. Vi har støl på Hødnstølen oppunder Bitihorn. Eg synest det beste med å driva gard, er når vi er med geitene på stølen om sumaren. Det er eit fritt liv, for sjølv om ein er bunden av fjøsstell morgon og kveld, har ein heile dagen for seg sjølv. Geitene er ute natt som dag, og dei får gå fritt utan stengsler av noko slag. Og når dyra har det bra, får også eg godt samvit. Så livet til fjells er eit godt liv, både for folk og dyr. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kjell Ivar Vestrom, Hedalen, fødd 1958

Eg lærde det fyrste gitargrepet då eg var seks år gamal, og sidan har musikken hatt ein stor plass i hjarta mitt. Eg byrja tidleg å spele piano, og var med i korps og sidan i eit gospelkor. For 20 år sidan starta eg opp eit band som vi kalla «Jetz». Vi ga ut 3-4 cd´ar, og reiste rundt på turnear. Vi ga oss for ein del år sidan, men har den siste tida take til att med øvingar. Av yrke er eg musikklærar i kulturskulen og dirigent i Hedalen songkor. Eg må seie det er veldig gjevande å undervise dei unge i noko eg sjølv har hatt glede av heile livet. Elles er eg glad i å reise, og prøver å få til minst ein tur kvart år. Eg har vore sju gonger i Etiopia, og den fyrste turen hit gjorde noko med meg. Ja, eg vil seie det så sterkt at eg fekk eit anna syn på livet. Folka der var så utruleg gjestfrie. Dei lever i stor fattigdom, men eg vart likevel bedd inn i fleire heimar, og dei baud meg på mat sjølv om dei kanskje ikkje hadde nok til at dei vart mette sjølv. Og når vi ser at Etiopia har take imot 5 millionar flyktningar, endå så fattige dei er, kan vi som nasjon og folk kanskje gå litt i oss sjølve. Vi er eit av verdas rikaste land, men teller likevel på knappane, og skal helst ikkje ta imot nokon. Så er det noko vi kan trenge meir av her til lands, er det opne sinn og opne armar. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Randi Hamre Berge, Fagernes, fødd 1940

Eg gjekk av med pensjon i 2005 etter vel 30 år som lærar. Rett før eg vart pensjonist hadde eg mange hyggelege samtaler med folk, som etterkvart vart til fire bøker med ulike livshistorier. Eg er glad for at eg fekk lov å skrive ned historiene deira, så dei kunne bli bevara for ettertida. Eg likar òg å måle, både akvarell og akryl, og kvar veke er eg med på seniordans på Vikatunet. Vi er meir enn 30 stykke på seniordansen, og det gjer god trening både fysisk og mentalt. Dessutan er det veldig triveleg og sosialt. Elles er eg glad i å reise. Diverre vart eg enkje for tjue år sidan, men eg har heldigvis ei trufast reisevenninne. Vi prøver å få til to utanlandsturar kvart år. Ei anna stor interesse eg har er sykkelturar. Eg fekk meg elsykkel for 5-6 år sidan, og den kan eg ikkje få skrøytt nok av!  Det gjev meg ei enorm fridomskjensle når eg susar opp bakkane, fleire gonger raskare enn eg kunne fått til med ein vanleg tråsykkel. Eg har hatt mange fine turar med sykkelen. Her til lands har eg mellom anna sykla Rallarvegen, på Mørekysten og Helgelandskysten, og eg har hatt fleire fine turar på fjellet. Utanlands har eg sykla i Berlin, Italia, Kreta og Mallorca, og eg har vore på tre turar langs Donau. Men det er ikkje så lett å få med nokon på min eigen alder på sykkeltur, så då eg sykla i Dolomittane i fjor, tok eg med meg son min! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Thor Melby, Bruflat, fødd 1951

Det er bestefar min på morsida som kjem frå garden som eg overtok i 1991. Her hadde dei kyr, poteter og noko økologisk attåt, i tillegg til 12 mål med jordbær. Eg flytte hit fast for om lag ti år sidan, etter at far min døydde brått av hjarteinfarkt. Eg dreiv med jordbærproduksjon dei fyrste 4-5 åra, men no er det kunstmålinga som tek opp det meste av tida mi, etter at eg gjekk av med AFP nyleg. Det gamle vedskjulet på garden er bygd om til atelier, og det er her eg målar. Teknikken eg brukar er ganske spesiell. Eg målar fleire lag med oljemåling på finerplater, og ved hjelp av hoggjarn skrapar eg av dei ytre laga for å kome djupare ned i biletet. Det er dei indre, eller mentale landskapa eg freistar å uttrykkje, og eg kan halde på med inntil 20 bilete samstundes. Når eg arbeidar improviserer eg; det skjer mykje der og då. Eg jobbar med fargar og tonar i ein heilskap til eg kjenner at det byrjar å stemme, og den kjensla sit i magen. Det er ein spanande prosess. Då eg var yngre spelte eg fotball for mellom anna Frigg, der eg spelte saman med Drillo. Eg kom med på juniorlandslaget, og var ein kreativ midtbanespelar med god teknikk – ein som styrde spelet. Denne trongen til å uttrykke meg fysisk, og kreativiteten frå tida som fotballspelar, er noko som har vore med meg sidan, og som kjem til uttrykk i kunsten eg skapar. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Sølvi Havro, Hensgardane, Hensåsen, Vang, fødd 1958

Etter eitt år på folkehøgskule i Sogndal, og to og eit halvt år med ulike jobbar i Oslo, flytte eg heim til Vang i 1980. Her tok eg til å jobbe som assistent ved Vang barne- og ungdomsskule, der eg var fram til 1995. Etter at eg slutta å arbeide ved skulen, starta eg opp for meg sjølv. Eg hadde ei systove på Neset, der eg tilverka bunader, og i 2003 kjøpte eg Haukåsen som ligg rett bortanfor garden der vi bur. På garden har vi om lag 50 vinterfôra sau, og til garden høyrer det ein støl som ligg i Herredalen. Her er det ikkje mobildekning, så her får eg verkeleg ro til å samle nye krefter. Eg flytte systova til Haukåsen, der eg også hadde noko servering, og i 2011 starta eg strikkekafé her, der vi er mellom 15-20 kvinner som møtes kvar tysdag. Dette er eit populært tilbod for oss damene, og dei siste fire åra har vi strikka babyteppe til alle nyfødde i Vang kommune. Elles har eg drive ein «onnebarnehage» i 13 sumrar, som var ein feriebarnehage for ungar frå heile kommunen, og eg har hatt avlastningsheim, der eg tok i mot personar med behov for det. Då eg var yngre dreiv eg aktivt med mellom anna symjing, orientering, langrenn og skihopp, og i 1973/-74 fekk eg prisen «årets idrettsjente i Vang». Ein annan pris eg har fått, og som eg er ganske stolt av, er positivprisen. Den fekk eg som fyrste vangsgjelding i 2001. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

John Egil Rud, Johmsborg, fødd 1962

I 2009 vart eg vitne til at ei kongeørn tok eit av lamma mine. Ørna klarde å lette med lammet, og flaug om lag 300 meter av garde med det. Lammet synte seg å vege 10,6 kg når eg vog det, og det var etter at ørna hadde forsynt seg noko. Så den reelle vekta var nok nærare 11 kilo. Denne hendinga vekte oppsikt, sidan fagpersonane synest å vere einige om at ei ørn ikkje klarar å lette med ei bør som veg meir enn 3-4 kg. Hendinga vart omtala i 2015 i eit fagtidsskrift som heiter «Kungsørnen», som kjem ut for sal i Norge, Sverige, Danmark og Finland. Eg likar å observere, og ta til meg kunnskap frå fleire sider før eg uttalar meg om noko. Eg har mellom anna stor sans for fleire av rovdyra våre, sjølv om eg som sauebonde har fleire tap av sau til rovdyr kvart år. Men ulven har eg ikkje noko til overs for. Medan dei andre rovdyra kan ta eit lam eller ein sau for å brødfø seg, forsyner ulven seg grovt i flokken, og drep mange fleire enn han treng til mat. Dette er sjølvsagt fortvila for ein som forsøkjer å leve av å vere sauebonde. Ei av dei store interessene mine er fotball. Favorittlaget mitt er Newcastle, og eg følgjer sjølvsagt med på Valdres FK. Det likaste eg opplevde som spelar (keeper), var då eg vart krinsmeister for Slidre, 15-16 år gamal. Den faste keeperen vår var innkalla til rep.øving i militæret, og det sto mellom meg og ein annan om å overta plassen hans. Dei valde meg. Finalen gjekk mot Begnadalen, og det var stor stemning med tribunane fulle av begnadølar og slidringar. Vi vann 4-2. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Inger Norunn Solhaug, Dale, Heggenes, fødd 1957

Eg tok til å arbeide i sylvsmie då eg var 15 år gamal. Fyrst var eg ved sylvsmia på Fagernes, så på Leira, før eg enda opp ved Valdres sylv og keramikk i Skammestein. På desse stadene lærde eg mange måtar å jobbe på, både innan støyping og reint handarbeid. I 1982 starta eg for meg sjølv her på Høvda. Då vi tok over bruket her i 1980, fekk vi mange åtvaringar. Vi måtte lage veg opp hit, for det var det ikkje då, og vi var nøydde til å setje i stand huset her. Men bygdefolket var fantastiske, og støtta oss gjennom heile prosessen. Seinare har vi sett opp mange fleire hus, og vi har vore heldige som har fått tak i desse gamle husa, som alle er frå Valdres. Etter at Oddgeir Bruaset var her i 2010 for å spele inn ein episode av tv-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», merka vi ein ganske stor auke i trafikken. Programmet blir sendt også i Sverige og Danmark, og det var nok særleg mange svenskar som fann vegen hit. Om sumaren får vi besøk av ein del turistar. Dei synes det er fint at dei kan kjøpe ting her som ikkje alle andre har, og det er mange som kjem att år etter år. Det er ikkje reint få av dei som kosar seg med niste og kaffi utandørs, der dei har eit makelaust utsyn mot Rundemellen og vidare utover. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Magne Ulstølen, Skrautvål, fødd 1963

Vi tok over garden i 1989, og har no 26 mjølkekyr og om lag 30 ungdyr. Vi har óg leigd to kvoter. Stølen som høyrer til garden ligg på Etnesenn, men i 1999 fekk vi oss støl på Grøslien, som er berre om lag halvparten så langt som til Etnesenn. På Grøslien er det eit tun med 10 hus, der alle har skifertak. Vi har restaurert seks av husa, det eldste er frå 1860. På stølane har vi vore kvar sumar sidan vi tok over drifta, med unntak av det fyrste året. Eg er veldig sosial, og likar godt å «laupe». Elles prøver eg å vere til hjelp om eg blir spurt, og eg likar å vere med på det som skjer i bygda. Men det er garden som tek opp det meste av tida mi, den er både ein jobb og ein livsstil. Sidan vi tok over drifta for snart 30 år sidan, har vi berre vore på ein ferietur, og då var vi borte i tre dagar. På veggen bak meg heng nokre av dei prisane vi har fått av Tine for mjølka vår. Den lengst borte er 20-års merket, der kravet er at ein skal ha levert elitemjølk i minst 20 av 22 år. Men den gjævaste prisen er nok sylvtina vi har fått. For å få den må ein levere elitemjølk 15 år samanhengande, så den er eg nok litt ekstra stolt over.   (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kari Albertsen Sørbøen, Leirskogen, fødd 1977

Eg er fødd i Oslo, men der budde eg berre det fyrste leveåret mitt. Då flytte vi til garden Veigård i Begnadalen, der mor mi var odelsjente. Her hadde eg ein trygg og god barndom, der alle kjende kvarandre. Sidan 1999 har eg budd i lag med mann min på Leirskogen. Vi har to søner på 10 og 13 år som driv aktivt med ski og fotball, så vi er mykje på farten. Eg må seie eg er veldig glad i bygdelivet, i grenda og kommunen vi bur i, og eg likar å engasjere meg og få ting til å skje. Det gjer eg mellom anna fordi eg er oppteken av at bygda skal vere levande, for med all sentraliseringa som skjer, kan det fort bli mange mørke glas kring oss. Eit døme på at vi ynskjer litt liv i bygda, er at vi no har invitert Teater Innlandet til å kome hit, for å ha ei framsyning av stykket «Skogsmatrosen» av Jon Michelet. Av meir personlege erfaringar, opplevde eg at mor mi døydde i 2009 etter ein nær ti år lang kamp mot kreft. Den siste tida verka ho frisk og rask, og ho arbeidde fram til ei veke før ho døydde. Det kom difor som eit lite sjokk då ho gjekk bort, for vi var ikkje klar over at det var så nært føreståande. Dødsfallet hennar har fått meg til å stoppe opp og bli meir ettertenksam. Og eg har mange gonger særleg tenkt på kva ho og sønene mine går glipp av; at ho ikkje får sjå dei vekse opp, og at dei ikkje får ha henne i sine liv. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Steingrim Hestekind, Smiugardsbygdé, Etnedal, fødd 1947

Dagen før eg fylte 25 år, den 18. juni 1972, skulle eg opp til ei hytte for å hente ein kar. Vel framme banka eg på døra og tok eit steg til sides, slik at eg vart ståande framfor glaset. Men karen inne i hytta viste seg å være sinnsjuk, for han sikta beint på meg med ei hagle, og trekte av. Ladinga traff meg i øvre delen av hovudet, og eg fekk to hagl i kvart auge, noko som førde til at eg vart blind. Heldigvis var det doble glas i hytta, for det sytte for at krafta til haglladinga vart redusert. Hadde det ikkje vore for det ekstra laget med glas, er det ikkje sikkert at eg hadde vore her i dag. Sidan eg var smågut har eg hatt ei stor interesse for harejakt, og dette er noko eg framleis held på med. Eg har hatt harehund stort sett heile tida sidan eg var 16 år gamal. No i haust fekk eg ein GPS med tale i gåve frå Vestoppland Harehundklubb, noko eg er utruleg glad og takksam for. Sendaren blir festa på hunden, og eg får heile tida beskjedar om i kva retning hunden er, og kor langt vekk han er. GPS´en har òg ein losindikator, som seier kor mange bjeff hunden har i minuttet når han går i los. Når eg er på jakt skyt eg naturlegvis ikkje, men det å kjenne på spenninga, og få vere ute i naturen med hunden og ta del i det sosiale med jaktkameratane mine, ja det set eg umåteleg stor pris på! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kari Nilsen Follinglo, Røn, fødd 1967

Mor mi var frå Ulnes, men ho flytte til Oslo 15 år gamal. Og då eg sjølv vart 15, berre eit par dagar etter at eg var ferdig på ungdomsskulen, flytte eg frå Oslo til Valdres. Eg har mykje slekt her, og kjenner ei sterk tilhøyring til garden, så eg følgde hjarta og reiste «heim». Eg byrja på husstell og saum ved Leira vidaregåande skule, og sidan gjekk eg Husflidskulen. No driv eg for meg sjølv som bunadtilverkar, etter at eg for nokre år sidan vart ferdig med ei bunadopplæring over tre år, med tilhøyrande praksis hjå Grethe Rudi Bråten ved Valdres Folkedraktsaum. Alt eg lagar er sydd for hand, det vere seg skjorter, bunadar eller jakker, og eg følgjer dei tradisjonelle måtane å tilverke det på. Det er mange detaljar som ved fyrste augekast kan virke tilfeldige, men dei tener alle ei hensikt. Eg synest at bunader tilverka i utlandet er ein skam. Dei rettar seg ikkje etter tradisjonane, stoffet er av dårlegare kvalitet, og dei er sydde med maskin utan omsyn for handverksfaget. Mange av detaljane vert også sløyfa. For meg er det viktig å behalde dei norske tradisjonane, bevare det originale, og føre det vidare. Og for å seie det rett ut; medan eg leverer ein Rolls Royce tilbyr utlandet ein Lada, så ein får i høgste grad det ein betalar for! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Knut Belgum, Kvismo, Ryfoss, fødd 1968

Eg har bestandig vore fascinert av offroad bilar, ATV’ar og andre terrenggåande køyretøy, så då eg fekk sjå ein fatbike for fyrste gong, likte eg han med det same. Og då eg fekk prøve ein slik sykkel, vart eg imponert over kor lett han tok seg fram, og kor lite slitasje den forårsaka i terrenget. Så det tok ikkje lange stunda før eg kjøpte meg ein. Med sine breide dekk er den svært anvendeleg, og eg brukar han kvar dag, både sumar og vinter. Frå før dreiv eg med spinning, men med ein slik sykkel kjem eg meg meir ut, og det har gjett meg mange fine naturopplevingar. Samstundes er det fin trening. Når vi fyrst er inne på naturopplevingar, må eg fortelje at eg ein periode hadde ekstrajobb på Dikemark. Ein av kollegaene mine der var opphavleg islending, og for fire år sidan inviterte han meg til fødelandet sitt. Eg vart reint hugteken av landet, både av folket, kulturen og landskapet, og sidan har eg vore der kvart år. Sist eg var der hadde eg med meg kjærasten min, og vi var der ei veke. Då leigde vi oss ein bil og køyrde rundt heile øya. For meg verkar islendingane til å vere jordnære, og dei er flinkare til å halde fast ved tradisjonane sine enn det vi er. Dei er óg veldig opne og gjestfrie, så eg vil anbefale alle som ikkje har vore der, til å ta seg ein tur. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)  

Hilde Frydenlund Rabben, Fagernes, fødd 1961

Dei fyrste leveåra mine budde eg i Aurdal. I byrjinga av åtti-talet flytte eg til Oslo, der eg mellom anna gjekk på sekretærskule og jobba i ei personalavdeling. Men då eg etter 3-4 år i Oslo vart gravid, valde vi å flytte heim til Valdres. Etter fødselen byrja eg å jobbe i resepsjonen ved Fagernes hotell. Deretter var eg på landbrukskontoret, før eg tok til ved servicekontoret i kommunen rundt 1993/1994, der eg framleis arbeidar. Vi som sit her er dei fyrste dei besøkjande til Rådhuset kjem i kontakt med. Vi møter veldig mange menneskje, og det er sjølvsagt veldig hyggeleg. Likevel hender det at eg kan bli litt metta av sosial kontakt, så då er det godt å kome heim og vere litt for seg sjølv. Eg har to søner og ei dotter som har drive aktivt med fotball, så det har vorte mykje køyring til og frå, og lite fri i helgene. Men no er dei så store at det ikkje er naudsynt å køyre dei lenger, og dermed har eg moglegheit til å gjere andre ting i helgene. Eg likar godt fjellturar sumar og haust, men er òg utruleg glad i å reise. Vi likar oss veldig godt på Kreta, og reiser ofte dit. Ein storbyferie i Europa er heller ikkje å forakte. Elles har eg lyst tilbake til USA, og eg har ein draum om ein gong å reise til Australia. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Roald Rogne, Rogne/Fagernes, fødd 1954

For ti år sidan skjedde det noko som har prega meg, og som kjem til å vere med meg så lenge eg lever. Sonen min, Kjetil, døydde i ei bilulukke, knapt tjue år gamal. Ulukka skjedde rett før jul, og han vart halde kunstig i live eit halvt år, før eg vart beden om å slå av respiratoren han låg i. På same tida mista min dåverande sambuar sonen sin. Han døydde av kreft etter ei tids sjukdom. Han var på Kjetil sin alder, og dei var også kameratar. Av yrke har eg stort sett vore snikkar. Eg byrja på anlegg sytten år gamal, og budde ved fleire høve i Oslo dei neste åra. I Oslo vart eg kjend med ein gut frå Vang som jobba i Block Watne, og slik vart det til at også eg vart snikkar. Ved sidan av har eg dei siste tjue åra eller så take vakter som miljøarbeidar, noko eg trivst godt med. Eg har i om lag tretti år hatt ein snikkarverkstad på garden der mor mi vaks opp i Rogne. Her lagar eg møblar til kjøken og baderom, samt garderobar, skåp, langbord og elles alt det kundane ynskjer. Skåpet på veggen her har eg laga sjølv, og det er det einaste eg har behalde av eigen produksjon. Men no er det planlagd ein gangveg akkurat der verkstaden er, så han blir riven. Då får vi sjå kva som skjer, men det blir vel til at eg anten byggjer nytt, eller leiger ein stad der eg kan halde fram med verksemda. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Anne Lise Hamre Husby, Slidre, fødd 1949

Far min dreiv med friidrett så å seie heile livet, og det var han som sytte for at også eg byrja. Eg flytte til Gjøvik og Oslo ein periode i ungdomstida for å gå på skule, men kom heimatt til Valdres med ein gong eg var ferdig med utdanninga. Sidan har eg take idrettsmerket kvart år, og i 2003 fekk eg heidersprisen for å ha take idrettsmerket i 35 år på rad. Idrettsmerket får ein ved å klare fastlagde krav innan spenst, styrke, det å vere uthaldande og vere rask, samt at ein må drive fast med ein fysisk aktivitet, eller trene aktivt gjennom heile året. Innan friidretten har vi vore på tallause klubbstemner, krinsmeisterskap og NM for veteranar, og eg har deltake på Holmenkollstafetten 15-16 gonger, og fjellmaraton 20 gonger. Dette har gjett oss mange fine turar rundt om i heile Norge, i lag med gode vener frå idrettsmiljøet. Nokon av dei har vore med like lenge som oss. Hausten 2016 vart eg pensjonist, men eg får tida til å gå likevel. Eg likar å halde meg i form, og trenar 3-4 gonger i veka. Treninga har nok vore ein avgjerande årsak til at eg på mine vel 40 år som sekretær i heimesjukepleia i kommunen, ikkje hadde ein einaste fråværsdag. Og det er noko eg både stolt av og glad for!  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Jon Vidar Krogseth, Røn, fødd 1964

Eg vaks opp på Oppsal i Oslo, rett ved Østmarka. Frå eg var ein smågut, tok mor mi meg med på mange turar, og Østmarka vart på ein måte eit klasserom for meg. Her lærde eg å setja pris på naturen, og dyra som ein naturleg del av den. I 1974 vart det brått bestemt at vi skulle busetje oss i Røn, der mor mi vaks opp. Her kom eg enno tettare på naturen, og eg fekk ei auka interesse for rovdyr. Eg må seie eg er oppgjett over kor unyansert syn det er på rovdyra våre, og då særleg ulven. Av 2,7 millionar sau som går på beite her til lands, blir om lag 120.000 borte. Av dei som blir borte tek rovdyra anslagsvis 10%, og ulven berre 10% av det igjen. Det er med andre ord godt over 100.000 sau som døyr av andre årsakar enn rovdyr, men det er det lita merksemd rundt. Det er heller ikkje registrert noko ulveangrep (ville ulvar) på menneske sidan registreringane tok til i år 1800, så frykta mange har for ulv i dag, er ikkje reell. I staden for å skyte ulven, meiner eg at bøndene må få hjelp til å sikre dyra sine, anten ved å få sett opp rovdyrsikre gjerder, eller ved å gjete dei. Likeeins bør «feller» i naturen i form av myrhol og skrentar gjerdast inn og sikrast, slik at dei ikkje utgjer ein fare for beitedyra. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Solveig Ninni Hagen, Leira, fødd 1956

Handarbeidet har vore med meg så å seie heile livet, og vi hadde undervisning i handarbeid såvel på framhaldsskulen som på husmorskulen. Eg synest det er gjevande å skapa noko, og likar å sysle med handarbeid når eg til dømes ser på tv. For det fell ikkje for meg å sitje heilt uverksam, utan å ha noko å gjere på. Mykje av det eg lagar gjer eg bort til slekt og vener, men eg har òg laga små barneklede i ull som eg har gjett bort til prematuravdelingar ved sjukehus. Ved ambulansetenesta har dei fått det som blir kalla besøksvener av meg. Dette er små dokker som dei brukar i møte med born. Andre ting sel eg. Denne ugleputa har eg nok laga 40 av, og den seinare tida har farmenlua vore veldig populær, så den er det fleire som har tinga på. Av yrke er eg hjelpepleiar ved DPS i Aurdal. Her brukar vi handarbeid aktivt som ein del av behandlinga. Mange av pasientane slit med vonde tankar, anten dei lir av eit traume, har angst eller andre utfordringar. Då er det godt for dei å få tankane over på noko anna, og det å konsentrere seg om handarbeid, har synt seg å vere særs vellukka. For dei erfaringane vi har hausta, har vist at handarbeidet kan bidra til at folk kan få det betre, og det synest eg er utruleg flott! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Roy Myrland, Skrautvål, fødd 1958

Bestefar min var frå Sebuødegård i Skrautvål, og frå eg var liten reiste vi til Valdres i feriane. Då fekk eg vere med på onning, turar i fjellet, gjeting, fisking og bærsanking. Slik fekk eg tidleg eit nært og varmt forhold til Valdres og valdrisar, noko som har ført til at eg no har busett meg i ei timbre i Skrautvål, sett opp i 1974 av Torleif Skår. Ein gong eg var oppe ved St. Thomas kyrkja på Filefjell, sat eg og undra meg over kva eg skulle ta meg til i livet. Med eitt sto det klårt for meg at eg skulle byrja å lage videoar og skrive. Eg vart fylt av ei voldsom glede, ja det var nærast som ein rus då eg fekk denne openbaringa. Fram til då hadde eg aldri take i ein penn eller eit videokamera før. No, 8-9 år seinare har det vorte 7000 artiklar, og videoane mine har hatt 600.000 visningar på YouTube. Med videoane ynskjer eg å vise fram og fortelje om Valdres og mangfaldet her, og du må få fram at eg har møtt utruleg mange flinke og trivelege folk. Det som er genialt med å leggje ut videoar på internett, er at dei blir sett også utanfor Valdres. Dette veit eg har ført til at folk har flytt hit, og det har gjeve kundar til næringslivet i Valdres.   (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Jazzen Lia, Hedalen, fødd 1962

Ein dag flytte det ein familie frå Hedalen inn i naboblokka vår i Rælingen der eg vaks opp. Dei hadde tre søner som eg vart kjend med, og i helgene frå påske og fram til snøen kom, fekk eg vere med til hytta deira i Hedalen. Eg likte meg godt her oppe, for det var så stille og fint her. Difor leigde eg meg ei hytte på Teinevassåsen frå 1991 til ca år 2000, der eg var kvar helg, og i 1997 melde eg flytting til Hedalen. Etter at eg flytte har eg leigd meg husrom nede i bygda, og så har eg ei gamal sæter i Vassfaret som vart bygd opp att etter fyrste verdskrigen, då ho vart rasert. Det er godt å vere ute, så om sumaren likar eg godt å fiske, både med oter og stong, og i vinterhalvåret tek eg ein skitur no og då. På laurdagane køyrer eg ut aviser. Sidan eg skal vere på Bagn til klokka halv fire om morgonen, og må lufte hunden før eg dreg heimafrå, må eg stå opp ved 2-tida for å kome tidsnok. Ruta eg køyrer er nær 18 mil lang, og eg er ferdig klokka halv ti på føremiddagen. Det har vore ein del utfordringar med å få ut avisa på laurdagane, sidan Kvikkas ikkje klarde å levere som lova. Men no som abonnentane får avisa om morgonen, er dei sjølvsagt godt nøgde. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2017 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑