Eg er fascinert av diagonale bevegelsar. Forsking har vist at det er bra for born å krabbe, og at bevegelsane stimulerer både den venstre og høgre hjernehalvdelen. Sjølv krabbar eg fem minutt kvar morgon.
Eg er utdanna yogalærar, og har halde på med yoga i meir enn 40 år. Det å krabbe sakte, samt å meditere, er oppskrifta mi for å møte utfordringane i livet. Eg arrangerer yogakurs, og har også gjeve ut ein cd med støtte frå Øystre Slidre kommune: «Yoga med noko attåt», som inneheld yogaøvingar, og songar.
Men hovudyrket mitt har vore som lærar. Ved sida av lærarutdanninga har eg vidareutdanning i rettleiing og leiing, og har vore med som pedagogisk konsulent og tekstforfattar til serien «syng og lær», som er ein serie med songbøker knytt til faga på barneskulen.
Når ein brukar song som læremetode, brukar ein båe hjernehalvdelane: Språk og tal i den venstre, og tone og akkord i den høgre. Ved å synge lærestoffet tek ein i bruk større delar av hjernen, og ein kan få songen «på hjernen», slik at ein hugsar lærestoffet betre.
For tida øver femte klasse ved Lidar skule på ein «hønseræpp» eg har laga, som etter planen skal spelast inn på «Lydsmia». Eg vonar dette kan føre til at fleire kjøper norske verpehøns i butikkane.
Elles har eg fordjupa meg i min bestefar sitt liv og virke. Han jobba som hovudbokhaldar for Felleskjøpet i over 30 år, og teikna og måla på fritida. Han vart også norgesmeister i sjakk i 1922.
Eg har fotografert alle teikningane og måleria hans, og har funne ein kopling mellom det han har måla, og songane eg har skrive. Derfor har eg samla fleire av mine songar og hans bilete, noko som skal bli til bokprosjektet: «Å synge for å lære, og å stanse for å være».
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)