Etter at eg var tilskodar på eit dragrace i Sverige i 1973, bestemde eg meg for å byrje å køyre sjølv. Året etter reiste eg tilbake som deltakar, og vart med det av dei fyrste nordmennene som køyrde dragbike. Nokre år seinare, i 1980, sette eg norsk rekord med sykkelen som no står i stova mi. Sykkelen har om lag 250 hestekrefter, og gjorde unna dei 402,33 metrane på 10,5 sekund. Farten ved mållina var 225 km/t.
Dei siste åra har eg køyrt skandinavisk cup, som er seks løp i Sverige og Norge. Eg konkurrerer i klassen classic dragbike, med ein sykkel eg har bygd sjølv. Sykkelen kan ikkje vere nyare enn frå 1974, teknisk sett, for at ein skal kunne delta i denne klassen. Eg vann skandinavisk cup i 2014 og 2015, og var eitt poeng bak fyrsteplassen i 2016. Dessutan fekk eg prisen «årets dragbiker» i 2015.

Eg er utdanna mekanikar, og hadde frå ung alder eigen verkstad, som på midten av 80-talet gjekk frå å vere ein hobby til eit levebrød. Som mekanikar har eg fått eit rykte for å gjere ein god jobb, og eg får tilsendt motorar frå heile landet til ombygging og overhaling. Og mellom dei som likar gamle engelske motorsyklar, samt i dragracemiljøet, er eg nok for kjendis å rekne.

Elles vart eg spurt om å starte opp ei mekkegruppe for utvalde elevar ved ungdomskulen i Sør-Aurdal for 12-13 år sidan, noko eg sa ja til. Skulen har halde fram med dette, noko både eg og elevane set stor pris på. Eg synest det er utruleg gjevande, og elevane får moglegheit til å omsetje teori i praksis, og samstundes oppleve mestring. Mekkegruppa har synt seg å vere særs vellukka, og tilbakemeldingane frå så vel foreldre, lærarar og elevane sjølv, er udelt positive.

 (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)