Når eg ser tilbake på barndomen, er det turane med familien som sit att som dei finaste minna. Mora mi er frå Sogn, og om sumrane reiste vi dit for å hjelpe til på garden. Vi ferierte også på Sørlandet og i Danmark, og var ofte på stølen vår, Gomostølen, der det vart mange fine ski- og fjellturar.
Etter tre år på idrettslina avtente eg fyrstegongsteneste, og hadde vikarjobb i fengselet i Slidre. Men så kom sambuaren min inn på hotellhøgskulen i Stavanger, og eg fekk vikarjobb i Stavanger kretsfengsel, så vi flytte. Vi budde i Stavanger i to og eit halvt år, før ferda gjekk vidare til Oslo. Eg fullførte fengselsskulen, og etter at vi hadde vorte foreldre til ein gut i 2000 og ei jente i 2003, flytte vi til Fagernes.

Vel heime fekk eg fast jobb på Slidreøya, fyrst som betjent, og dei siste åra som leiar. Eg hugsar særleg godt dei unge gutane som var inne til soning, der alt hadde svikta rundt dei i oppveksten. Så kjem dei til ein liten plass der dei plutseleg blir sett og høyrt, og får tillit til oss som jobbar der. Det hadde stor tyding for dei, men også for meg, for det er særs gjevande å kunne hjelpe, og utgjere ein skilnad i eit menneske sitt liv.
Men då eg hadde passert 40 tenkte eg at om eg skal gjere noko anna, må eg gjere det no. Så eg byrja i Gjensidige Valdres, og trivst veldig godt med det. For også her jobbar eg med folk som eg kan hjelpe, om enn på ein annan måte.

Elles er det familien som tek opp det meste av tida, og som er viktigast for meg. Borna sparkar fotball og går på ski, og eg har følgt opp som best eg kan. Og kvar måndag er det middag heime hjå ho mor, der heile familien møtest. Då er det den gode samtalen som gjeld, der vi kan diskutere alt frå det heilt nære, til det som skjer ute i verda.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)