Eg har mange interesser, og engasjerer meg i mangt og mykje. Sidan eg ikkje kvir meg for å opne kjeften og seie frå, blir eg ofte valt inn i styre og stell. Til dømes har eg vore involvert i drillgruppa, allidretten, og alpingruppa, og dei siste åra har eg vore oppmann for fotballaget der dottera mi er med. Dei seks åra ungane køyrte snøcross var eg sterkt involvert i det, og då kinoen på Åsvang vart avvikla, fekk eg og ei venninne midlar frå kulturkontoret til oppgradering av utstyret, så bygdekinoen vart redda. Dessutan er eg leiar for bygdelista i Vang, samt styremedlem og sekretær i «Stabburshella».

Noko av det eg har engasjert meg sterkast i, var «Dorna-saka». Dorna var fødd og oppvaksen i Vang, men då ho var 11 år gamal, fekk ho beskjed om at familien ikkje fekk opphald. Sidan foreldra hennar kom frå to ulike nasjonar, og ingen av dei fekk lov til å reise til ektefellen sitt land, ville familien bli splitta. Det var ein tidkrevjande prosess, der heile bygda engasjerte seg, og borna skreiv brev til så vel kongen som statsministeren. Heldigvis vann vi fram, og familien fekk opphald.

Av andre interesser, kjem jakt høgt på lista. Det er storvilt eg jaktar på, elg og hjort, og eg har mange fine opplevingar å sjå tilbake på. Til dømes når eg går ut tidleg ein morgon, og tåkedisen ligg som eit florlett teppe, og skapar ei trolsk stemning. På veg gjennom skogen høyrer eg fuglane vakne til liv, og ser kanskje eit ekorn på lette føter på veg opp eit tre. Så bryt sola gjennom, disen forsvinn, og den trolske stemninga er med eitt over.
Slike naturopplevingar, samt spenninga under sjølve jakta, der eg sit årvaken og ventar på at bikkja får los, ja, det gjev rett og slett sjelefred.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)