Far min var snikkar, og hadde 8-10 karar i arbeid. Sjølv gjekk eg eitt år på møbelsnikkar-lina på yrkesskulen på Leira, før eg flytte til Dovre, og tok tømrarutdanning der. Eg avtente også fyrstegongstenesta og jobba litt med Tor-Erik Ranheim i Oslo, før eg tok til å jobbe for far min. I 1979 tok eg og bror min, Terje, over drifta, og starta opp Slidrebygg i 1997, i lag med nokre andre.
Av jobbane eg har vore med på, kan eg nemne ombyggjinga av banken i Slidre i 1972/-73 og Ølken Hotell i 1974, dessutan bygde vi mange fjøs, mellom anna fjøset til Knut Hauge, som vart sett opp i 1970.
Elles byrja eg å sparke fotball i åtte-ni årsalderen, då vi var nokre kompisar som møttest nesten kvar kveld på Slidrebrenno. Eit par år seinare vart eg «headhunta» av Olle Rosendal, som overtala meg til å spele for Røn. Olle skulle vise seg å bli ein goalgetter for Røn, men då han stod i fare for å bli keeper – noko han ikkje ville – fekk han overtala meg til å vakte buret.
På den tida trena smågut-, gute- og A-laget saman, og eg var ganske redd når dei store stjernene på A-laget skulle skyte på meg! På bortekampane vart det sett krakkar i meieribilane, som vart fylte opp av vestreslidringar. Det var ei artig tid!
Så byrja eg å spele for Slidre 28 år gamal, samstundes som Per Eidsvik vart spelande trenar. Då starta «gullalderen» for fotballen i Slidre, og vi var oppe på fjerde høgste nivå i serien.
For tida er eg med i styret på Plassen, som er ein samlingsstad for eldre i kommunen. Her er ei rekkje tilbod og aktivitetar, mellom anna boccia, dans, trening, høgtlesing, loddsal og grilling. Vi har det veldig triveleg, men har plass til mange fleire! Har du lyst til å kome, men har problem med skyss? Ta kontakt, så ordnar vi det!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)