Då eg var 13 år gamal fekk eg for fyrste gong sjå islandshestar, og sidan drøymde eg om å få mine eigne. Men det skulle gå enno 30 år før draumen vart verkeleg. No har eg ein ganske stor flokk, og eg har fordjupa meg i alle tenkjelege emne om hestar, som til dømes hestepsykologi, flokkmentalitet, hovstell og avl, og eg har til og med lært meg å lese islandsk. Eg har òg ein database der alle islandshestane i heile verda er registrert, med stamtavler som går attende til 1800-talet.

Det er mykje jobb å skule hestane til å bli tilstrekkeleg trygge på så vel framande folk, som på dei som ikkje har ride før. Men etter kvart håpar eg å byggje opp ei bedrift rundt dette med ridinga, for som den etnedalspatrioten eg er, ynskjer eg å bidra til å skape aktivitet i bygda mi.

Av yrke er eg lærar, og i tillegg til lærarskulen, har eg eit årsstudium i friluftsliv frå idrettshøgskulen. Eg har vore lærar ved ungdomsskulen i Sør-Aurdal sidan 1992, og eg elskar jobben min! For det å få jobbe med ungdom og gjere noko for dei, er noko eg verkeleg brenn for.

Av og til tek eg med elevane opp til garden min så dei får ri, og då kjenner eg meg ekstra privilegert som kan kombinere interessene mine for ungdom, hest og friluftsliv. Alle elevane set stor pris på å få kome hit, men nokon har av ulike årsakar meir nytte av å vere her, enn andre. Og når eg frå tid til annan får høyre at eg har utgjort ein skilnad i livet til ein elev, ja då blir eg varm om hjartet!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)