Dei kjæraste barndomsminna eg har, er frå stølen til mommo på Jutulen, innanfor Kruk. Det var mykje born på hyttene rundt, og vi var ute å leikte eller bada i elva, og var nesten ikkje inne anna enn når vi åt og sov. Eg vart ofte både blaut og kald, men det gjorde ingenting, for eg var heilt utan sorger, og livet var fantastisk.
No har eg sjølv to born, Helmer på fire år, og Marlon på 16 månader. Det er viktig for meg at dei også skal få gode barndomsminne, med fri leik og små eventyr.

Eg har bestandig vore glad i å teikne og måle, og etter vidaregåande tok interessa mi for kunst seg opp. Eg byrja å gå på utstillingar og andre stader der eg kunne sjå kunst, og fann at dette var ei verd eg treivst veldig godt i. Derfor tok eg ei tverrfagleg utdanning i kunst i Kragerø, samt eit semesterstudie i fotografi ved Bilder Nordic i Oslo.
Til dagleg jobbar eg for Kreativ Strek på Fagernes, og kombinerer jobben med eigne prosjekt innan teikning, foto og måling. Sjølv om dette er ulike kunstformer, gjev eg dei eit uttrykk som er inspirert av det same; menneske, relasjonar og banda til kulturhistoria vår.

På fritida elskar eg å vere aktiv, og trenar styrke, går på ski, joggar og spelar handball. Eg har utdanning i ernæring og helse frå Høyskolen Kristiania, for eg er oppteken av folkehelse gjennom aktivitet og god, næringsrik mat. For både sterk kropp og topp!
Eg er også oppteken av at born og ungdom skal få gode oppvekstvilkår med tryggleik og omsorg, og at særleg ungdommen blir sett og anerkjend. Eg får inntrykk av at det blomstrar av flott ungdom i Valdres. Vi har dei finaste områda å vekse opp i, og om vi alle også tek vare på kvarandre, og unner kvarandre det beste, ja då får vi det verkeleg godt i den vakre dalen vår!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)