Då eg var yngre, var musikken veldig viktig for meg. Eg byrja å spele fele og piano høvesvis fem og sju år gamal, og i tenåra tok eg til å spele gitar. Musikken var så forførande, at den kunne ta meg ut av ein samanheng, og vere veldig distraherande. Eg var til dømes veldig inspirert av Bob Dylan, og kunne bli heilt oppslukt av metaforane han brukte.
Foreldra mine var veldig viktige for meg i oppveksten, og eg hadde ei intens redsle for at ein av dei skulle bli borte. Som femåring høyrde eg songen «Mother» av John Lennon for fyrste gong, medan eg studerte eit bilete av han. Eg kjende at noko brast i meg då, og eg skjønte kor sterkt musikken kunne påverke meg.

Det tok lang tid før eg fann ut av kva eg skulle ta meg til i livet. På vidaregåande gjekk eg formgjeving, og då eg var 20 reiste eg til Oslo, der eg utdanna meg til møbel- og interiørdesignar. Eg byrja likevel å jobbe på konsertarenaer og i bar, og hamna i eit miljø med mange musikarar og kreative sjeler.
Det vart ein del artige år i byen, med studiar, trivelege kollegaer, og mykje entusiasme, men det førte ikkje til noko handfast. Eg byrja derfor å leite etter ein annan form for entusiasme, ein som kunne bety noko meir. Snart fann eg ut at fleire av forfedrane mine hadde vore handverkarar, så eg tenkte at eg skulle gje det ein sjanse. Det vart full klaff.

No er eg i min tredje vinter som murar, og trivst særs godt med det. Det er veldig tilfredsstillande å sjå konkrete resultat av det ein gjer, og skape noko folk har bruk for. Og kjensla eg får når eg kjem heim ein kald vinterdag etter jobb, når eg gjer opp i omnen, tomatsuppa står og putrar på komfyren, og eg veit eg har vore til nytte for samfunnet, det er ikkje mykje som kan måle seg med det!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)