Veslesystera mi har cerebral parese, noko som fører til at muskelkontrollen hennar er forstyrra. Og sidan hesteriding er bra for balanse og koordinasjon, tok foreldra mine ho med seg på riding. Eg vart sjølvsagt med, og fekk hestedilla. Den fyrste hesten min fekk eg då eg var seks år, og sidan har eg hatt mange hestar.

Fyrst dreiv eg mellom anna med sprangriding, men etter at eg og far min såg ein video på YouTube med westernriding, fann eg ut at dette var noko eg ville byrje med!
Westernriding er meir moderne enn folk trur, og er så uendeleg mykje meir enn westernsal og lassokasting. Det er sikkert eit tjuetals ulike greiner innan westernriding; frå dei heilt rolege, til fartsfylte greiner med tidtaking og høg showfaktor. Her er hinderløyper, dressurriding, typiske cowboyoppgåver med lasso og kalvar, og det blir konkurrert i fleire ulike øvingar innan kvar grein.
Viss du har lyst til å prøve, spelar det ingen rolle kva for hest du har – om det så er ein treg dølagamp eller ein kjapp varmblodshest. Ein treng heller ikkje noko spesielt utstyr, så dette er ein sport der alle kan vere med.

Eg har satsa på denne sporten over nokre år, og har no tre amerikanske quarterhestar. Dette er ein type hest som eigentleg er avla for rancharbeid, og er den hesterasen som er kjappast over kortare distansar. Ein har faktisk målt dei i hastigheiter opp mot 90 km/t.
Her i Valdres er det veldig få som driv med westernriding, og eg har lyst til å gjere ein innsats for å få med fleire på denne artige sporten, og for å lage eit miljø for hesteinteresserte. Eg har derfor byrja å byggje ein stor ridebane, som eg håpar kan bli ein møteplass for oss som driv med dressurriding, sprang og western.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)