Eg er nok ikkje den typiske mønsterbonden, for som gardbrukar ynskjer eg å leggje opp dagen min, og livet mitt, meir som eg vil. Ein stor del av det handlar om å vere inkluderande.
Mykje av bakgrunnen for dette, kan skuldast at eg frå eg var ein smågut fekk vere med foreldra mine på bilturar til dømes til Tyrkia, på ei tid det var høgst uvanleg å feriere på desse kantar. Slik fekk eg tidleg eit nært forhold til det framande, og heilt sidan eg flytte frå Oslo til Sparstad 17 år gamal, har det kome mange vener og gjester frå inn- og utland hit, mellom anna for å hjelpe til på garden.
Gjennom året er det folk frå fleire nasjonar og kulturar innom, og ein gong talte eg 13 ulike språk rundt middagsbordet. Og når det er mykje folk rundt bordet, og vi har lange samtalar på tvers av kulturar, då kosar eg meg veldig! Verda kjem hit, så vi treng ikkje reise ut for å oppleve verda!
Eg er oppteken av kommunikasjon, og meiner at kva og korleis vi kommuniserer med kvarandre, er viktig. Då kan det å vere utstyrt med ein god porsjon nysgjerrigheit vere nyttig, slik at ein betre kan sjå og forstå den ein kommuniserer med, anten det er dyr eller menneske.
Elles er eg interessert i musikk og spelar litt gitar og fele, og så er eg glad i å synge. Dessutan likar eg å lage mat, og har fleire eigenkomponerte spesialitetar. Eg må også nemne at eg er veldig oppteken av historie, og at eg likar å gjere meg opp tankar om korleis det var før i tida, og korleis alt heng saman.
Den siste tida har helsa vorte dårlegare, og det har fått meg til å tenkje meir på framtida til garden. Og eg trur at dersom garden skal overleve må det eit samarbeid til, der meir enn ein familie kan bu og skape seg ein arbeidsplass, og eit liv, med garden som utgangspunkt.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)