Etter handelsskulen jobba eg i klesbutikk i Drammen nokre år, før eg flytte heim, og arbeidde ei kort stund for Brustad i Bagn. Deretter etablerte vi butikken Herreklær på Fagernes i 1979, og litt seinare Skonytt, som eg dreiv fram til 1997.
Etter at butikken var avvikla jobba eg eitt år for St. Olaf College i Minnesota, der eg transkriberte gamle brev som var sendt mellom slektningar og vener i USA.
Eg fekk nemleg tidleg ein lidenskap for slekts-, lokal- og utvandringshistorie. Den fyrste oppgåva eg gjekk laus på, var å kartleggje mi eige slekt. Så, utpå 1980-talet, skreiv eg inn oppføringar frå kyrkjebøker på data, noko som var ein stor jobb. For det er temmeleg mange som er døypt, konfirmert, gift og gravlagt sidan 1692! Denne digitaliseringa gjer at kyrkjebøkene blir meir tilgjengelege for folk, og det synest eg er viktig.
Eg dreiv også med slekts- og bygdebokarbeid. Her var det naturlegvis også mange namn å halde styr på, og tidvis mykje «detektivarbeid» for å finne rett person. Det var uansett takk vere arbeidet med desse prosjekta, at førespurnaden frå USA kom.
Då eg kom heim frå USA, takka eg ja til jobb hjå Kampenes Begravelsesbyrå. Det angrar eg ikkje på, for dei siste 20 åra har vore dei mest gjevande åra i livet mitt.
Det var litt skummelt i byrjinga, men det gjekk seg fort til. For menneske i sorg kastar maska, og er berre snille og gode. Det er også godt å kjenne at ein betyr noko for nokon andre, dessutan har eg lært mykje om meg sjølv, og har faktisk vorte eit betre menneske.
Det var veldig rart å gå av med pensjon i mars, for tida hjå Kampenes har gjort noko med meg. Derfor har eg takka ja til ein del jobbar her også etter at eg gjekk av, og tek elles ein tur innom dei gode kollegaene når høvet byr seg.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)