Eg vaks opp i ein by nær Haag, med norsk mor og nederlandsk far. Etter realskulen visste eg ikkje kva veg eg skulle gå vidare, og det vart til at eg byrja på folkehøgskule i Ringebu. Sidan den gongen har eg budd i Norge, for det var fyrst når eg kom hit at livet mitt tok til. Etter folkehøgskulen jobba eg eit par år på hotell i Gudbrandsdalen, før interessa mi for dyr fekk meg til å ta landbruksskulen. Dette staka ut kursen for eit mangeårig yrke som avløysar. Det var ikkje så lange tida etter at eg flytte til Norge at eg fekk høyre om stølslivet, og det ville eg prøve! Eg fekk meg ein budeiejobb, og vart heilt hekta på fjellet og livet som budeie! Sidan har eg hatt ulækjeleg «kugalskap», og i fjor kunne eg feire 40 år som budeie. Det er ikkje så reint få stølar eg har vore budeie på, men dei siste sumrane har eg vore på Jaslangen, og det er her eg trivst aller best, for dette er reine paradiset for meg! For ei tid tilbake omskolerte eg meg til barne- og ungdomsarbeidar, og har dei siste åra jobba i barnehage. Dette er ein alle tiders jobb, men det er ingenting som kan måle seg med å vere på fjellet. Særleg kosar eg meg når eg er ferdig med morgonstellet, og kan setje meg ut på trammen i finvêret med ein kaffikopp, og berre suge til meg av all herlegdomen som omgjev meg! Derfor tek eg ikkje ut ferie, men eg søkjer permisjon, og er då budeie heile sumaren. Eg likar å fotografere, og legg ut ein del naturbilete på Facebook. Dette trur eg kan vere med på å få folk over dørstokkmila, og oppsøkje alt det fine som Valdres har å by på. Bileta på Facebook er god Valdres-reklame, som har lokka mine nederlandske Facebook-vener til Valdres i feriane. Nokon av dei har vorte heilt frelst, og tek med familie, naboar og vener hit, og det er til og med ein som har flytt hit grunna skrytet mitt! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Den siste dagen eg gjekk i barnehagen, såg eg at ei av dei tilsette var lei seg når ho skulle ta avskil med meg. Så eg sa til henne at ho ikkje skulle vere lei seg, for når eg blir stor skal eg byrje å jobbe her, så eg kjem att! Og slik vart det. Etter å ha jobba tre år i barnehagen i Volbu tok eg førskulelærarutdanning, og dei siste åra har eg vore i barnehagen i Slidre. Heilt sidan eg lærte å skrive, har eg skrive dikt. Eg gav ut ei bok saman med bestefaren min i år 2000, med risper, segn og dikt som han kunne, samt dikta mine. Han bestefar var ein klok og fornuftig mann, og eg sette stor pris på å vere i lag med han. Noko av det han lærte meg, var trearbeid av ulikt slag. Eg lagar mellom anna hjørneskåp som eg målar trollmotiv på, og har selt ein del av desse. Dessutan har eg sett opp ein gapahuk rett opp for huset, der eg og ungane har mange timar saman. Til dømes er vi her mykje i adventstida, og då er det bålkos med eventyrstund og kakao. Elles er eg ein ivrig fotograf, og knipsar i hovudsak naturbilete. Eg prøver å få fram heilskapen i bileta mine, og er særleg glad i levande motiv der ein nesten kan kjenne at ein er til stades, og kan «gå» innover i biletet. For meg er det også viktig at bileta er så naturlege som råd, og at dei er mest mogleg uredigerte. Eg legg ut mange av fotografia mine på mi eige side på Facebook, men også på den sida som heiter Valdres i bilder. Det er nok ganske mange som er inne og tittar, og somtid er det nokon som tek kontakt for å kjøpe eit bilete av meg. Om ikkje så lenge skal den nye boka mi, På livets reise, gjevast ut, der kvart dikt blir illustrert med eit naturbilete. Dikta tek føre seg ulike sider ved livet, og det å ta seg tid til å sjå, høyre og kjenne. Alle dikta er skrive på valdresdialekt. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑