Eg vaks opp på eit lite bruk der vi hadde nokre dyr, og han far dreiv i skogen ved sida av. Vi hadde også eit par–tre pasientar frå Prestsæter, som mor mi tok seg av. Og eg og dei to systrene mine hjelpte til, og lærte oss tidleg å arbeide. Etter lærarskulen var eg lærar i Oslo eit par år, før vi tok over garden i 1966, og flytte heim. Ved sida av gardsdrifta var eg lærar i Hedalen fram til 1993, med unntak av eitt år, då eg var statssekretær i Utdannings- og forskingsdepartementet. For eg har vore politisk aktiv, og har mellom anna sete fire periodar i kommunestyret, og var leiar for Oppland Krf ein periode. Eg har også vore leiar for Hamar bispedømmeråd. I 1993 reiste vi til Nepal, der vi var i tre og eit halvt år. Eg var rektor på ein norsk skule i Katmandu, og hadde også ei stilling som norsk konsul. Dette var ei særs gjevande tid, der eg lærte mykje om kultur- og språkforskjellar. Ein gong fekk vi litt pengar av nokon som var på besøk, som dei ville at vi skulle gje til nokon trengande. Pengane gjekk til ein fattig familie, slik at sonen deira, Umesh, og syskena hans kunne halde fram på skulen. Sidan vart Umesh som ein son for oss, og vi hjelpte han til sumararbeid og studiar i Norge. Med litt hjelp, store evner og hardt arbeid, vart han sivilingeniør. Han bur no i Trondheim med kona si, Kabita, som det vart laga ein film om. Filmen, som vart veldig populær i Nepal, vart delvis spelt inn i Valdres. Vel heime var eg kyrkjeverje til eg gjekk av med pensjon i 2005, men tok seinare på meg ei 40% stilling som lærar for flyktningar. No er eg medlem av eldrerådet i kommunen, og er med og arrangerer den kulturelle spaserstokken, der musikarar spelar på Hedalsheimen. Men på nyåret skal vi til Spania i tre veker, og det gler eg meg til! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Sidan eg er glad i folk og synest det er gjevande å hjelpe andre, tok eg utdanning som helsefagarbeidar. Etter skulen vann eg NM i yrkesfag, og representerte Norge i VM i Calgary. Der vart eg heidra med medallion of excellence, og hausta ei erfaring som var fin å ta med seg inn i yrkeslivet. Deretter vart det jobb i heimesjukepleien og på sjukeheim, men no jobbar eg deltid som integreringskonsulent i flyktningtenesta i Etnedal kommune. Dette er ein spennande og lærerik jobb i møte med andre kulturar, som har gjeve meg eit breiare perspektiv på samfunnet. Tidligare dreiv eg interiørbutikk heimanfrå, og det gjekk så bra at eg fekk lyst til å satse litt meir, så eg flytte derfor butikken til Fagernes. Butikken, som ligg vis-a-vis Gjensidigegarden på Fagernes, heiter ME Interiør & Styling, og er open frå onsdag til laurdag. Her er mellom anna interiør til hus og hytte, små og store møblar, samt lamper og gåveartiklar. Eg har også laga ei nettside med nettbutikk. Dessutan stylar eg hytter som ligg ute for sal. Utanom jobb er eg glad i å reise, og har opplevd mykje på mine utanlandsreiser. Men eg har også farta ein del i Norge, og er særleg glad i fjellturar. Om eg må velje noko favorittreisemål, vil eg trekkje fram New York og Svalbard. New York fordi byen har så mykje å by på, også når det gjeld gode mat- og vinopplevingar. Svalbard er ein favoritt grunna den unike naturen, og det fascinerande skiftet mellom dei lange, lyse sumarnettene, og den bekmørke vinteren. Eg er også veldig familiekjær og er glad i barn, og har ein draum om å stifte min eigen familie. Men eg har i alle fall nokre tanteborn som eg ofte er i lag med og som eg er veldig glad i, så litt familiehygge blir det likevel! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑