Eg kjem opphavleg frå Dokka, men flytte til Etnedal, fødestaden til mannen min, på midten av –80-talet. Fram til då hadde eg teke handelsskulen, jobba på Spåtind høyfjellshotell og på Dokka likningskontor. Då eg kom til Etnedal, byrja eg hjå Syver Øverli AS, no Matkroken, men eitt år seinare fekk eg jobb som kontorfullmektig på rådmannskontoret. I 2006 vart eg einingsleiar for service- og kulturkontoret, og for fire år sidan vart eg sakshandsamar i rådmannen sin stab. Elles har eg vore hovudtillitsvalt i fagforeininga KFO/Delta, og har teke vidareutdanningar i organisasjon og leiing, og i arkiv- og informasjonsforvalting. Eg trivst veldig godt i jobben, der eg har ansvar for mange område, og har difor eit variert arbeid. Dessutan jobbar eg sjølvstendig, i eit veldig godt arbeidsmiljø. Ved sida av arbeidet, er eg kasserar i skilaget og leiar i husflidslaget, eg har vore leiar for turngruppa, og eg synest det er viktig å vere med på dugnad. Eg likar godt å gå turar og sykle, og driv med spinning to gonger i veka. Gåturane går ofte til Himalaya. Det er nemleg ein stad på Tonsåsen som heiter Himalaya, og der er eg med jamne mellomrom! Ein annan hobby eg har, er å strikke. Noko av strikkearbeidet blir selt på ulike utstillingar og messer, mellom anna på Etnedalsdagane og på husflidsmessa på Skogtun. Eg likar også godt å knipse naturbilete. Motiva er frå heile Valdres, men dei fleste er nok frå Vang, der vi har hytta vår. Fleire av bileta mine har vore stilt ut på Blaafladt Spiseri, og det synest eg var litt stas! Men det viktigaste i livet mitt er nok likevel dottera vår, som vi adopterte frå Kina for 11 år sidan. Og eg kan love at gleda var stor, då vi vart adoptivforeldre! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg fekk ein tøff start på livet. Då eg var sju år, vart far min smitta av tuberkulose. Han var ikkje heime grunna smittefaren, og døydde då eg var 17 år. Mor vart òg veldig sjuk – ho fekk giktfeber då eg var 12 år gamal. Eg tok over vaskejobben hennar på Ristetun, og vaska etter skuletid. Vi hadde òg to kyr, ein kalv, gris og høner som eg stelte. Det var ikkje aktuelt å få hjelp frå fattigkassa. Eg var for stolt til det, og ville klare meg sjølv. Mor friskna til, og dei to neste sumrane var eg budeie på Midtre Syndin, og 15 år gamal flytte eg til Maristuen, der eg serverte gjester. Etter eitt år på handelsskulen, jobba eg ved hovudkontoret på Felleskjøpet, der fleire hadde «amerikafeber», noko eg òg fekk. Så eg søkte jobb som au pair i San Diego, og 18 år gamal la eg i veg, med 20 dollar i lomma, og det einaste eg kunne seie var «yes» og «no». Etter ni månader flytte eg til Los Angeles, der eg var i 4 år, og jobba med mellom anna optikk. Eg møtte ei rekkje kjendisar i USA, mellom anna fekk eg sitje på fanget til B.B. King, eg trefte Ed Sullivan i Chicago, og eg såg Elvis Presley i ein rosa Cadillac på Sunset Boulevard. Men så måtte eg heim, for mor hadde vorte alvorleg sjuk. Vel heime fekk eg jobb ved salsavdelinga i SAS, og var dessutan reiseleiar for storkundar. Eg fekk sjå nesten heile verda, og hadde ein fantastisk jobb i SAS, der eg var i nær 40 år. Dei siste åra har eg vore engasjert i sanitetsforeininga i Vestre Slidre, og så jobbar eg litt som støttekontakt i Vang. Elles elskar eg dyr, og vil oppmode alle om å vere snill med dyra. Eg er også oppteken av ungdom. Og dersom eg skal gje dei eit råd, er det å ha ein plan, og ikkje gjere noko gale, for det vil stenge for så mange vegar vidare i livet. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑