Eg har vore ein del av folkemusikkmiljøet i Valdres sidan eg var ei småjente. Det heile tok til då eg var seks år, og byrja å danse jazzballett og gamaldans. På ungdomsskulen dansa eg showdans, eg var med på Folkemusikk Ung sine øvingar, og så byrja eg å danse halling. No er eg med og dansar springar på museet annankvar veke, eg har eit vikariat som lærar i showdans på kulturskulen i Vang, i tillegg til at eg dansar mykje heime. Elles byrja eg å spele munnharpe i 2013, og var med på Landskappleiken både i fjor og i år. Utanom Landskappleiken er eg med på kulturkonsertar, og i år fekk eg ein førespurnad om å vere med på sumarsymfonien. Eg øver på munnharpa når høvet byr seg, noko som vil seie om lag ein time kvar dag. Eg går studiespesialisering på Valdres vidaregåande skule, og planen er å gå Musikkteaterhøyskolen etterpå. Det er fordi eg elskar å stå på scenen og formidle ei historie, og kjenne på den sitrande nerven ein får i møte med publikum. No til våren skal eg vere med på ei framsyning under Ung i Valdres, der eg har fått ei rolle i musikalen Ungkarsfesten, og det gler eg meg til! Då Sol av isfolket hadde framsyning på museet i 2010 og 2011, var eg så heldig å få spele «Sol» som lita, noko som var ei utruleg sterk og intensiv oppleving. Det var med profesjonelle skodespelarar, mellom andre Heidi Ruud Ellingsen, som spelte «Sol» som vaksen. Vi fekk god kontakt, og har framleis litt kontakt i dag, og ho vart – og er enno, det store førebiletet mitt som skodespelar. Det var under Sol av isfolket det heile losna, og det var då eg fann ut at det var skodespelar eg skulle bli. Den store draumen er difor å bli ein så attraktiv skodespelar, at eg kan ha det som leveveg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Far min spelte trekkspel i AskerLadden, og Asle Tronrud spelar fele i Staut. Dei er tremenningar, og når dei møttest på hytta, spelte dei saman. Då stilte eg meg opp saman med dei, og lata som eg var med og spelte. Desse stundene på hytta inspirerte meg til å byrje og spele sjølv, så då eg var fem år gamal tok eg til å øve på fiolin. Eit par år seinare gjekk eg over til hardingfele, som eg har spelt sidan. Eg har vore med på fire landskappleikar der eg konkurrerer i hardingfele klasse C, som er for dei mellom 12-18 år. I fjor vart eg nummer to, eitt poeng bak vinnaren. Klasse A og B er for dei over 18 år, der klasse B er «2. divisjon». Draumen er sjølvsagt at eg kan spele meg opp i klasse A, og vinne den. Elles tok eg imot Drømmestipendet i år, som blir delt ut til 100 unge norske talent kvart år. Vi fekk 10.000 kroner kvar, og det var stor stas å få denne anerkjenninga. Jan Beitohaugen Granli er læraren min, og dessutan eit av førebileta mine. Han har mellom anna vunne hardingfele klasse A under landskappleiken. Eit av råda han har gjett meg, er å spele så mykje til dans som råd, for det er den beste treninga ein kan få. Så når høvet byr seg spelar eg opp til dans, anten åleine eller saman med andre. For tida går eg andre året på vidaregåande skule, der eg tek studiespesialisering. Etter vidaregåande vil eg søkje på folkehøgskulen på Rauland, som er ei landskjend skule med eit stort folkemusikkmiljø. Det er ikkje lett å leve av musikken, for det er mange om beinet. Så kor vegen går etter folkehøgskulen, er ikkje godt å seie. Sjå video av Sindre Tronrud her (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑