Som 18-åring var eg lei av skulen, og flytte til Oslo. Der jobba eg eit par år for eit entreprenørselskap, før eg vart kalla ut til fyrstegongsteneste. Då var eg mykje meir målbevisst og motivert for skule, så eg søkte fleire skular, og kom inn i sjøforsvaret. Det vart to år i Horten, eitt år i Bergen, og to års pliktteneste på ein motortorpedobåt (MTB). Tidlegare hadde eg søkt på flygarskulen, og tankane om å flyge låg heile tida og murra. Så eg las meg opp på alt som hadde med fly å gjere, og det enda med at eg tok sertifikat på privatfly. Noko seinare, i 1982, reiste eg til USA og tok B-sertifikat, som gjev løyve til å flyge kommersielt. Etter kvart byrja eg å flyge for Widerøe, og kort tid etter, i 1988, for SAS. Det vart nokre år med langflyging, og mange fine opplevingar frå alle verdas kantar. Av det eg hugsar best var då eg kom til Tokyo for fyrste gong, og fekk sjå Mount Fuji i klarvêr. Ein grytidleg morgon eit par år seinare besteig eg toppen, og såg sola stå opp i havet. No har eg vore pensjonist sidan 2014, men eg har ikkje fritidsproblem! Eg likar å gå på ski og syklar for CK Valdres, og dei siste åtte-ti åra har eg reist fast på sykkelturar til Thailand og Mallorca. Dessutan er eg med i Bagn Sportskytter-klubb, og på elg- og hjortejakt om hausten. Eg brukar også mykje tid på køyretøya i garasjen. Eg har vore fascinert av bilane av typen Chevrolet Corvette i mange år, og i 1999 kjøpte eg min fyrste; ein 1969 Stingray. Denne vart selt, men eg kjøpte att ein 1976-modell, og så har eg i tillegg ein 2002-modell som eg fekk skilt på i fjor. Eg har også fleire motorsyklar som eg luftar no og då. Elles har eg ingen store planar for framtida, men tek ein dag om senn, og gjer det eg har mest lyst til. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg fekk ein tøff start på livet. Då eg var sju år, vart far min smitta av tuberkulose. Han var ikkje heime grunna smittefaren, og døydde då eg var 17 år. Mor vart òg veldig sjuk – ho fekk giktfeber då eg var 12 år gamal. Eg tok over vaskejobben hennar på Ristetun, og vaska etter skuletid. Vi hadde òg to kyr, ein kalv, gris og høner som eg stelte. Det var ikkje aktuelt å få hjelp frå fattigkassa. Eg var for stolt til det, og ville klare meg sjølv. Mor friskna til, og dei to neste sumrane var eg budeie på Midtre Syndin, og 15 år gamal flytte eg til Maristuen, der eg serverte gjester. Etter eitt år på handelsskulen, jobba eg ved hovudkontoret på Felleskjøpet, der fleire hadde «amerikafeber», noko eg òg fekk. Så eg søkte jobb som au pair i San Diego, og 18 år gamal la eg i veg, med 20 dollar i lomma, og det einaste eg kunne seie var «yes» og «no». Etter ni månader flytte eg til Los Angeles, der eg var i 4 år, og jobba med mellom anna optikk. Eg møtte ei rekkje kjendisar i USA, mellom anna fekk eg sitje på fanget til B.B. King, eg trefte Ed Sullivan i Chicago, og eg såg Elvis Presley i ein rosa Cadillac på Sunset Boulevard. Men så måtte eg heim, for mor hadde vorte alvorleg sjuk. Vel heime fekk eg jobb ved salsavdelinga i SAS, og var dessutan reiseleiar for storkundar. Eg fekk sjå nesten heile verda, og hadde ein fantastisk jobb i SAS, der eg var i nær 40 år. Dei siste åra har eg vore engasjert i sanitetsforeininga i Vestre Slidre, og så jobbar eg litt som støttekontakt i Vang. Elles elskar eg dyr, og vil oppmode alle om å vere snill med dyra. Eg er også oppteken av ungdom. Og dersom eg skal gje dei eit råd, er det å ha ein plan, og ikkje gjere noko gale, for det vil stenge for så mange vegar vidare i livet. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑