Frå eg var lita tok foreldra mine meg ofte med ut på turar, og alle desse fine stundene i naturen har vore med å forme meg til den eg er i dag. For eg lever eit aktivt liv, og har stor glede av jakt og friluftsliv, og er ofte på turar anten på ski, truger eller til fots. Og hundane mine, Tascha og Idefix, er med meg kvar enn eg dreg! Av yrke er eg lærar ved barneskulen på Fagernes, og er hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet. Jobben er intens, og i tillegg til jobb og friluftsaktivitetar trenar eg ein del, og eg har også ansvar for volleyballtreninga i etnedalshallen ein gong i veka. Dessutan har eg kjøpt eit småbruk som eg ynskjer å ruste opp og få noko ut av, og eg har også ein del planar for to gamle stølar oppe i åsen, så det er nok å henge fingrane i! Pappa er skogbrukar, og har skjøtta skogseigedomen vår på beste vis, medan mamma har rydda kilometervis med turstigar, så dei har på kvar sin måte lagt godt til rette for framtidige generasjonar. Eg ynskjer å vidareføre det gode arbeidet dei har gjort, og har eit mål om å få til ulike aktivitetar for born og unge. For bygda har ein stor plass i hjartet mitt, og eg håpar at planane mine kan ende opp med å bli ei lita næring, og at innsatsen kan vere med på å gjere Etnedal meir attraktiv. Så utdanningane mine innan økonomi, personalutvikling og leiing vil nok kome godt med framover, og eg er sikker på at eg også får med meg nyttige erfaringar frå styret i DNT Valdres, der eg nyleg er valt inn. Sidan eg lever eit så aktivt og hektisk liv, set eg ekstra stor pris på dei stille stundene når eg kan slappe av og gjere ingenting. Då likar eg å gå meg ein tur ut i skogen eller åsen, og fyre opp eit bål. Så steikjer eg gjerne mat på bålet, før eg finn fram svartkjelen, og kokar kaffi. Desse augeblikka er gull verdt, og eg veit å nyte dei! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg er fascinert av diagonale bevegelsar. Forsking har vist at det er bra for born å krabbe, og at bevegelsane stimulerer både den venstre og høgre hjernehalvdelen. Sjølv krabbar eg fem minutt kvar morgon. Eg er utdanna yogalærar, og har halde på med yoga i meir enn 40 år. Det å krabbe sakte, samt å meditere, er oppskrifta mi for å møte utfordringane i livet. Eg arrangerer yogakurs, og har også gjeve ut ein cd med støtte frå Øystre Slidre kommune: «Yoga med noko attåt», som inneheld yogaøvingar, og songar. Men hovudyrket mitt har vore som lærar. Ved sida av lærarutdanninga har eg vidareutdanning i rettleiing og leiing, og har vore med som pedagogisk konsulent og tekstforfattar til serien «syng og lær», som er ein serie med songbøker knytt til faga på barneskulen. Når ein brukar song som læremetode, brukar ein båe hjernehalvdelane: Språk og tal i den venstre, og tone og akkord i den høgre. Ved å synge lærestoffet tek ein i bruk større delar av hjernen, og ein kan få songen «på hjernen», slik at ein hugsar lærestoffet betre. For tida øver femte klasse ved Lidar skule på ein «hønseræpp» eg har laga, som etter planen skal spelast inn på «Lydsmia». Eg vonar dette kan føre til at fleire kjøper norske verpehøns i butikkane. Elles har eg fordjupa meg i min bestefar sitt liv og virke. Han jobba som hovudbokhaldar for Felleskjøpet i over 30 år, og teikna og måla på fritida. Han vart også norgesmeister i sjakk i 1922. Eg har fotografert alle teikningane og måleria hans, og har funne ein kopling mellom det han har måla, og songane eg har skrive. Derfor har eg samla fleire av mine songar og hans bilete, noko som skal bli til bokprosjektet: «Å synge for å lære, og å stanse for å være». (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑