Etter handelsskulen jobba eg i klesbutikk i Drammen nokre år, før eg flytte heim, og arbeidde ei kort stund for Brustad i Bagn. Deretter etablerte vi butikken Herreklær på Fagernes i 1979, og litt seinare Skonytt, som eg dreiv fram til 1997. Etter at butikken var avvikla jobba eg eitt år for St. Olaf College i Minnesota, der eg transkriberte gamle brev som var sendt mellom slektningar og vener i USA. Eg fekk nemleg tidleg ein lidenskap for slekts-, lokal- og utvandringshistorie. Den fyrste oppgåva eg gjekk laus på, var å kartleggje mi eige slekt. Så, utpå 1980-talet, skreiv eg inn oppføringar frå kyrkjebøker på data, noko som var ein stor jobb. For det er temmeleg mange som er døypt, konfirmert, gift og gravlagt sidan 1692! Denne digitaliseringa gjer at kyrkjebøkene blir meir tilgjengelege for folk, og det synest eg er viktig. Eg dreiv også med slekts- og bygdebokarbeid. Her var det naturlegvis også mange namn å halde styr på, og tidvis mykje «detektivarbeid» for å finne rett person. Det var uansett takk vere arbeidet med desse prosjekta, at førespurnaden frå USA kom. Då eg kom heim frå USA, takka eg ja til jobb hjå Kampenes Begravelsesbyrå. Det angrar eg ikkje på, for dei siste 20 åra har vore dei mest gjevande åra i livet mitt. Det var litt skummelt i byrjinga, men det gjekk seg fort til. For menneske i sorg kastar maska, og er berre snille og gode. Det er også godt å kjenne at ein betyr noko for nokon andre, dessutan har eg lært mykje om meg sjølv, og har faktisk vorte eit betre menneske. Det var veldig rart å gå av med pensjon i mars, for tida hjå Kampenes har gjort noko med meg. Derfor har eg takka ja til ein del jobbar her også etter at eg gjekk av, og tek elles ein tur innom dei gode kollegaene når høvet byr seg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg vaks opp rett utanfor Sande i Vestfold, og fekk frå småskulealder gå ut på eigenhand, og utforske skog og mark. Dette gjorde sitt til at eg vart tidleg sjølvstendig, og ikkje hadde noko problem med å takle mitt eige nærvære. Og i tida som følgde, sto eg mykje på eigne bein. Fyrst gjekk ferda til Drammen for å gå realskulen, før eg reiste til Chicago som 17-åring, der eg tok eit skuleår. Så budde eg i Bergen i to og eit halvt år før turen gjekk vidare til Tyskland, der eg mellom anna studerte tysk, italiensk og engelsk. Ved sida av språkstudiane jobba eg som tolk, og vart i samband med dette hyra inn som vertinne under OL i München i 1972. Jobben gjekk mellom anna ut på å skaffe transport til VIP´ar og utøvarar samt bidra med tolking, og det var sjølvsagt ei artig erfaring å ha med seg! Men i 1975 ville eg heim, og tok til å søkje jobbar. Eg takka ja til stillinga som tysklærar ved ungdomsskulen i Etnedal, og tenkte at eg ikkje kom til å bli her så lenge. Men så møtte eg han Ola, som seinare vart ektemaken min, og dermed var det gjort. Han Ola var frå gard med kornproduksjon og skogsdrift, men då vi tok over bestemde vi oss for å byrje med mjølkekyr. Vi køyrde i gang att med stølsdrift på Stuveli, der det ikkje hadde vore dyr på minst 20 år, og eg vart budeie om sumaren og lærar elles i året, og det treivst eg veldig godt med! Etterkvart som vi no får litt betre tid, har eg eit ynskje om å bu i Italia ei stund, slik at eg får praktisert språket eg ikkje har brukt aktivt på 45 år. Eg vil gjerne ha med meg han Ola, men han er ganske heimekjær av seg, så eg får sjå om eg får lokka han med! Men eg skal alltids klare meg sjølv, og så lenge eg har tilgang på god jazz, god raudvin og ei god bok, er det ikkje synd på meg! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑