Foreldra mine var ikkje religiøse, og gjekk ikkje i kyrkja anna enn når det var dåp, bryllaup og andre hendingar i familien. Men då eg byrja i tredje klasse vart eg med i speidaren – som var i regi av KFUK–KFUM – og eg byrja å be kveldsbøn kvar kveld. Etter kvart vart eg meir nysgjerrig, og ville finne ut meir. Så kvar kveld låste eg døra til rommet mitt, og las i Det nye testamentet. Og då eg vart med på eit pinsemøte, og fekk ei sterk religiøs omvending, vart min veg til ei fast tru forsegla. Etter gymnaset gjekk eg bibelskule i Trondheim og på Livets Ord i Uppsala, der eg forresten vart litt kjent med Carola, som også var elev her. Bibelstudiane førte til at eg fekk lyst til å lære meir, og etter seks og eit halvt år på meinigheitsfakultetet, vart eg ordinert til prest i 1997. Noko seinare kjøpte vi oss hytte på Vaset, og alle turane hit gjorde at vi fekk smaken på Valdres. Så vi døypte dottera vår i Slidredomen i 2011, og då det vart lyst ut stilling som prest i Vestre Slidre eitt år seinare, fann vi ut at vi skulle gjere valdrisar av oss. Og det har vi ikkje angra på, for her trivst vi utruleg godt! Men livet har ikkje vore like lett heile tida. Eg vart skild for ein del år sidan, noko som skuffa mange rundt meg, og som var eit stort nederlag for meg personleg. Likevel har det kome noko godt ut av det, for eg har vorte rausare og fått ei større forståing for at alle kan gjere feil, så no møter eg menneske som slit på ein betre måte. Utanom jobben likar eg å gå i fjellet. Målet er å gå opp på alle 2000-meterstoppane, og eg er no oppe i vel 130. Etter at vi kom til Valdres har eg byrja å fotografere, og er ein over middels ivrig hobbyfotograf. Det er landskap som helst blir festa til minnebrikka, og flotte motiv er i alle fall ikkje noko mangelvare her omkring! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg vart adoptert bort då eg var baby, og vaks opp på Ljan i Oslo. Adoptivfar min var frå Svenkerud gard i Hallingdal, og alle historiene han fortalde heimanfrå, førte til at eg vart ein bonderomantikar. Og når vi var på familiestølen Valdreslia sør på Golsfjellet, og eg reid vidt ikring på islandshesten som budde på stølen om sumaren, vart nærleiken til dyr og natur djupt rotfesta i meg. Det enda med at eg gifte meg med ein odelsgut, og då vi flytte til garden kunne eg endeleg gjere lidenskapen min til ein jobb, og byrje med hest! På det meste hadde eg 17 hestar, og arrangerte rideleirar og ulike kurs, samstundes med at eg dreiv mitt eige rekneskapskontor. Men då eg og mannen min vart skilt, trudde eg at draumen skulle bli knust. Men sidan han ikkje var så ivrig på å drive garden, selte eg stølen på Golsfjellet, og fekk skrapa saman nok til eit lån for å kjøpe han ut. Det vart veldig hektisk å drive så stort med hest, samstundes som eg skulle skjøtte garden og drive rekneskapskontor, og sidan hesteverksemda ikkje kasta så mykje av seg, trappa eg ned den biten. I staden investerte eg i nye kontor i det uinnreidde loftet på huset, og vigde meir av tida mi på rekneskapskontoret. Likevel er draumen å ein gong få til ein aktiv hestegard att, for det er det som ligg hjartet mitt nærast. Eg har fleire gonger vore døden nær. Mellom anna då eg som småjente vart liggjande bevisstlaus under vatn, og då milten min sprakk etter at eg vart sparka av ein hest. Ein annan gong fekk eg kreft som spreidde seg ut i blodet, og legen trudde eg skulle døy. Men eg vart utskriven ei veke før eg skulle gifte meg, så det vart eit bryllaup fylt av mange ulike kjensler. Derfor har eg lært å setje pris på kvar dag, for livet er skjørt, og ein må gjere det beste ut av den tida ein har. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑