Frå eg var lita tok foreldra mine meg ofte med ut på turar, og alle desse fine stundene i naturen har vore med å forme meg til den eg er i dag. For eg lever eit aktivt liv, og har stor glede av jakt og friluftsliv, og er ofte på turar anten på ski, truger eller til fots. Og hundane mine, Tascha og Idefix, er med meg kvar enn eg dreg! Av yrke er eg lærar ved barneskulen på Fagernes, og er hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet. Jobben er intens, og i tillegg til jobb og friluftsaktivitetar trenar eg ein del, og eg har også ansvar for volleyballtreninga i etnedalshallen ein gong i veka. Dessutan har eg kjøpt eit småbruk som eg ynskjer å ruste opp og få noko ut av, og eg har også ein del planar for to gamle stølar oppe i åsen, så det er nok å henge fingrane i! Pappa er skogbrukar, og har skjøtta skogseigedomen vår på beste vis, medan mamma har rydda kilometervis med turstigar, så dei har på kvar sin måte lagt godt til rette for framtidige generasjonar. Eg ynskjer å vidareføre det gode arbeidet dei har gjort, og har eit mål om å få til ulike aktivitetar for born og unge. For bygda har ein stor plass i hjartet mitt, og eg håpar at planane mine kan ende opp med å bli ei lita næring, og at innsatsen kan vere med på å gjere Etnedal meir attraktiv. Så utdanningane mine innan økonomi, personalutvikling og leiing vil nok kome godt med framover, og eg er sikker på at eg også får med meg nyttige erfaringar frå styret i DNT Valdres, der eg nyleg er valt inn. Sidan eg lever eit så aktivt og hektisk liv, set eg ekstra stor pris på dei stille stundene når eg kan slappe av og gjere ingenting. Då likar eg å gå meg ein tur ut i skogen eller åsen, og fyre opp eit bål. Så steikjer eg gjerne mat på bålet, før eg finn fram svartkjelen, og kokar kaffi. Desse augeblikka er gull verdt, og eg veit å nyte dei! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Foreldra mine hadde gard i Stavedalen, og sidan far min jobba på anlegg, var han mykje borte. Vi borna tok sjølvsagt del i gardsarbeidet, og lærte oss tidleg å arbeide. Besteforeldra mine budde like ved, og eg stakk ofte innom. Bestemor var flink til å fortelje, og det var stor stas å få sitje attmed henne i godstolen, og høyre spennande eventyr og segn. Desse kosestundene er av mine kjæraste barndomsminne, og bidrog også til at eg fekk utvikla ein frodig fantasi. Då eg var vel vaksen tok eg studiekompetanse, og fullførte den treårige bibliotekarutdanninga i Oslo i 2012. Eg jobba samstundes på biblioteket i Bagn, og er stolt av at eg klarte å gjennomførte studiet. No har eg jobba på biblioteket i 30 år, dei siste ti åra som biblioteksjef. Dette er ein fantastisk arbeidsplass, der eg får møte mange hyggelege folk. Når eg ikkje er på jobb likar eg å vere ute i naturen, uansett tid på året. Fotoapparatet er som oftast med, og eg ser motiv over alt! Om hausten elskar eg å gå på bærtur, og eg kan ikkje tenkje meg noko betre enn å kjenne varmen frå sola i nakken, medan eg plukkar store, gule, modne molter. For meg er det rett og slett sjelebot å vere ute i naturen! Eg er også aktiv i lag- og foreiningsarbeid, for hjartet mitt bankar varmt for bygda. Dessutan er eg interessert i historie, og var tidlegare med i historielaget. Eg har forska på slekta mi i mange ledd bakover, og synest det er spennande å få greie på kva dei har drive med, og kvar dei budde. Slekta mi er spreidd over heile landet. Mellom anna er mor mi frå Hamarøy, og eg har teke over hytta som foreldra mine kjøpte ved barndomsheimen hennar. Der oppe har eg både slektningar og vener, og eg er veldig begeistra for naturen i Nord-Norge, så eg tek turen nordover så ofte eg kan! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑