Eg vaks opp på ein gard som éin av 11 sysken. Vi låg fleire på same rom, i eit hus som var gamalt, trongt og kaldt, men vi vart ein samansveisa gjeng som har vore der for kvarandre heile livet. Etter å ha jobba for Per Sælid eit par år i ungdomen, flytte eg til Gjøvik og tok tømrarutdanning. Så avtente eg fyrstegongstenesta, tok meisterbrev i tømrarfaget og flytte til Oslo. Her budde eg i 20 år, og dreiv sjølvstendig som snikkar frå 1968. Men då den eine broren min tipsa meg om ein gard som var til sals, slo eg til og flytte heim. På garden har eg sett opp tre timbrer: To stover og eit stabbur – og ein stor garasje der mellom anna det store vasshjulet utanfor Gjestegården på Fagernes vart laga. Og sidan eg synest at skifer er eit fantastisk materiale, har eg lagt skifertak på stovene, og no står stabburet for tur. Dei fyrste åra etter at vi kjøpte garden pendla eg til Oslo, medan eg rusta opp våningshuset på garden. Og etter at vi flytte heim dreiv eg litt som snikkar, og jobba også deltid som takstmann. Dessutan dreiv eg «BP» i Røn i seks år, og har dei siste 25 åra drive med produksjon av juletre. Eg var også med å starte Vestre Slidre Frp i si tid, og var mellom anna formann i Oppland Frp i to periodar. Elles er eg interessert i hagearbeid, eg likar å gå i skogen og plukke bær, og er ein ivrig fiskar. Dessutan likar vi å reise. Eg må nemne ein tur til USA der vi var innom eit par farmar. På den eine hadde dei 8 000 mjølkekyr, og på den andre var det ein million kyllingar, så det var ikkje akkurat småbrukarar som dreiv der! Men det er byggjeverksemda som har stått hjartet mitt nærast, og det likaste av alt, var då eg i 1976 teikna og bygde nytt hus på garden der eg vaks opp. For endeleg fekk dei gamle eit betre hus, og det å få sjå kor glade og takksame dei vart, er den beste løna eg kunne fått. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg er utdanna byggmeister, og vekependla til Bærum i 15 år, før eg byrja for meg sjølv. Men dei siste fire åra har eg jobba som avdelingsleiar for eigedom i kommunen. Elles er eg med i brannvesenet, og er leiar for Raudekrossen i Bagn, der eg brukar mykje av fritida mi. Ved sida av fyrstegongstenesta, tenestegjorde eg i Kosovo i 15 månader, der oppgåvene var mangfaldige. Vi var over alt der det var bruk for oss, men det var i hovudsak politioppdrag vi vart sette til, som til dømes vaktteneste, husransakingar og vegkontrollar. Det var ei fin tid, som eg er stolt av å ha vore med på. Av interesser, ragar musikk, film og fotball høgst. Favorittlaget er Manchester United, og den største fotballopplevinga var under Solskjær sin testimonialkamp på Old Trafford, med om lag 15 000 nordmenn på tribunen. Og då Jokke – ein av mine og Solskjær sine favorittartistar – runga over høgtalaranlegget, kom det nok ei tåre i augekroken. Medan eg var ute på den siste motorsykkelturen for sesongen – ein oktoberdag i 2005 – vart eg påkøyrt av ein bil då eg var på veg heimatt. Det var ein kraftig smell, der eine foten vart riven tvers av, og eg knekte ein arm. Eit par dagar etter at eg vart innlagd på sjukehuset svikta lungene, og like etter svikta nyrene. Det vart over 20 operasjonar, og eg heldt på å miste livet eit par gonger. Heldigvis berga eg livet, og legane klarte å redde foten min. Og då kan eg leve med at eg kjem til å ha kroniske smerter resten av livet. Med tida har eg lært å tenkje positivt, for eg trur at positive ting skjer med dei som har ei positiv innstilling. Dessutan er det berre ein sjølv som kan gjere noko med det livet ein lever, så det er lita hjelp i å leggje skulda på andre. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑