Tag

Energimontør

Vegar Storsveen, Graneisbygdé, Etnedal, fødd 1975

Etter to år på elektro og vel to år som lærling, var det ikkje råd å få jobb som energimontør, så eg jobba som avløysar fram til eg vart kalla ut i militæret. Etter militæret jobba eg litt med monteringsarbeid utanfor distriktet, men eg treivst ikkje, og byrja som avløysar att. Men endeleg fekk eg eit vikariat hjå VOKKS i år 2000, og vart fast tilsett då vikariatet gjekk ut. Eg likar ikkje å ha mykje folk tett på, så eg flytte frå Bruflat for å få litt meir luft rundt meg, og kjøpte meg gard i 2010. Sidan eg hadde små born då, ville eg ikkje byrje med dyr med ein gong, så det var fyrst i 2017 det vart dyr på garden. Her er no fôringsdyr – nokre oksar og eit par kviger – og eg har planar om å kjøpe fire kviger til. Med jobb, gard og borna Ingvild på 11 år og tvillingane Amund og Magnus på ni, blir det ikkje til at eg sit mykje i ro. Gutane sparkar fotball og går på ski, og dottera mi driv med cheerleading på Leira. Ho skal forresten til NM i slutten av mars, og det gler ho seg sjølvsagt til! Dessutan køyrer vi alle slalåm, så det blir ein del bilkøyring til og frå. Vi har også vore med på landsskyttarstemnet nokre år, og eg og borna vart med som tilskodarar mest for det sosiale. For det er eit godt skyttarmiljø i Etnedal, og mange som tek turen til landsskyttarstemnet kvart år, og som ligg i same området på campingplassen. Etter kvart vart eg med og skaut sjølv, og fekk i fjor 239 poeng i klasse 1. Og det er vel ikkje så verst, sidan eg ikkje skyt anna enn når eg er på landsskyttarstemnet? Framover har eg mål om å få nokre fleire dyr, utvide fjøset og få i hevd att all jorda. Og sidan eg har hjelpsame foreldre i nærleiken, og det er eit godt naboskap i bygda der alle stiller opp for kvarandre, og eg heller ikkje kvir meg for å ta i eit tak sjølv, har eg god von om at planane blir realiserte. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Geir Ståle Bjørnstad, Hagagrendé, Reinli, fødd 1975

Etter to år som energimontørlærling hjå SAE frå 1994, vart eg kalla ut til fyrstegongsteneste. Det var ikkje råd å få jobb som energimontør etter militæret, så eg byrja som elektrikar der eg vaks opp, i Sørskogbygda i Elverum. Men heldigvis ringte dei frå SAE nokre månader seinare og tilbaud meg fast jobb, og eg flytte til Sør-Aurdal for godt. Eg fekk plass på fotballaget til SAFK, som det heitte den gongen, der eg spelte venstre back. Vi hadde dei to beste laga i Valdres då, med eitt lag i tredje divisjon, og eitt i fjerde. Eg spelte for tredje divisjonslaget. Eg slutta i 2003/2004, og prøvde meg på eit comeback i 2005, men korsbandet rauk på fyrste treninga, og dermed var den karrieren over. Men eg har vore fotballtrenar nokre år, for eg har to døtrer på ni og femten som spelar for Bagn. Eldste dottera vår på 17 har ein svært sjeldan diagnose, som eit kombinert team frå Ullevål og Nederland driv og forskar på. Ho sit i rullestol og har ikkje språk, for ho har ein framskriden sjukdom som gjer at ho stadig mistar ferdigheiter. Men no har ho heldigvis fått medisinar som bremsar sjukdomsutviklinga. Det har vore ein kamp om å få sett ei diagnose slik at vi skulle få rettigheitene vi har krav på frå NAV, men det har vorte betre etter kvart. Vi har også fått eit godt tilbod frå kommunen. Kona mi får pleiepengar for å vere heime og ta seg av dottera vår, og byrja i vår å jobbe i ei lita stilling utanfor heimen. Elles har eg sete i styret i Valdres Snøskuterklubb dei siste åra, og eg er ein ivrig elgjeger. Men årets høgdepunkt er å reise på tur med kona, berre eg og ho. Vi kjøper ikkje julegåver til kvarandre, men sparar pengane til denne turen, som helst går til varmare strøk. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2025 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑