Tag

Handverk

Kirsten W. Langedrag, Hølera, fødd 1950

Foreldra mine hadde Svenes camping, og det var stor stas med alle folka som var innom, særleg dei som kom att år etter år, som vi vart ekstra godt kjende med. Då eg var 12 år, vart eg med på Ulnes handballag, der eg var keeper heilt til eg var 47 år gamal. Vi hadde eit godt handballag i mange år, og i 1973 rykka vi opp til 2. divisjon. Heile bygda var sterkt engasjert, og det kokte når vi spelte kampar. Heimekampane måtte vi spele i Golhallen, sidan det ikkje var hall i Valdres. Og ein periode var det endatil køyreforbod på sundagane, og då var vi nøydde til å ta drosje til kampane. Dei siste 15 åra har eg jobba på Bagn skule, og det har vore heilt fantastisk. For eg brenn for dei unge, og har i jobben prøvd å setje meg inn i kva dei er opptekne av så vi har noko å prate om, slik at dei blir sett, og vi kan vere på lag. Vi har sjølve ei dotter og to barnebarn. Dei er busette i Kristiansand, og vi reiser nedover så ofte vi kan, så vi kan vere saman med dei. Elles har eg vore med i ungdomslaget frå 15-årsalderen, eg har drive med neversløyd i 30 år, og eg har vore med i husflidslaget sidan starten. Den siste tida har vi i husflidslaget vore travle med å få alt klart til opninga av julebutikken på Bagnsmoen den 22. november. Her blir det julemarknad frå torsdag til laurdag fram til 15. desember, der vi har mykje bakst og mange flotte handlaga produkt til sals. Det er om lag 60 personar som har levert varer til oss, så her skulle vere noko for alle! Bagnsmoen er no valt til Sør-Aurdal sin 1000-årsstad. Dette var Valdres sin største handelsstad i si tid, med landhandel frå 1880-åra. Bygningen er godt ivareteken, så her får dei besøkjande oppleve den gode gamaldagse stemninga av landhandel, utan noko kjas og mas. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Jan Roger Brenden, Fredtun, Hedalen, fødd 1970

Eg er fødd og oppvaksen rett utanfor Jessheim, men reiste til Hedalen i alle feriar og mange helger, sidan far min og foreldra hans kjem herifrå. Då var vi på mange turar ute i naturen, både på ski og til fots, og eg var også ivrig med fiskestonga. Derfor vart eg tidleg glad i naturen – eg fekk eit nært forhold til Hedalen, og har hatt ein draum om å flytte hit så lenge eg kan hugse. Så eg byrja å sjå etter arbeid her, og vart veldig glad då eg fekk jobb i fabrikken hjå Hedda hytter i 2004, der eg no er fabrikkleiar. På fabrikken produserer vi element, der veggseksjonane blir laga ferdige med vindauge, isolasjon, innvendig  og utvendig panel, så hyttene er raske å sette opp. Utanom arbeidet har eg behalde friluftsinteressa, og er ofte fisketur, eller eg går ein tur i naturen. Om vinteren likar eg å pilke, eller eg tek meg ein skitur. Eg har også eit par turvener; ein Alaska husky som held meg med selskap, og når sonen min er med fyrar vi opp eit bål, for det er med på å gjere turen ekstra triveleg. Eg er interessert i gamalt handverk, og har vore på smikurs dei to siste vintrane. Eg har ei esse, men sidan eg må stå ute på gardsplassen når eg skal smi, vart det ikkje noko smiding no i sumar på grunn av turken. Så det blir nok til at eg set meg opp ei smie. Eg er også interessert  i norrøn mytologi og historie, og var på vikingtreff i Gudvangen no i sumar. Her er det ein vikinglandsby med marknad og sal av handverk og varer med tilknyting til vikingane, så det var artig å sjå. Elles køyrer eg ein 2001-modell Harley Road King med 1450 m³ motor, og har også ein Harley-Davidson Sportster ståande. Den har eg tenkt at kjærasten min skal få køyre berre ho får teke lappen, og då håpar eg at vi får mange fine turar saman. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Hilde Synnøve Husevold, Aurdal, fødd 1963

Heilt frå eg var lita har eg vore kreativ, og gjekk mellom anna teikning/form/farge, og tok 3-årig utdanning som faglærar i forming. Eg har jobba mykje med tekstilar og kostyme, men også med fleire handverk. Dessutan har eg bestandig vore interessert i kunst. Eg er utdanna adjunkt, og underviser i kunst & handverk og språk ved NAUS, ein jobb eg er veldig glad i. Det er fantastisk å få lov til å bidra til at den flotte ungdomen i Valdres får utvikle sine kreative sider. For litt over tre år sidan byrja eg å måle med akryl, og reiste på eit målarkurs i Lisboa. Kurset gav meg så mykje glede og inspirasjon, at eg fekk lyst til å lære handverket skikkeleg. Derfor melde eg meg på fleire kurs, mellom anna eitt med Arne Paus som læremeister. Og til meir eg lærte om klassisk måling, til større lyst fekk eg til å vidareutvikle meg sjølv som målar. Så eg har meldt meg på fleire kurs, mellom anna eitt til sumaren der ein tidlegare elev av Odd Nerdrum er lærar. For skal ein utvikle seg og få sitt eige uttrykk, må ein kunne handverket skikkeleg. Målinga har vorte ein stor del av livet mitt, og eg vil gå inn for å lære meir, og utvikle evnene mine. Her i Valdres er vi omgjevne av verdas flottaste natur, så her er ikkje mangel på motiv! Likevel er draumen å ta eit studieår i Italia, som er den klassiske målarkunsten, og den europeiske kunsthistoria, si vogge. Som type er eg impulsiv, kreativ og litt «smågalen», men eg har beina godt planta på jorda. Eg har gjort mykje av det eg har hatt lyst til i livet, og har gjennomført mange av draumane mine. Eg følgjer hjartet, for eg vil leve medan eg kan, og ikkje ha avtaleboka full av ting eg MÅ gjere. For det finst ingen garantiar i livet, så ein må ta vare på den tida ein har. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2025 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑